UTVANDRA FRÅ INDRE DALSFJORD

Jostranda

Person nemnt under Hesteflotane, Dalsbygda: Elias Andreas Johanness. (14.1.1881-26.11.1952) (BSVD s. 418 og 583).

Kristoffer Johannes Rinde (7.6.1905-1.8.1981) frå Jøsok i Herøy, var i Amerika i nærmare 30 år, kom heim og busette seg.

Kristoffer Sevrinson Rinde var i Amerika frå 1919-1960. Kom heim og busette seg i Dalsfjord (Herøyboka, bygdesoga 2, Bjarne Rabben 1973 (HB BS 2 BR) s. 617).

EÅ DigArk: 31. januar 1924, reiste Kristoffer Johannes Olai Rinde, fisker, f. 1905 frå Herøy, Møre til Amerika. Billett: Nei.

NYPL 1924: Kristoffer J.O. Rinde, 18 år, ugift, fiskar, frå Herøy drog frå Bergen med SS ”Bergensfjord” 3. februar 1924, framme i New York 13. feb 1924. Han skal til Tacoma og treffe svogeren Johan Olsen, 1316 Market St., Tacoma, Wash.. Han har betalt billetten sjølv. Han har ikkje vore i USA før. Han er 5 fot og 9 tomar høg, lyst hår, blå auge. Han har tenkt å verte verande i landet for alltid. Her står noko med handskrift som er vanskeleg å tyde.

NYPL 1924:  Record of Aliens held for special inquiry: Kristoffer Rinde kom med SS “Bergensfjord”  14.2.1924. Cause of detention (arrest): LPC PH D. Spørsmålet er: Kva betyr dette?

Sivertgarden, Mårstøylen

Benjamin Andreas Arness. Nordal frå Nordal i Syvde (12.10.1894-17.6.1963) var gift her med Gjertine Elise Mårstøl og dei budde her ei stund. Men kona døde i  barsel i 1919. Benjamin Andreas vart gift på nytt med Ragna Nilsen frå Alstadhaug, busett Seattle WA (BSVD s. 425).

NYPL 1920: Benjamin Nordal, 25 år, singel, elektrikar, frå Vannelven drog med SS ”Bergensfjord” frå Christiania 7. aug 1920, framme i New York 16. aug. 1920. Han skal treffe broren, Knut Nordahl i Wolf Point, Montana. Næraste pårørande i Norge: Mora, Kanutte Nordahl.

USA Declaration of intention: Benjamin Andreas Arnesen Nordal, 26 år, elektrikar, brun hår , blå auge, fødd i Syvde 12. okt. 1894. Han bur i 8th and Pike Street, Seattle Wash.Underteikna 19. mars 1921

USA Petition for Naturalization. Underteikna 15. November 1926. Då bur Benjamin i Boren Ave. og han er snikkar (Carpenter). Her er det også opplyst at han har eit barn i Noreg. Det kan sjå ut som at han er enkemann (Widower).

US Draft WW2 draft registration Cards 1942: Benjamin Nordahl f. 12. okt 1894 i Syvde. Han bur I 804 Virginia Street, Seattle, Washington. Pete Wick er ein peson som til ei kvar tid vil vite kvar Benjamin bur. Arbeidsgjevar: Carpenter Local 131. Adresse: Work intermitteningly.

NYPL 1950: Benjamin Nordahl, 55 år, gift, reiste med SS ”Oslofjord” frå Bergen 22. mars 1950, framme i New York 30. mars 1950. Han har adresse 603 Pontius Ave., Seattle Washington.

SSDI: Benjamin Nordahl f. 12. okt 1894 døde i juni 1963 i Washington

[staten]

.

Samundegarden, Ytre Åmelfoten

Rasmus Kornelius Knutss. Aamelfot (12.1.1887-10.5.1977), gift og busett her ei stund, flytte til Instebakkane, Ytre Dale, kjøpte garden der. Rasmus var ei tid i Amerika  (BSVD s. 439 og 537).

EÅ DigArk 1910: 21.4.1910 reiste Rasmus Kornelius K. Omelfot, f.1887, ugift, arbeidar, frå Volda, med Canadian til Oregon, USA. Utv till. Billett: Nei. Medreisande: Per Severin Olsen Omelfot f. 1889, frå Peragarden.

MUNIA: Rasmus Knudsen Ommelfod udv. frå Volden, Søndmøre 1910. Arbeider i Portland, Oregon; Formand i Synodens Ungdomsforening.

