Blog Image

Utvandringa frå Volda

Voldautvandring på nett

Utvandringa frå Volda er truleg noko som opptek mange, både i vår eiga kommune og ute i den store verda. Dette er nettstaden som vil vere ein kanal for interesserte. Målet er å samle opplysingar om dei som drog ut. Legg gjerne inn ein kommentar eller skriv e-post til: perolereite@voldautvandring.com

UTVANDRA FRÅ VELSVIKA

Frå Velsvika Posted on Sun, December 06, 2020 15:59:51

Utvandra frå Velsvika inkludert Koppen og Høystøylen.

Frå Hauane

Kristoffer Johannes [Oleson] (28.5.1870-?), reiste til Amerika, s. 39, Busetnadsoga for Volda, bd. 1 Dalsfjorden (BSVD).
Folketeljing i Norge 1875 DigArk: Kristoffer Olsen f. 1870 ugift, Dattersønn, oppholder seg midlertidig hos besteforeldrene i Jogarden, Espenakken.
Eigne notat: Forklaringa på at han var hos besteforeldra kan vere at foreldra hadde det vanskeleg. Dei fekk m.a eit barn som var dødfødd 19.4.1875.
Folketeljing i USA 1910 (telt i april): Christoffer Olsen 39 år, sjømann handelsskip, gift med Caroline (norskfødd). Dei har vore gifte i 11 år og har fått 5 born der 4 er i live: Orlando C. 9 år, Clifford C 7 år, Hester 5 år, Russell 5 mnd.. Alle borna er fødde i California. Dei eig husværet her i Brooklyn Township, Oakland City, Alamada County, California. Christoffer kom til USA i 1890 og er statsborgar. Det er få nordmenn i området. Usikkert om dette er vår mann, men mykje tyder på det. Fødselsår stemmer.
Folketeljing i USA 1920 (telt januar): Christopher Olson 49 år, enkemann, styrmann steam cargo ship. Han har borna Orlando 19 år, seljar kle detaljhandel, Clifford 17, filing clerc [arkivar] Rail road store office, Hester [dotter]15, Russel 10, Lillian 8, Agnes 7. Dei eig husværet fritt her i East 17th Street, Brooklyn Township, Oakland City, Alameda County, California. Han kom til USA 1896, men det er ikkje kjent kva tid han fekk statsborgarskap.
Folketeljing USA 1930: Charles J Sr. Olsen 60 år, seljar. Han er oppført med anna namn og yrke her, men borna er dei same. Dei eig husværet her i Brooklyn Township, Oakland, Alamada California. Husværet har ein verdi på 6000 $. Han kom til USA 1895 står det her.
California Passanger and Crew List 1942: Christoffer J Olsen, 71 år, 2. Styrmann [3. Mate]. Christoffer har vore sjømann i 50 år. Høgde: 5’11’’. Tatovert høgre arm. Han mønstra på “Jane Christenson” 21.11.1941. Dei drog frå Brisbane, Australia og Sydney og Wellington NZ. Dei kom fram til San Francisco 14. mars 1942. Det er fleire skandinavar ombord.
Det kan sjå ut som at Christoffer J. Olsen fekk statsborgarskap i 8. nov. 1897 i California.
Folketeljing USA 1940: Christopher Olsen, enkemann, 70 år, samt sonen Clifford James 37 år og Lillian 28 år. Christopehr er sjømann, freight. Dei bur i 29. avenue, Oakland, Alameda, California. Dei budde på same plassen i 1935. Christopher eig husveret verd 3500 $.
California Death Index: Christoffer Johanes Olsen f. 28.5.1870, d. 14. Okt. 1957 i San Francisco. Mor sitt fødenamn: Espenak. Far sitt fødenamn: Velsvick.
WW1 Draft Reg Card 1918: Orlando Clark Olsen f. 25. April 1900.

Matias Johannes O. Velsvik (16.8.1878-15.6.1961), busett Vidnes, Vanylven med familie, side 39 BSVD.
EÅDigArk: 26.5.1903 reiste Matias Olsen Velsvig, 23 år , ugift, steinarbeidar, frå Volda, med Americanlinjen til California. Udv. tillatelse. Billett: Prepaid [Stemme ikkje heilt med alder her, men det kan vere ein transkribsjonsfeil]
NYPL 1909: Matias Olsen Velsvik, 30 år må ha vore i Amerika ei tid for han er oppført på ei passasjerliste over dei som reiste med SS ”Celtic” frå Liverpool 26.3.1909. Framkomen til New York 4.4.1909. Han reiste saman med Rasmus S. Koppen (sjå nedanfor). Reisemål er New York. Dei skal møte pastor E. Peterson i 8 State Street, Sjømannsmisjonen (?). Matias har vore i California tidlegare 1903-1908. Det er stempla ”Non Immigrant Alien” ved rubrikken ”Last pemanent residence”. Det var mange sunnmøringar som reiste med denne båten. Kjelde New York Passenger Lists 1820-1957, Ancestry.com.
I fylgje Emigranter over Ålesund 1878-1930, DigArk: 18. mars 1909 reiste Matias Johannes Olsen Velsvik f. 1878 med Hvide [linjen]. Reisemål: New York. Yrke: Snedker. Årsak: reiselyst. Merknad: Utv. till. Billett Nei. Medreisande: Rasmus Kristoffer S. Koppen og Per Gustav O. Velsvik til New York. Lars Peder Andersen Lyngnæs og Johannes Andreas Rasmussen med Hvite Line til Washington. Same dato reiste også fleire andre voldingar med Allan Line: Knut Olai Andreas Lieskar, Knut Knutsen, Johan Britanus Johnsen, Per Mathias D. Strømme, Lina M. Høidal og Knut Martinus P. Løndal. Sjå detaljar på emigrantar over Ålesund frå Volden i det aktuelle tidsrom.

