Ei rekkje emigrantar frå Volda tok ei anna leid enn den store straumen som gjekk mot vest. Dei drog til Sør-Afrika. Sunnmøringar var sterkt delaktige i denne utvandringa og Volda var eit av områda som hadde den største andelen innanfor Sunnmøre. Andre kommunar som hadde ein liknande andel var Herøy, Ørsta, Sande, Giske og Ålesund.

Den fyrste frå Volda som emigrerte til Sør-Afrika var sannsynlegvis Hans Peter Hanson Høidal (1849-1916) frå Fremstedalen i Høydalen. Han kom dit ned ca. 1875.

Den neste var også høydaling. Det var Ole frå Jakobgarden i Høydalsvikane. Han kom til Durban i 1879 med galeasen “Debora”. Dei 47 deltakarane hadde planar om å skipe ein norsk koloni på nokre øyar nord for Madagaskar, men tiltaket mislukkast. Dei fleste enda opp i Natal-kolonien. Les meir: www.salbu.co.za/debora/

I 1882 kom det eit stort fylgje med sunnmøringar fram til landsbyen Port Shepstone ved Umzimkulu-elva. Her stifta dei eit eige norsk bygdesamfunn som det finst restar av jamvel i dag. Mellom dei som var frå Volda kan me nemne: Peder Brune og sonen Ole, John og Kanutte Lillebø med 4 born, Martha og Anders Bjørkelund med 2 born, Ragnhild og Johannes Løndal med 1 barn, Peder Dahle, Kristian Rødseth, Malene Eidseth og Nikoline Løndal.

Det står meir om alt dette i boka Norsk utvandring til Sør-Afrika. Men det finst sikkert fleire historier der ute som må med i ei utvandrarsoge frå Volda.

Bilde nedanfor: Norwegian Settlers Church, Marburg, Port Shepstone. Inne i denne kyrkja heng det ei minneplate over Peder Lillebø.