WW1 Draft Registration Card: Rasmus Knutsen, 30 år, f. 12.1.1887, f. Aalesund Norge, fiskar, ugift, busett Peterburg, Alaska, tilsett i Alaska Pacific Herring Co [?] Han krev fritak frå teneste på grunn av at han har vore på sjukehus på grunn av trøbbel med nyrene (Been in hsopital for kdney trouble). Han er utlending (alien). Svart hår og lys blå auge. Medium vekt og høgde. Underteikna i Peterburg, Alaska  9. juli 1917. Dette kan vere Rasmus Omelfot. Det stemmer med fødselsdato.

Møre, på 80-års dagen hans: Han var i ungdomen i Amerika, arbeidde på sagbruk og dreiv fiske på vestkysteen i 8 år. Heimkomen kjøpte han i 1920 eigen gard. Dugande bonde. Var med i Dalsfjord kommunestyre, formannskap og ei rekkje nemnder. Ordet i si makt.

Peragarden, Ytre Åmelfoten

Rasmus Johannes Olss. Aamelfot (2.4.1882-25.6.1960), gifte seg og overtok garden her etter mange år i Amerika (BSVD s. 433-434).

Folketeljing i Noreg 1900: Rasmus O. Ommelfot, f. 1882 i Volda var under folketeljinga om bord i dekksbåten ”Prøven”som låg i Herøy, i lag med 3 andre frå Åmelfoten og 1 frå Vassbakke.

SK VV Utflytte: Rasmus Johannes Olsen Åmelfot f. 1882 utflytt 10.4.1902.

MUSNSA: R. J. Ommel(fod), snedker, Ulvestad, Oregon

MUNIA: Ommel(fod) Rasmus J. udv. frå Volden, Søndmøre omkr. 1900. Gaardbruger ved Ulvestad Oregon. Broderen Peder Ommel arbeider sammesteds [Dei var nevøar til Martin Ulvestad (søner til systera)].

EÅ DigArk: 20. november 1916 reiste Rasmus Johannes Ommel f. 2.4.1882, gift snekkar, frå Volda, amerikansk borgar av Oregon, med DNA til New York på forretningsreise. Billett: Nei. Medreisande var systera, Johanne Olsen Ommelfot, tenestejente til New York.

NYPL 1916: Rasmus Ommel, 34 år, gift, drog frå Bergen med ”Bergensfjord” 22. nov. 1916, framme i New York 5. desember 1916. Det ser ut som at han har adresse i Troy, Kansas. Han har fått statsborgarskap i Jackson, Oregon 29. august 1910. [Her har han nok vore heim til Norge og gifta seg 26.10.1915 med Jørgine Olsd. Frå Fjøsneset].

US Passport Application 1918: Rasmus J. Ommel, statsborgar  USA, f. 2. april 1882 i Volda, Norge, ynskjer å besøke heimlandet på oppmoding frå faren for å hjelpe til med å ordne ting då han er i ferd med å verte gammal (Han har fått brev frå faren om dette).  Han drog frå Liverpool ca. 15. april 1902, og har uavbrote vore i USA frå 1902 til 1918 i Persist [?] Oregon. Han fekk statsborgarskap i Jacksonvill 29. august 1910. Han har intensjon om å dra frå USA med ”Hellig Olaf” frå New York 16. mars 1918. Sverga 9. februar 1918. På dette tidspunktet bur han i Brooklyn, New York og har yrke som snikkar. Han vil returnere til USA om 6 eller 8 månader. Det er bilde av Rasmus på dokumentet.

Folketeljing USA 1910, april: Rasmus Ommel, 28 år, singel, frå Norge, farmar på homefarm. Han er busett i Florence Rock (Orater Lake Reserve), Jackson Oregon. Her står det at han har vore i USA sidan 1900, ser det ut som.

Peder Severin Ommel (24.8.1889-1958), reiste til Amerika, busett Ulvestad, Oregon (BSVD s. 433).

EÅ DigArk: 21.4.1910 reiste Per Severin Olsen Omelfot f. 1889, ugift fiskar frå Volden med Canadian til Origon USA. Utv. till. Billett:Nei. Medresiande: Rasmus Kornelius K. Omelfot frå Samundegarden.

MUNIA: Peder Ommel arbeider same stad som broren Rasmus Ommel i Ulvestad, Oregon.

Passanger and Immigration List Index: Peter S. Ommel kom til Quebec i Canada 1910. Ser også ut som at han kom til Washington 1910.