Ole Kristoffer Velsvik (11.5.1904-3.11.1970), gift med Grace Ree, skilde, busett Seattle, WA, s. 40 BSVD.
Ole reiste med ”Bergensfjord” frå Bergen 24.2.1923 og kom fram til New York 6.3.1923. Yrke: fiskar. Reisemål: Seattle WA. Han skulle besøke venen Anders Thorvik i Seattle. Opplysingar som hos Per Sundnes nedanfor.(Kjelde: New York Passenger List (NYPL), 1820-1957 Ancestry.com)
EÅDigArk: 14. februar 1923 reiste Ole Kristoffer Jakobsen Velsvik, f. 1904, fiskar, ugift, frå Volda, med N.A.L til Washington USA. 16 feb. reiste Ole Kristoffer Jakobsen Velsvik også til Washington med NAL.
USA Declaration of Intention [intensjonserklæring om statsborgarskap I USA]: Ole Chr. Velsvik, 21 år, f. Aalesund 11. mars 1904, fiskar. Han kom til USA med ”Bergensfjord”. Han er på dette tidspunkt busett, i 3933 California, Seattle, Wash. Underteikna 15. sept.1925.

Sundnesgarden

Per Sundnes (2.1.1906-28.11.1989), gift 1938 med Ingebjørg Oline Aasevik (22.5.1909-?) frå Knardalen i Rovde, reiste til Amerika 1946, busett Seattle, WA. Per arbeidde på fiskebåt, s. 41 BSVD.
EÅDigArk: 16.2.1923 reiste Per Olsen Sundnes f. 1906. Han var då ugift og hadde yrke som fiskar. Han skulle reise med N.A.L. Reisemål var Washigton USA. Eit par dagar før (14.feb.) reiste også Ole Kristoffer Jakobsen Velsvik, ugift, fiskar. Skulle reise med N.A.L. Reisemål Washington USA. Sannsynlegvis har begge reist med ”Bergensfjord”.

New York Passanger Lists, A.c.: Per O Sundnes, ugift, fiskar reiste med Bergensfjord 24. Februar 1923, framme i New York 6. mars 1923. Reisemål: Seattle Washington. Det står oppført at han er 17 år, men han er vel berre vel 16. Han skal besøke venen Anders Thorvik 5933 ”California”, Seattle, Washington. Han har betalt billetten sjølv. Han har tenkt å vere i Amerika for alltid.
USA Declaration of Intention: Per Olsen Sundnes, 19 år, f. i Volda 2. jan 1906, fiskar. Han kom til New York med “Bergensfjord” 6. Mars 1923. Underteikna 28. Sept 1925. På dette tidspunkt busett I 2933 California Ave., Seattle, Washington.
Washington Death Index: Per Sundnes døde 26. Nov. 1988, 82 år, i Seattle.
Social Security Death Index: Pete O Sundnes, f. 2. Jan 1906, d 26. Nov. 1988. Siste adresse 98116 Seattle, King, Washington. Utifrå dette kan ein fastslå at Per Sundnes har sitt alter ego i Pete O. Sundnes.
NYPL A.c.: Pete O. Sundnes, 31 år, single, Pass utskrive i Washington D.C.. 15. Nov 1936, reiste med “Oslofjord” frå Oslo 16. feb 1937, framme i New York 26. feb. 1937. Adresse i USA: Seamans Home, Ketchikan, Alaska.
NYPL, A.c: Pete O. Sundnes, 33 år, gift, statsborgarskap innvilga Ketchikan, Alaska 18. mars 1932, reiste frå Bergen med ”Bergensfjord” 10. februar 1939, framme i New York 19. februar 1939. Han har adresse i USA på Seamans Home, Ketchikan Alaska.
NYPL, A.c: Pete Sundnes, 40 år, gift, statsborgar i USA, pass utskrive i Washington D.C. 16. okt. 1945, reiste med ”Stavangerfjord” frå Oslo 29. juni 1946, framme i New York 10. juli 1946. Medreisande var kona Bjørg Sundnes 37 år og sonen Harald, 6 år. Sonen er registrert som statsborgar i USA. Han er innskrive i passet til far sin. Dei skal til 5933 California Ave., Seattle Wash.
NYPL, A.c: Pete Sundnes, 46 år, gift, USA statsborgar, reiste med ”Stavangerfjord” frå Oslo 3. mai 1952, framme i New York 13. mai 1952. Medreisande er kona Bjørg 43 år, samt borna, Harald 13 år, f. Norge, Karen 5 år, f. Wash., Ruth 4 år, f. Wash. Borna er USA statsborgarar, men ikkje Bjørg.
Social Security Death Index: Bjorg O. Sundnes f. 22. mai 1909 d. 7. juni 2008, i Seattle. Siste bustad: 98136, Seattle, King, Wash.
US Public Record Index, 1982: Pete O. Sundnes, f. 2. Jan 1906, budde i 5933 California Ave. i Seattle i 1982.
US Public Record Index: Bjorg Sundnes f. 22. Mai 1909 har budd I 6031 Beach Dr SW, Seattle, WA. Årstal ikkje registrert.
Samtale med Jakob Koppen, feb. 2012: Pete Sundnes kom heim ein tur før krigen. Han gifta seg med Bjørg (Ingebjørg) Aasevik i 1938. Meininga var at ho skulle kome etter, saman med sonen Harald, men så kom krigen og det var uråd å kome seg over Atlanteren. Ho vart difor verande i Sundnesgarden til krigen var slutt.

