Blog Image

Utvandringa frå Volda

Voldautvandring på nett

Utvandringa frå Volda er truleg noko som opptek mange, både i vår eiga kommune og ute i den store verda. Dette er nettstaden som vil vere ein kanal for interesserte. Målet er å samle opplysingar om dei som drog ut. Legg gjerne inn ein kommentar eller skriv e-post til: perolereite@voldautvandring.com

Norsk utvandring til Sør-Afrika

Til Sør-Afrika Posted on Wed, March 02, 2016 10:47:55

Boka Norsk utvandring til Sør-Afrika kan bestillast ved å sende e-post til perolereite@voldautvandring.com
Pris: 300,- kr. + evt. fraktomkostingar (145,- kr. innenlands. Opptil 3 bøker)

Dette er oversiktsverket over den norske utvandringa til Sør-Afrika. Det er ei omfattande og særs spennande historie.
Visste du at det kom nordmenn til Sør-Afrika allereie på 1600-talet og at dei var med på å kolonisere Kapplandet? Har du høyrt om Hans Schreuder som kurerte kong Mpande og gjorde det mogeleg for nordmenn å etablere seg i Zululand? Eller kva med Debora-ekspedisjonen som ville skipe ein norsk koloni på nokre øyar nord for Madagaskar? I boka Norsk utvandring til Sør-Afrika får du møte dei og mange fleire. Her er historia om Marburgsettlementet ved Port Shepstone som vart stifta i 1882. Her får du lese om norske eventyrarar på jakt etter gull og diamantar i Kimberley og Johannesburg. Ei oversikt over norske deltakarar i boerkrigen høyrer også med i dette bokverket. Nordmenn kjempa på begge sider i denne krigen. Her er dessutan eit eige kapittel om korleis nordmenn dreiv kvalfangst ut for Durban, om familien Thesen sin suksess i kystbyen Knysna, og om norsk-afrikanarar sin innsats i verdskrigane. Boka høver for alle som er interesseret i utvandrarhistorie, sjøfartshistorie, krigshistorie, misjonshistorie og historie generelt og har ei mengde fotografi som aldri tidlegare er publisert.

Medieomtale:

Jarle Simensen, professor UiO i intervju med NRK P2: Boka er meget grundig, men også festlig framstilt.

Illustrert Vitenskap Historie: Boken er det hittil mest omfattende verket om norsk utvandring til Sør-Afrika.

Militær Historie: En svært interessant bok…….med mange gode bilder og spennende fakta

Slekt og Data DIS Norge: Slektsforskere med slekt blant utvandrere vil finne mye interessant stoff.

Sunnmørsposten: Det er eit imponerande kjeldemateriale Reite har vore igjennom, og det er ein bauta over den norske utvandringa til Sør-Afrika han her har reist.

Møre-Nytt: Praktbok om nordmenn i Sør-Afrika……fyldig, rikt illustrert og fin grafikk.

Norsk utvandring til Sør-Afrika, 276 sider, “A4”-format, innbunde med stive permar.



Voldingar og andre nordmenn i Sør-Afrika

Til Sør-Afrika Posted on Mon, October 01, 2012 21:06:47

Medan me ventar på ei eiga utvandrarhistorie for Volda kan me tilby eit historieverk der mange utvandrarar frå Volda er nemnt. Boka kom ut i 2008, men det er framleis nokre eksemplar att.