WW1 Draft Registration Card: Peter Sevren Ommel, singel, 27 år, f. 24. Aug 1889 i Volda. Noverande adresse R.F.D. 3, Hoston, Brown County, Kansas. Yrke: Farmar for Adolf Jacobson.

Folketeljing i USA 1930: Peter S. Omell, 41 år, hus-snikkar, og kona Hilda C. Ommel 39 år. Han var 31 år og ho var 29 år når dei gifte seg. Han immigrerte til USA i 1912 og ho i 1913 frå Sverige. Dei eig husveret i Young [?] Street, East Hampton, Middlesex, Connecticut. Det kan sjå ut som han har tenestegjort under verdskrigen. Det er ingen andre nordmenn i området

US WW2 Draft Registration Card: Peter Sevren Ommel, 52 år, f. 24. Aug 1889, adresse RFD#1 east Hampton, Middlesex, Connecticut. Arbeidsgjevar: Weslyn Uni. And Rockfall Corp., Middleton, Conn. Mrs. Hilda Ommel vil altid vite adressa hans. Dette er sikkert kona.

NYPL 1948: Peter Sevren Ommel 59 år, f. Norge, gift, adresse: Young str. East hampton, Connecticut reiste med SS ”Stavangerfjord” frå Bergen 18. juli 1948, framme i New York 26. juli 1948. Amerikansk pass. Han reiste saman med kona Hild Charlotta, frå Sverige.

Connecticut Death index: Peter S. Ommel døde 16. August 1958, 68 år i Middleton, Middlesex, Connecticut. Han var gift med Hild.

Connecticut Death Index: Hilda Charlotta Ommel f. 26 aug 1890, d. 18. Juni 1979, East Hamton, Conecticut.

Johanne Rasmine  [Olsd] (9.1.1896-1962) reiste til Amerika (BSVD s. 433).

EÅ DigArk: 20. November 1916 reiste Johanne Olsen Ommelfot, f. 9.1.1896, ugift, tenestejente frå Volda til New York med D.N.A. Årsak: Reiselyst. Billett: Nei. Medreisande var broren Rasmus Johannes Ommel

NYPL 1916: Johanne O. Aamelfot, 20 år, ugift, frå Volda, reiste med Bergensfjord frå Bergen med SS ”Bergensfjord 22. november 1916, framme i New York 5. desember 1916. Ho skal til Troy, Kansas for å treffe broren Peder S. Ommel 5 fot høg, brune auge, brunt hår. Ho har ikkje vore i USA før. Ho har ikkje billett heil fram. Næraste pårørande i Noreg: Faren Ole R. Aamelfot, Volden, Norge. Medreisande: Broren Rasmus Ommel.

Åmelfotsætra

Anne Marta Petrine (1.71874-1.2.1974), reiste til Amerika 1892, gift 15.8.1898 med Anton Berrisford (ca.1867-1945) frå Drammen, busett Duluth MN, seinare El Cajun California (BSVD s. 437).

EBMR DigArk: 27.8.1892 reiste Anna Olsd. Dale, 18 år, f. 1874, frå Volda, gaardmandsdatter med Thingvalla. Her stemmer det med årstal og fødestad, men etternamnet er vanskeleg å forklare. Det burde vere Ommelfotsæter. Men mora var frå Indre Dale og ho kan ha teke dette namnet. Forklaringa kan også vere at dei budde i nærleiken av Dalen v. Åmelfotsætra. Ved søk i folketeljinga for 1875 er det berre ei Anna Olsd. Som var fødd i 1874.

Folketeljing USA 1900: Annie Berrisford 24 år, f. 1875 og mannen Anton Berrisford 32 år f. 1867, ”Lumber (?) Piler”.  Dei gifte seg i 1899. Dei har dottera Borhild 1 år, f. 1899. Dei bur i 62. Ave West, Duluth, St Louis, Minnesota. Dei leige husværet. Anton immigrerte i 1888 og har vore 12 år i landet.

Folketeljing Minnesota 1905: Annie og Anton Berrisford bur i Ward 8, Sub division C, Duluth,  Saint Louis. Dei har borna: Borghild 6 år, Edwin (?) (gut) 4 år og Irene 2 år.