I’ve lived a charmed life by Pete (Per) Olsen Sundnes 2. Jan 1906-26. Nov 1988
Told by Pete Sundnes and written by Ruthi Sundnes Winter: sjølvbiografi.

Ingebjørg [Bjørg]Oline Aasevik g. Sundnes f. 22.5.1909, frå Knardalen på Rovde gift med Per Sundnes 1938(sjå ovf). Reiste til Amerika 1946 (BSVD s. 41). Ho budde i Sundnesgarden under krigen saman med sonen Harald og svigerforeldra.

Harald Sundnes, son til Pete og Bjørg Sundnes, reiste med dei til USA. Han jobba på Boeing fabrikken i Seattle. Han var muligens fødd 10. april 1939. Harold O Sundnes budde i 3504 S 293 Rd PI, Auburn, Washington. Dette frå Ancestry

Ottagarden
Kristoffer Laurits [Ottarson] (10.7.1882-?), reiste ut til sjøs og ein veit ikkje meir om han.
Samtale med Svein Velsvik: Han for til Amerika. Han vart ettersøkt gjennom Frelsesarmeen, men det lukkast ikkje å finne han.

Peder Gustav [Ottarson] Velsvik (12.6.1890-20.4.1974) (side 44 BSVD). Busett her
Peder Gustav O. Velsvik, 18 år, farmar, frå Volda reiste med S.S. Celtic frå Liverpool 26. mars 1909. Framme i New York 4. april 1909. Reisemålet var New York. Han skal møte pastor E. Petersen i 8 State Street. Billett betalt sjølv (Kjelde: NYPL 1820-1957 Ancestry.com)
I fylgje Emigranter over Ålesund 1878-1930, DA, reiste Per Gustav Ottosen Velsvik, f. 1891 18. mars 1909 med Hvide linjen. Yrke: smed. Medreisande: Rasmus S. Koppen og Mathias O. Velsvik med fleire. Sjå under Matias Johannes Olsen Velsvik.
Samtale med Svein Velsvik: Han var også på Redwood-logging i California og han var i nærleiken av Chicago og var med på bygging av demning. Under felling av tre var det fem mann i kvart lag. Ein mann som kvilte og to på kvar side av saga.

Sjurgarden

Sjur Gustav Velsvik (9.6.1884), frå Sjurgarden, flytte til Halkjelsvik , s. 47 BSVD
Sjur f. 1884 gift med Ragnhild Johannesd. Jøsok. (DS. s. 319)
Sjur Gustaf Johnsen Velsvik, 26 år reiste med SS Celtic frå Liverpool 29.4.1911, framme i New York 8.5.1911. Yrke: arbeidar. Reisemål: Seattle, WA. Han skal møte far, Jakob Pedersen [opplysing feil? Far hans Jon Sjurss. døde 1897. Kan mora ha gifta seg opp igjen?], West Dawson Ave, Seattle. Næraste pårørande i Norge: Ingeborg Velsvik. Medreisande: Rasmus Elias Rasmussen Lillebø, 16 år. Begge karane er blonde og har blå auge.(kjelde: NYPL 1820-1957 Ancestry.com.)
I fylgje EÅ 1878-1930: Reisedato 24. april 1911. Yrke gaardsarbeider. Linje: Hvite Stjerne. Reisemål: Seattle USA. Meknad : Utv. att. Krigssk. Medreisande: Rasmus Elias R. Lillebø f.1895.
USA Declaration of Intention 1921: Gustav Johnsen Velsvik, 36 år, fiskar, f. 9. Juni 1884 i Velsvik, ugift, busett 4935 Bruce Street, Seattle, Wash. Mørkt hår, blå auge. Underteikna 31. mars 1931.
NYPL, 1928, AC: Gustav Johnsen Velsvik, 43 år, gift, fiskar reiste frå Bergen 14. juli 1928 med ”Bergensfjord” framme i New York 24. juli 1928. Siste opphald i USA i Seattle, Wash. Fekk visa i Washington D.C. 15 nov. 1927. Næraste pårørande i landet han drog frå, var mora Ingeborg Velsvik. Han skal til Seattle. Han har sjølv betalt for reisa. Han har tidlegare vore i USA 1911-1927 i staten Washington. Han skal møte venen M. Thorswick, 5933 N. California Av., Seattle, Wash. Han har tenkt å opphalde seg i USA for alltid. Han har grått hår, blå auge.
Folketeljing 1930, A.c.: Gustav J. Velsvik, 46 år, fiskar, gift sidan han var 44 år, busett i Block 7797, California Ave som ”boarder”. Kom til USA 1911. Har søkt om statsborgarskap.