Visste du at det kom nordmenn til Sør-Afrika allereie på 1600-talet og at dei var med på å kolonisere Kapplandet. Har du høyrt om Hans Schreuder som kurerte kong Mpande og gjorde det mogeleg for nordmenn å etablere seg i Zululand. Eller kva med Debora-ekspedisjonen som ville skipe ein norsk koloni på nokre øyar nord for Madagaskar. I boka Norsk utvandring til Sør-Afrika får du møte dei og mange fleire. Her er historia om Marburgsettlementet ved Port Shepstone som vart stifta i 1882. Her får du lese om norske eventyrarar på jakt etter gull og diamantar i Kimberley og Johannesburg. Ei oversikt over norske deltakarar i boerkrigen høyrer også med i dette bokverket. Fleire av desse var frå Volda, Ørsta, Herøy, Sande og mange andre stader på Sunnmøre og dei kjempa på begge sider. Her er dessutan eit eige kapittel om korleis nordmenn dreiv kvalfangst ut for Durban, om familien Thesen sin suksesss i kystbyen Knysna, og om norsk-afrikanarar sin innsats i verdskrigane. Boka høver for alle som er interesseret i utvandrarhistorie, sjøfartshistorie, krigshistorie, misjonshistorie og historie generelt og har ei mengde fotografi som aldri tidlegare er publisert.

Ved bestilling på denne sida får du dessutan eit oppdatert vedlegg.

Medieomtale:

Jarle Simensen, professor UiO i intervju med NRK P2: Boka er meget grundig, men også festlig framstilt.

Illustrert Vitenskap Historie: Boken er det hittil mest omfattende verket om norsk utvandring til Sør-Afrika.

Militær Historie: En svært interessant bok…….med mange gode bilder og spennende fakta

Slekt og Data DIS Norge: Slektsforskere med slekt blant utvandrere vil finne mye interessant stoff.

Sunnmørsposten: Det er eit imponerande kjeldemateriale Reite har vore igjennom, og det er ein bauta over den norske utvandringa til Sør-Afrika han her har reist.

Møre-Nytt: Praktbok om nordmenn i Sør-Afrika……fyldig, rikt illustrert og fin grafikk.

Norsk utvandring til Sør-Afrika, 276 sider, “A4”-format, innbunde med stive permar.

No kun 300,- kr. + 100,- kr. frakt/porto i Norge.

To rest of the world 500,- NOK included shipping.

Boka kan bestillast frå/Order book from:

perolereite@voldautvandring.com



Voldingar i Sør-Afrika

Til Sør-Afrika Posted on Wed, November 24, 2010 22:44:40

Ei rekkje emigrantar frå Volda tok ei anna leid enn den store straumen som gjekk mot vest. Dei drog til Sør-Afrika. Sunnmøringar var sterkt delaktige i denne utvandringa og Volda var eit av områda som hadde den største andelen innanfor Sunnmøre. Andre kommunar som hadde ein liknande andel var Herøy, Ørsta, Sande, Giske og Ålesund.

Den fyrste frå Volda som emigrerte til Sør-Afrika var sannsynlegvis Hans Peter Hanson Høidal (1849-1916) frå Fremstedalen i Høydalen. Han kom dit ned ca. 1875.

Den neste var også høydaling. Det var Ole frå Jakobgarden i Høydalsvikane. Han kom til Durban i 1879 med galeasen “Debora”. Dei 47 deltakarane hadde planar om å skipe ein norsk koloni på nokre øyar nord for Madagaskar, men tiltaket mislukkast. Dei fleste enda opp i Natal-kolonien. Les meir: www.salbu.co.za/debora/

I 1882 kom det eit stort fylgje med sunnmøringar fram til landsbyen Port Shepstone ved Umzimkulu-elva. Her stifta dei eit eige norsk bygdesamfunn som det finst restar av jamvel i dag. Mellom dei som var frå Volda kan me nemne: Peder Brune og sonen Ole, John og Kanutte Lillebø med 4 born, Martha og Anders Bjørkelund med 2 born, Ragnhild og Johannes Løndal med 1 barn, Peder Dahle, Kristian Rødseth, Malene Eidseth og Nikoline Løndal.

Det står meir om alt dette i boka Norsk utvandring til Sør-Afrika. Men det finst sikkert fleire historier der ute som må med i ei utvandrarsoge frå Volda.

Bilde nedanfor: Norwegian Settlers Church, Marburg, Port Shepstone. Inne i denne kyrkja heng det ei minneplate over Peder Lillebø.