Folketeljing USA 1910: Anna Berrisford 34 år og mannen Anton Berrisford 42 år, smed på jernbane. Dei har vore gift i 11 år og fått 4 born der 3 er i live. Dei snakkar norsk-engelsk. Han kom til USA i 1888, ho i 1893 [?]. Dei bur i Duluth City (Part of), Saint Louis, Minnesota. Dei har borna: Borghild 11 år, Mina [?] 7 år og Myrtel 3. Alle fødde i Minnesota. Det er fleire frå Noreg som bur i området.

Folketeljing USA 1920: Anna Besserford [Berrisford] 44 år og mannen Anton 52 år, smed på jernbane. Ho har arbeid med vasking heime(washing home (el. House?). Ho innvandra 1892. Han innvandra 1887[8?]. Dei fekk statsborgarskap i 1895. Dei har borna: Borghild 20 år, Irene 17 år, Myrtle 13 år og Morris 8 år. Alle borna fødde i Minnesota. Dei bur i Duluth, Saint Louis, Minnesota. Dei eig husværet, men det er pantsett. Det er mange fleire frå Noreg som bur i området.

California Death Index: Anna M. Berrisford f. 1. juli 1875 I Norge, d. 1. feb 1972 I San Diego.

Folketeljing USA 1930: Anton 62 år og Annie 54 år  Berresford bur i Vinland Street, Duluth City, Saint Louis, Minnesota. Her bur også dottera Irene 27 år og Morris 18 år. Dei eig husværet som har ein verdi på $ 4000. Anton er smed på ein ”Railroad Shop”. Det er mange nordmenn i området.

Martingarden, Indre Åmelfoten

Martin Rasmuss. [Aamelfot] (19.5.1825-8.10.1912),frå Ellingsgarden, Steinsvika, gift  her. Dreiv garden 1845 til 1884. (BSVD s. 448 og 472).

EÅ DigArk: 13. april 1892, reiste Morten Aamelfot, 67 år, kårmann, frå Volda, med Imamlinjen, med reisemål Minnesota. Billett: her.

(Frans) Rasmus [Martinsen](1.4.1855-?), reiste til Amerika (BSVD s. 448).

Folketeljing Norge 1875: Rasmus Marthensen, f. 1855, dagarbeidar Midlertidig hos faderen.

JNHolmHav s. 232: Liste over arbeidarar i Vardø sesongen 1876: Smigut Rasmus Mortensen Omelfot, dagløn 72 sk.. Det ser ut for at han skreiv under på 5-års kontrakt (på heilårsbasis i fem samfulle år).Han har nok vore med på arbeidet med Vardø Hamn fram til han utvandra. Arbeidet med hamna gjekk føre seg frå 1876-1897.

EBMR DigArk: 18.5.1880 reiste Rasmus Mortensen Ommelfot ugift, 25 år, f. 1855, fødestad: Volda, heimstad Vardø, med State Linie.

Folketeljing i Minnesota 1895: Rasmus Mortenson 40 år frå Norge, farmar og ”housekeeper”. Han har budd 15 år i landet og 12 år i dette distriktet. Han bur no i Norden, Polk, Minnesota. Usikkert om dette er vår mann.

Folketeljing i USA 1900: Rasmus Martinsen 45 år, f. april 1855 bur i Norden Township, Red Lake, Minnesota. Han har vore 19 år i landet. Kom til landet i 1881. Her bur han saman med kona Betsey f. juli 1865 og borna: Ingvald f. okt 1892, Inga f. okt 1894, Olga f. feb 1897 og Martin f. aug 1899. Alle borna fødde i Minnesota av sine norske foreldre. Rasmus og Betsey har vore gifte i 12 år. Det er mange fleire nordmenn som bur i dette området.

Folketeljing i Minnesota 1905: Rasmus Martinson 50 år, farmar busett Norden, Red Lake. Han bur her saman med kona Bertith [?] og borna: Invald 13, Inga 11, Olga 8, Martin 6, Reiharth 4, og Walter [?] gut 4 mnd.

Folketeljing i USA 1910: Rasmus Martinson 55 år, norsk, skilt, farmar,  innvandra i 1880. Statsborgarskap i USA. Busett i Hickory Township, Pennington, Minnesota.

Slektstre Anc. Owner: chuckszuk: Rasmus Martinson f. 20 april 1855 i Noreg, d. 26 okt 1937, gift med Bertha Bugge 1888. Han budde både i Norden og Hickory, Minnesota.

Det er usikkert om dette er vår mann.

Jogarden, Indre Åmelfoten

Knut Andreas Olss. (10.3-1967-1898), reiste til Amerika og døde der (BSVD s. 453).