Rasmus Johannes Velsvik (10.4.1887-ca.1954) frå Sjurgarden, reiste til Amerika, gift med Sofie Madland,( s. 47 BSVD).
ETrh.DigArk: 21.09.1903 reiste Rasmus J. Johns. Welsvik f. 1887, ugift, arbeidar, frå Volden Søndmør, skal til Menomonie Mich. Med Scandinavien via Xania. Bill bet. i Trondheim.
NYPL 1903: Rasmus J. Velsvik, 16 år 5mnd, ugift arbeidar, reiste frå Kristiania 24. sept. 1903 med ”Oscar II”, framme i New York 6. oktober 1903. Han har betalt billett sjølv. Han skal til onkel Mr. John Martinussen i (…?) Kirly and 1st St. Minomive (?), Mich.
Folketeljing i USA 1920: Ray Johnson, ugift, 32 år ved førre gebursdag, folketeljinga gjort 10. jan 1920 i , East Eight Street, Sioux Falls, Minehaha, South Dakota. Han er norsk. Han er maskinist i butikk. Han ”arbeide for eiga rekning” (Working on own acount) Han leige rom med familien Marion og Flora Hill. Usikkert om dette er vår mann. Det kan stemme med aldereren, men opplysingane om giftarmål nedanfor stemmer ikkje heilt med alder.
NYPL, 1921: Sofie Madland, 23 år, singel, frå Lyngdal, reiste frå Kristiania 29 juli 1921 med ”Stavangerfjord”, framme i New York 9. august 1921. Ho har betalt billetten sjølv.Far: Jakob Madland, Lyngdal per Mandal. Ho skal treffe broren Hjalmar Madland i Larsen Wisconsin. Ho har tenkt å vere i USA permanent. Ho har blondt hår og blå auge. Høgd 5 fot og 5 tomar.
Gifte i Sør Dakota, South Dakota State Board of Health, Division of vital statistics, Records of Marriage: Roy Johnson 35 år og Sophie Madland 26 år gifte seg 18. September 1924 i Lutheran Church, Sioux Falls, Minehaha. Ingen har vore gifte tidlegare. Dei bur i Sioux Falls. Alderen til Roy stemmer ikkje heilt med Rasmus sitt fødeår.
NYPL 1928: Ray Johnson 41 år, gift, statborgarskap innvilga i Minehaha Co, Sioux Falls. Adresse i USA: 1114 W, 22nd Street, Sioux Falls, S. Dak. Han reiste med ”Bergensfjord” frå Oslo 23. feb. 1928, framme i New York 4. mars 1928
Folketeljing i USA 1930: Roy T.( eller J.) Johnson, 41 år gift med Sophia Johnson. Han var 35 år når dei gifta seg, ho var 26 år. Han kom til USA i 1902, ho i 1921. Dei er USA statsborgarar. Det ser ut for at yrkestittelen hans er maskinist og at han har ein bilverkstad som han eig. Han er veteran frå WWI. Dei har sonen Roy J. 3 år og 10 mnd, f. i South Dakota. Dei bur i 3rd Ave, Sioux Falls, Minehaha, South Dakota. Dei leige husværet.
California Death Index: Sophie Johnson [f. Madland?] f. 22. Feb 1898, d. 1. Des. 1984 i San Bernardino. Far sitt namn: Madland, mor sitt namn pikenamn: Jakobs.
US Veterans Gravsites: Roy Johnson f. 10. April 1887, d. 15.feb 1954, gravlagd 17. Feb 1954. Ft Rosecrans National Cemetery, San Diego, California. Sevice info: Cook US Army WWI , service start 25. Feb 1918.

Rasmusgarden, Velsvik

Paul Andreas Sigvald R. Velsvik (26.4.1882-?), reiste til Amerika, s.51 BSVD.
I fylgje emigrantar over Ålesund 1878-1930 Digitalarkivet reiste Paul R. Velsvik, f. 1882, 30. mars 1905 til De Forenede stater. Yrke: tømmermand. Status: ugift. Årsak: Haab om bedre fortjeneste. Merknad: Ubest. Udvandrertilladelse. Medreisande Sivert L. Koppen, Kristoffer A. Korsfur samt Kristine Nordal med 4 born.
Border Crossings from Canada to USA, 1905: Paul Velsvik, 23 år, single, snikkar, reiste med SS “Virginian” frå Liverpool 6. april 1905, framme i Halifax 14. april 1905. Medresiande er Kristoffer Korsfur og Sivert Koppen. Dei har mellom 12 og 14 $. Dei har betalt billetten sjølve. Dei skal til San Francisco, California der dei skal møte ein Che(?) Larson i Sacramento Str, San Francisco. Slik som det er oppført er han bror til Velsvik og ”cousin” til Korsfur, Koppen skal treffe venen John Andersen. Eg trur dette er feil oppført. Eg har ein mistanke om at denne Larson kan vere bror til Sivert Koppen, Kristoffer Larsson. Faren heitte nemleg Lars (BSVD s. 58). Dei kryssa kanskje grensa til USA ved St Albans, Vermont.

Sivertgarden, Koppen

Torkjel Johannes Sivertsen (13.8.1838-?), gift med Tora Martinsd. Brudevoll frå Ålesund (13.3.1846-27.3.1889), Busett Fosnavåg i Herøy, dei reiste til Amerika 1885, s.57 BSVD.
BjRHBBS21973: Dottera Marta Brudevold Sivertsen 1871- , utvandra 1890. Faren Torkjel Johs Sivertsen 1840- står det ikkje utvandrarår på. Heller ikkje reisemål.
EBDigArk: 1. aug 1890 reiste Martha Brudevold Sivertsen, 20 år, f. 1870 Herøy, bustad Volden, ugift HandelsmandsDr. Det var fleire frå Volda som reiste denne dagen.
BjRHBGF2 s. 272: Fosnavåg Øvre, Torkelsplass Bnr. 23. 1865-1885, Torkel Johs. Sivertsen, Koppen, Dalsfjordn(1840-) g. Tora Brudevold, Ålesund (1847-27.3.1889).