DS: Knut reiste til Amerika og døde der 1898.

EÅ DigArk: 13. april 1892 reiste Knut Olsen Omelfot, 25 år, ugift, gardbrukar frå Volda, med Inmanlinjen til Minnesota. Billett: her. Medreisande: Morten Aamelfot 67 år, kårmann frå Volda. Morten er sannsynlegvis far til Rasmus Mortenson, sjå ovanfor.

??? Matias Johannes [Olss.] (20.7.1872-?), gift og busett Giske [BSVD s. 453) [opplysing sikkert henta frå  DS.]

EÅ DigArk: 27.4.1898 reiste Matias Olsen Aamelfod, 25 år, ugift, tenar frå Volda, med Cunardlinjen til Minnesota. Billett: Her.

NYPL: Mathias Olsen, 25 år og 9 mnd, singel ,arbeidar frå Ålesund, reiste med SS ”Campania” 7. mai frå Liverpool, framme i New York 14. mai 1898. Han skal treffe broren K. O. Amundson i Duluth Minnesota. Han har betalt reisa sjølv. Han har ikkje vore i USA før. [Usikkert om dette er vår mann. Kan det vere broren Knut. Amundson stemmer ikkje heilt. Kan det vere Åmelfot som har vorte til Amundson?]

Severine Oluffa Johannesd. Aamelfot (31.7.1892-?) gift 1919 med Rasmus Kornelius Arness. Nordal frå Syvde flytte hit i 1919-1931, fekk skøyte 1927, flytte sidan til Gåseide i Ålesund, reiste sidan til Amerika.

SSDI: Severine Nordal, f. 31. juli 1892, d. mai 1975. Siste bustad: 703 (US Consulate), Oslo, Norway. [Døde ho på konsulatet til USA i Oslo?]

NYPL 1954: Severine Nordal reiste med RMS ”Queen Mary” frå Southampton 19. august 1954, framme i New York 24. august 1954. Medreisande Rasmus Nordal. Dei bur i 603 Pontius Ave., Seattle, Washington.

NYPL 1955: Saverine O. Nordal reiste med Sabena Airline, frå Oslo, framme i New York 2. juli 1955.

Rasmus Kornelius Arness. Nordal (26.4.1886-10.5.1977) f. Syvde, ektemann til Severine ovanfor.

EÅ DigArk: 31. mars 1910 reiste Rasmus Kornelius A. Nordal, f. 1886, snikkar, ugift, frå Vanylven, med Cunard, reisemål: Montana, USA. Merknad: Fripass. Billett: Nei

NYPL 1910: Rasmus K. Nordal, 23 år, snikkar, f. Syvde, reiste med SS ”Caronia” frå Liverpoool 5. april 1910, framme i New York 14. april 1910. Han skal til venen John Soma [?] i Glendrive, Montana. Siste permanente adresse: Kvernland. Nærste pårørande: Arne Nordal, Sovsbotten pr. Ålesund.

SSDI: Rasmus Nordal f. 26. april 1886, d. aug 1974. Siste bustad: 703 (US consulate), Oslo, Norge. [Kva betyr det at både Rasmus og kona hadde siste bustad her?].

Rasmus Nordal reiste også i 1954 sjå under kona Severine.

NYPL 1955: Rasmus A Nordal, reiste med Loftleidir frå Reykjavik til New York 5. august 1955.

Rasmus og Severine hadde 4 born døypte i Dalsfjord kyrkje. 2 av borna utvandra til USA (Kanutte og Arne).  Usikkert om Randi (1920-1935) og Johannes (1924-1933). Dei døde sannsynlegvis før familien utvandra.

Kanutte Gurine (Kanna) [Rasmusd] Nordal (13.2.1922-1972), gift med B. Hofgard frå Oslo, busett Iowa, USA (BSVD s. 453).

Border Crossings Canada-USA: Kanutte G. Nordal, 26 år, reiste med ”Mauretania” frå Southampton 4. nov. 1948, framme i Halifax, 11 nov. 1948. Ho skal til 1607, 8th Ave, Seattle, Wash.

Arne Nordal f. 14.4.1926, gift med Dorothy Knutsen, busett Seattle, WA. Arne var ingeniør på Boeing-fabrikken (BSVD s. 453).

NYPL 1948: Arne R. Nordal, 22 år, singel, reiste med ”Queen Elisabeth” frå Southampton 19. november 1948, framme i New York 6. desember 1948. Han skal til 1316, Terry Ave., Seattle, Wash.