Sivert Johannes Larsen Koppen (17.9.1866-14.7.1954) busett Sivertgarden, var i Amerika i periodar. (BSVD s. 59).
30. mars 1905 reiste Sivert L. Koppen f. 1866, gaardbruger, status: gift, Reisemål: til De Forenede Stater Med Håb om bedre fortjeneste. Ubest. Udv. Tilladelse. Billett: nei. Medreisande frå Volda: Kristoffer Korsfur, Paul R. Velsvik samt Kristine Nordal med 4 born (EÅ 1878-1930 DigArk).
BordCrossCanUSA,1905: Sivert Koppen, 39 år, gift, arbeidar, skal til San Francisco, der han skal treffe broren Chr. Larson. Han reiste frå Liverpool 6. april 1905 med ”Virginian”, framme i New York 14. april 1905. Medreisande var Paul Velsvik og Kristoffer Korsfur. Sjå opplysingar elles, under Paul Velsvik frå Rasmusgarden, Velsvik.
22. juni 1912 reiste Sivert Larsen Koppen, f. 1867, gift, gaardbruger frå Volda med Hvide [linje]. Reisemål: San Francisco. Same dato reiste også Sivert Johannes Olsen Lid f. 1883 og Elias Johannes Larsen Lied f. 1887 til Vancouver med Canadian. (EÅ DigArk).
NYPL 1912: Severt Johannes Koppen Larsen, 45 år, farmar, gift m. Karine Koppen, frå Volden. Han reiste med SS ”Cedric” frå Liverpool 21. juni 1912, framme i New York 6. juli 1912. Han skal til San Francisco. Han skal treffe broren Chr Larsen, 54 Sacramento St., San Francisco, Cal. Dette er sannsynlegvis broren Kristoffer Laurits Larsen Koppen. Han har tidlegare vore I California. Kanskje frå 1905-1908, i 3-4 år. Vanskeleg å tyde handskrifta her.
23. mai 1924 reiste Sivert Johs. Larsen Koppen, gift gardbrukar, 58 år med Cunard III. Årsak: Tene pengar. Nytt yrke Banearb. Reisemål: Prince Rupert B.C. (EB 1874-1930 DigArk)
Samtale med Svein Velsvik: Sivert Larsen var ein ”blåsar”. Likte å ta seg nokre drammar. For med båt til Volda og fekk tak i noko brennevin av litt tvilsam fabrikat. Han la til på Telset med båten og skulle gå Telsetbakkane over til Koppen. Han kom ikkje heim som venta, og folk gjekk manngard for å finne han. Då dei fann han skal han ha sagt: Hils Karine Koppen og si at Seth Larsen dør salig.
Samtale med Jakob Koppen: Ein sommar Sivert Larsen var heime, det var under slåtten, skal han brått ha sagt: ”Vi Koppe-karane har alltid vore eit farende folk, No fer eg til Amerika”. Og så hadde han sett riveskaftet i jorda.
Samtale med Solveig Moen (barnebarn): Han likte godt å snakke engelsk når han var heime. Ikkje så mange å snakke med. Men Dorothy i Ottagarden snakka han ein del med. Han var mykje i skogen der borte

Kristoffer Laurits [Larson](10.5.1871-1920), skipskaptein døde i Amerika, s. 58 BSVD.
Folketeljing USA 1910: Christopher L. Larson, 39 år, singel, norsk, immigrerte 1891, statborgar USA, sjømann på handelsskip. Han bur i San Francisco Assembly District 28, SF, Cal.
US Passport Application 1921: Christopher L. Larson, f. 10. Mai 1871 (far sitt namn: Lars Sivertsu Larson, no død). Christopher kom til USA frå Berlin, Tyskland, omtrent januar 1893. Han har budd 24 år frå 1893-1921 i San Francisco. Han fekk statsborgarskap 23. nov 1909 i San. Franc. Han bur no i New Orleans, Louisiana. Han er sjømann. Han skal utanlands, til Colombia for å ”look over Mining Conditions” Underteikna 4. april 1921. Brunt hår, blå auge. Adresse som passet skal sendast til: Christopher L. Larson, Neptune Association, Godchaux Bldg, New Orleans, La. Det er bilde av han på søknaden.
Samtale med Solveig Moen: Solveig meiner han var kaptein på ein båt. Det kom eingong sjørøvarar og han vart drept. Solveig har eit syskjenbarn på Rovde, Jon Rovde som kanskje veit meir.

Lars Matias (4.2.1882-10.2.1922), utesiglar, døde i Amerika, s.58 BSVD.

Lars Olai (11.3.1889-11.3.1979), var i Amerika ei tid. Busett Rovde. S.58 BSVD.
31. mars 1910 reiste Lars Olai Sivertsen Koppen, ugift steinarbeidar med reisemål California USA. Merknad: Rodeseddel. Billett: Nei (EÅ DigArk)

Rasmus Kristoffer Koppen (22.1.1891-ca.1917), reiste til Amerika. Han omkom i ei bilulukke, s. 59 BSVD.
Rasmus S. Koppen, 18 år, singel, arbeidar, frå Volden, reiste med ”SS Celtic” frå Liverpool 26. mars 1909, framme i New York 4.4.1909. Far var Sivert Koppen. Om bord var også Mathias Olsen Velsvik (kjelde: NYPL 1820-1857 Ancestry.com). Reisemålet er New York, 8 State Street, Sjømandsp [?] Petersen.
18. mars 1909 reiste Rasmus Kristoffer S. Koppen f. 1891, ugift, skomaker, med Hvide [linje] til New York. Årsak: Reiselyst. Merkand: Rodeseddel. Bill.: Nei. Medreisande Matias Johannes Olsen Velsvik, Per Gustav Ottosen Velsvik og mange fleire. Sjå under Matias. (EÅ DigArk).
Samtale med Solveig Moen: Rasmus var kanskje gift, men fekk ikkje born.

Frå Eliasgarden, Koppen

Elias Eliass. (4.9.1868-11.7.1952), var i Amerika nokre år, busett Eliasgarden, s. 63 BSVD.
ETrhDigArk: 3.4.1905 reiste Elias Eliass. Koppen, gift, gardbrukar, f.1868, frå Volda, med Scandinavien linje, via Xania til San Francisco på farmarbeid. Bill bet. I Trondheim. Medreisande systra Matha Eliass. Koppen
NYPL, 1905: Elias Eliassen Koppen, 36 år, gift, frå Volden, reiste med ”Oscar II” frå Kristiania 6. april 1905, framme i New York 18. april 1905. Han skal til San Francisco. Han har betalt billetten sjølv. Han skal treffe broren John Eliassen i 6 Howard Street, San Francisco, Cal. Han har ikkje vore i USA tidlegare. Han har billett heilt til San Franc. Medreisande er systera Marta Eliassen.
Samtale med Jakob Koppen: Elias var bort til Amerika 1 gong. Han kunne bruke begge hendene like godt og fekk difor ekstra betaling.

Sivert Martinus E. Koppen (2.8.1870-?), reiste til Amerika( s.63 BSVD).
Reisedato: 2.juni 1892, Linje: Allan Line. Yrke: dreng Reisemål: Minnesota. Billett: her
Medreisande: John Drabløs, Søren Sætreås, Gustav Johnsen Nakken, Johannes Rasmussen Fedten, Hans Barstad, m.fl. Barstad står oppført med heimstad Amerika, yrke: farmer (DigArk EÅ).
Folketeljing USA 1900: Seaver Koppen f. aug 1870, 29 år, singel, immigrerte 1892, han har vore 8 år i USA. Han er ein av fleire gardsarbeidarar frå mange nasjonar. Det kan sjå ut som dei arbeider for ein som heiter Clyde Preston. Dette var i Bohnsack Township, Traill, North Dakota.

Johannes (Johan) Matias Koppen (19.5.1876-?) reiste til Amerika. Han hadde barn (f. 14.03.1903) utanfor ekteskap (s.63 BSVD)
Reisedato 15. okt 1902. Johan E. Koppen, 26 år ugift sjømann med Allan Linjen , Calefornien. Utvandrertillatelse. Billett: her. Medreisande: Peder E. Koppen Lisa Koppen, Gustav Høistøl (EÅ DigArk).
USCD: Ein finn John Eliasen, Master Mariner, på ymse adresser i San Fr. tidleg 1900: 22 East St South i 1903. 22 East i 1904. 22 East Street South i 1905. 1526 Sanchez i 1907. John M Eliasen Master Mariner i 6 Howard i 1907. 1526 Sanchez i 1908. 6 Howard i 1911. 1026c Shotwell i 1912. 580 Precita Ave i 1918 saman med Bergette. 156 Tehama i 1923.
USCityDir1918: John og Bergetta Eliasen budde i r 580 Precita Av.
Folketeljing USA 1920: John Eliasen, 43 år, utvandra 1896, statsborgarskap i 1910, yrke: mate [styrmann]. Kona Bergitte 34 år, utv. 1902. Dei har borna Edvard 13 år og Wilhelmina 8 år, fødde i California. Busett i Precita Ave, District 121, SF Assembly District 23, San Francisco, California. Ikkje sikkert det er rette person. Utifrå alderen til sonen kan dei ha gifta seg i 1907.
NYPL 1902: Brigitte Stenstad 17 år reiste med SS Ethiopia frå Glasgow 23.10, framme i New York 5.11.1902. På dette dokumentet er det vekk rive noko av sidene. Her er nokre norske sjømenn som ikkje viser namna på. Det spørst om John Eliasen er ein av dei. Dei skal ”join the ”SS Nedenæs””. Det var på denne tida John Eliasen drog over i fylgje EÅ.
WW1DraftRegCard: John Eliasen, 42 år, f. 19. mai 1876, yrke: first Officer Loop Lumber Comp. S.S. F.[?] S. Loop. San Francisco. Næraste pårørande Bergette Eliasen 580 Precita Ave. San Francisco. Høgde: Medium. Bygning: Stout. Blå auge, mørkt hår.
CalDeathIndex: John Eliasen, f. 19.5.1876, d. 27.10.1954 I SanFrancisco. Mors og fars fødenamn: Volden. Dette må vel vere provet på at det er vår mann.
Det ser ut for at John og Bergette Eliasen f. 1887 har vorte skilde. I eit dokument finn me Bergette Ellesen, fødd Stenstad, skilt, gift med John Eliasen. Ho døde 7.6.1944 av indre bløding p.g.a magesår i tolvfingertarmen. Ho har vore 40 år i California. Kremert 9.6.1944 Memorial Park. Har vore på sjukehuset i Marinship Hospital Sausalito. I folketeljinga 1930 har ho status som skilt. Då bur ho saman med sonen Edward 23 år i Nor Street[?].
Folketeljinga 1930: John Eliasen 51 år [stemmer ikkje], Sea Captain, gift med Jennie Eliasen 35 år. Ho var 16 år ved fyrste ekteskap. Han var 28 år ved fyrste ekteskap. Ho var fødd i Washington av britiske foreldre[Begge har nok vore gifte tidlegare]. Han hadde utvandra i 1900. Dei bur i Bryant Street 196, District 121, San Francisco. Dei leige husværet.
Folketeljing USA 1940: John Eliasen, 63 år og kona Jennie Eliasen 44 år, bur i Tyler Brooklyn township, Oakland, Alameda, California. Dei budde i San Francisco i 1935. Han var fødd i Norge. Ho var fødd i Washington. Han er Sea Captain, Master Mariner. Han eige husværet her som er verdsatt til 1250 $.
USCD: John Eliasen, Master Mariner og Jennie Eliasen bur i 578 Precita Ave i 1931, 576 Precita Ave i 1934, 27 Albion i 1935, 7JC Oakland Cal. i 1940. I 1948 finn me John og Jean Eliasen i Precita Ave.
Samtale med Jakob Koppen: Etter at Johan var i Amerika fyrste gongen kom han heim til Norge ein tur. På eit misjonsstemne på Hareid traff han ei som heitte Oluffa frå Abelgarden, Dalslisjebøen, som han tykte så godt om. Det resulterte i at ho vart gravid. Men så var det at ho var forlova med ein annan. Johan reiste til Amerika før barnet (Johanne) vart fødd. På jenta si side har det vore hevda at Johan stakk av. Men frå Johan si side (Koppen) har det vore hevda at han ikkje var god nok i hennar familie og difor reiste han. Bestefar til Jakob (Elias) brevveksla med Johan. Johan var også fiskar i Alaska. Marie Velsvik hugsa Johan og let vel av han. Ho sa at han var ein staseleg kar og var godt likt av damene.

Peder Gustav E. Koppen(19.2.1881-?), reiste til Amerika, s. 63 BSVD.
Peder E. Koppen Reisedato 15. oktober 1902, 21 år, ugift, arbeider med Allan linjen til Calefornien. Merknad: Rodeseddel. Billett: her. Medreisande: Johan Koppen, Lisa Koppen, Gustav Høistøl (Dig ark EÅ).
Folketeljing 1910: Peter Eliasen, 29 år norsk, fiskar utanskjers (Deep Sea). Ship Tacoma. District 0001, San Francisco Assembly District 28.
Folketeljing 1920: Peter G. Eliasen, 39 år, innvandra 1902, statsborgar 1911, losse/laste arbeidar på ”Docks” . Gift med Karen, 39 år utvandra i 1908 saman med sonen Erleng 18 år. I tillegg har dei borna Charles 9 år, Peter 9 år, Valborg 7år, Alma 5 år, Walter3 2/12, Alexander 0 år.Dei bur i Precita Avenue. Altså i same gate som John Eliasen.
USCD: Dei budde i 42 Precita Ave også i 1923 og Peder er sjømann.
Folketeljinga 1930: Pedar G. Eliasen, 49 år, second mate, sjømann, og kona Karen 50 år med borna: George 19 år Custom Clerk, Valberge 17, Alma J. 15, Walter 13, Ramond 10, Reynold 7. Alle borna fødde i California. Dei bur i Shotwell Street, District 123, San Francisco. Dei leige husværet.
Slektstre Anc. Sandiobrien1: Peder Gustov Eliasen f. 1881 d. 8.10.1951, gift med Karen Johansen f. 1881. Dei fekk 7 born, 2 i live 2011. Fyrste barnet Elling f. 1902. Ikkje sikkert Peder var rette faren.
WW1Draft RegCard: Peder Gustav Eliasen, f. 19. feb 1881, adresse 3040 Army Street, San Francisco. Yrke: Stevedore [stuar, losse/laste arbeidar], ikkje i arbeid for tida. Medium høg, medium bygning. Blå auge, blondt hår. Næraste: Karen Eliasen. Underteikna sept. 1918.
CalDeath Ind: Peder Gustov Eliasen f. 2.2.1881 [dato feil] d. 8. Okt 1951, San Francisco. Mors og fars namn: Volden.

Elisa Marie (27.4.1883-?), reiste til Amerika, gift der, s. 63 BSVD.
15. oktober 1902 reiste 20 år gamle Lisa Koppen ugift arbeider med Allan linjen til Calefornien. Bilett her. Medreisande Peder Koppen, Johan Koppen, Gustav Høistøl (Dig Ark. EÅ).
Samtale med Jakob Koppen: Ho vart gift med ein mormonar og kutta alle band til Norge. Ho busette seg i mormonarstaten Utah. Bestefar til Jakob fekk brev frå ein av sønene hennar som bad om å få ei oversikt over heile slekta i Norge slik at han kunne døype seg for alle. Men han fekk det ikkje. Han meinte at det var nok å vere medlem av den norske kyrkja. Ei dotter kom på besøk til Koppen ein gong, men ho var ikkje mormonar.

Marte Lovise (30.12.1885-?), reiste til Amerika, s. 63 BSVD.
ETrhDigArk: 3.4.1905 reiste Martha Elias. Koppen, f. 1885, ugift, tenestejente, frå Volda, Med Scandinavien linje via Xania til San Francisco på tenestearbeid. Billlett betalt i Amerika.
NYPL, 1905: Marta Eliassen, 19 år, frå Volden, singel reiste med ”Oscar II” frå Kristiania 6. april 1905, framme i New York 18 april. Ho skal til San Francisco, Cal., for å treffe broren John Eliassen, 6 Howard Street. Det er J. Eliassen som har betalt billetten. Ho reiser saman med broren Elias Koppen.

Jakob Martinus Andreas Koppen (2.6.1898-13.10.1927), døde i ulukke ved skogarbeid i staten Washington, s 63 BSVD.
12. mars 1923 reiste Jakob Mathias Andreas Eliassen Koppen, f. 1898, ugift, arbeidar, frå Volda. Reisemål Washington, Merknad: Utv. attest. Billett: Nei. Fleire frå Volda reiste same dato med same linje: Johan Rasmussen Drabløs, Einar Magnus Eliassen Koppen, Gregorius Sørheim, Asbjørn Engeset, Ingeborg Håskjold, Ragnhild Håskjold (mor og dotter skal til sin mann og far)(EÅ DigArk).
Border Crossings, Canada- USA, 1923: Jakob Koppen, 24 år, singel, frå Volda, reiste med SS ”Regina” frå Liverpool 17. mars 1923, framme i Halifax 25 mars 1923. Far: Elias Koppen. Han kryssa grensa til USA ved St Albans, Vermont. Han skal treffe ven Peder Knudsen i 1012- 17th Street, Bellingham, Washington. Han reiser saman med broren Einar Koppen 20 år. Andre frå Volda som reiser i lag men med anna reisemål: Johan Drabløs 22 år, Gregorius Sorheim 31 år og Asbjorn Engeseth 25 år. Alle har betalt for reisa sjølve. Dei er usikre kor lenge dei vert verande i USA.
Samtale med Jakob Johannes Koppen f. 1928: Jakob Koppen arbeidde i skogen. Eit tre datt ned som han fekk over seg. Pete Sundnes fann grava hans i Seattle. Han hadde også vore på fiskeri i Alaska.

Mathias Kristoffer Koppen (21.8.1900-24.6.1980), var ei tid i Amerika, busett Digernes i Ørsta, s. 63 BSVD.
17.1.1924 reiste Mathias Kristoffer Eliassen Koppen, f. 1900 frå Volda, ugift fiskar til USA. Billett: Penge. (EÅ DigArk). 19.1.1924 reiste 4 andre dalsfjordingar: Rasmus Løvig, Jakob Drabløs, Nils Sæthre og Ole Tilseth.
Mathias Koppen, 24 år, singel, fiskar, reiste med SS ”Doric” frå Liverpool 26. januar 1924, framme i Halifax 3. februar 1924. Billett betalt sjølv. Far: Elias Koppen. Han skal treffe broren Jakob Koppen i Bellingham, Washington. Han har intensjon om å vere i USA for alltid. Han kryssa grensa til USA ved St Albans, Vermont.
Samtale med Jakob Koppen: Mathias var far til Elias Koppen i E. Koppen og Sønner, no Koppen Industri i Furene.

Einar Magnus Koppen (15.3.1903-14.12.1961), var ei tid i Amerika, busett Ørsta (s.63 BSVD).
EÅ DigArk 1923: 12 mars 1923 reiste Einar Magnus Eliassen Koppen, f. 1903 ugift, arbeidar, frå Volda med White Star Line til Washington. Utv att. Billett: Nei Han reiste saman med broren Jakob Koppen og ei rekkje andre frå Volda. Sjå fleire opplysingar under Jakob Martinus Andreas Koppen.
SKDiVDigArk: Einar Magnus Eliassen Koppen f. 1903, ugift, utflytt 14.3.1923 til USA.
Samtale med Jakob Koppen feb. 2012: Einar fekk seg jobb på vegen Rovde-Velsvik, seinare Møre Lenestolfabrikk. Jakob har eit syskjenbarn (son til yngste broren til Jakob sin far), Einbjørn Arne Koppen. Han flytte tilbake til Ørsta. Han var bort og leitte etter spor til folk som var frå Eliasgarden.

Høystøylen

Gustav Andreas P. Høystøyl (29.10.1881), sjå også Nedstegarden Heltnane (BSVD s.67).
EÅ DigArk, 15. oktober 1902 reiste Gustav P. Høistøl, 21 år, ugift, arbeidar med Allan linjen til California. Merknad: Rodeseddel. Billett: Her. Medreisande: Peder E. Koppen, Johan E. Koppen, Lisa Koppen, Nikolai Bjerknæs 19 år.

Person nemnt annan stad?: Rasmus Johannes Sivertss. Løndal var ei tid i Amerika, flytte sidan til Espenakken.

Utvandrarar frå Velsvika nedskrive av Per Ole Reite.



Frå Velsvika til Amerika

Frå Velsvika Posted on Wed, October 05, 2011 20:59:36

Det er funne 27 personar frå Velsvika som drog til Amerika i perioden 1885-1924. 3 av dei var kvinner. Det er dei to gardane i Koppen som utmerkar seg med høgst utvandring. Frå Eliasgarden utvandra 9 mennesker der 3 kom tilbake til Norge. Frå Eliasgarden emigrerte også 2 av dei 3 kvinnene som er funne utvandra frå Velsvika. Den tredje kvinna utvandra frå Sundnesgarden, men ho var fødd på Rovde.

Frå Sivertgarden i Koppen utvandra 6 personar der 2 kom heim til Norge.

Elles drog det 3 emigrantar frå Hauane og 3 frå Sundnesgarden. 2 frå Sjurgarden og 2 frå Ottagarden.

Rasmusgarden og Høystøylen hadde 1 utvandrar kvar.

Bildet nedanfor vart nyleg funne i Eliasgarden, Koppen. Det er teke i eit studio i San Francisco. Men kven er personane?