 NYPL 1953: Arne R. Nordal, 26 år, reiste med ”Permanent” frå Le Havre 11. februar 1953, framme i New York 15. feb. 1953. Han skal til 1998 Pacific Ave., San Francisco, Calif.

SSDI: Arne R. Nordal f. 14. april 1926, d. 7. mars 1995. Siste bustad: 98177 Seattle, Wash., USA.

Hansgarden, Vassbakkane

Ole Martinus Hansen (Ole Martin) (5.71889.27.12.1979), reiste til Canada, busett Montreal, kontormann. Kom tilbake til Noreg og døde her (BSVD s. 462-463).

EÅ DigArk: 10. Mai 1910 reiste Ole Martinus Hansen Vasbakke, f. 1889, ugift, arbeidar, frå Volda, “med Hvide”, reisemål: Fort William, Kanada. Merknad: Rodesetel. Billett: Nei. Medreisande: Per Steinar Rasmussen Steinsvik, f. 1889.

NYPL 1929: Ole M. Hansen, 40 år, ”Wagon Fireman”, singel, med Canadisk pass no 67702 Ottawa 1. mai 1929, reiste med SS ”Stavangerfjord” frå Oslo 26. juli 1929, framme i New York 5. august 1929. Han skal til Montreal, Quebec. Han har bustad  Bannett Ave. 1692, Montreal. Mørkt hår og blå auge. 5 fot 10 tomar høg. Næraste pårørande i Noreg: faren Hans Vasbakke, Amelfot, Søndmøre. Han har betalt billetten sjølv og han har vore i USA tidlegare i 1928 i New York, sikkert då han skulle til Noreg ein tur.

Jogarden, Vassbakkane

Hans [Jonss.] (20.3.1848-?), reiste til Amerika (BSVD s. 465).

SkannKyrkjMin Utflytte Volda: Hans Johnsen Wasbakke til Amerika 3/6 1872 Mdbg. 160 Spd

Canadian Passanger List 1872: Hans Vasbak, 24 år, kom fram til Quebec 2. juli 1872 med SS ”Nestorian”. Kanskje drog dei frå Storbritannia 20. juni 1872. Usikkert om dette er rett person.

Ellingsgarden, Steinsvika

Per Steinar [Rasmuss.] (12.9.1889-16.2.1953), reiste til Amerika, gift der (BSVD s.473).

EÅ DigArk: 10. mai 1910 reiste Per Steinar Rasmussen Steinsvik, f. 1889, ugift, arbeidar, med ”Hvide” til Fort William, Kanada. Merknad: Rodesetel. Billett: Nei. Medreisande var Ole Martinus Hansen Vasbakke.

Border Crossing Canada-USA 1915, Blaine Wash.: Peter Stanwick 26 år, frå Norge, snikkar, hjelpar. Det ser ut for at han kjem frå Vancouver og skal til Blaine. Næraste pårørande i Norge: Mora Bertha Stanwick, Ålesund, Norway. Han kom til Quebec i mai 1910. Spesielle kjenneteikn: Scar l.s. forehand[?].

Folketeljing I Alberta 1916: Peter Stainwick, 26 år, norsk, luthersk, kom til landet 1910. Snikkar på jernbane. Busett: Edmonton West. Usikkert om det er han, men alder og innreisedato stemmer.

Selected US Naturalization Records Snohomish County, Washington Declaration of Intention 1940: Per Steiner Steinsvik, kjent som Peter Stanwick, 50 år (F. Steinsvik 12.9.1889), busett 2718 Oakes Ave., Everett, Snohomish, Wash. Yrke: “B&B Foreman G.N.Ry”. Han er gift med Ingeborg Torkelson 7.9.1927 i New Westminister B.C. Ho var fødd I Vikedal, Norge 25.9.1927. Det ser ut for at han ikkje veit kvar kona no er busett. Ho kom til USA 1933. Han kom til USA 1938. Peter Stanvick har borna Peter Robert f. 21.11.1928 New Westminister og Margery f. 21.11.1931 Vancouver B.C., Canada. Begge bur på Parkland Luthern Children’s Home, Everett, Washington. Den siste adressa til Peter Stanwick i Canada var New Westminister B.C.  Han kom til USA gjennom Blaine, Wash. 28.12.1938 på farøyet G.N.R.R. Dokumentet som er ei stadfesting på statsborgarskap er underteikna og sverga 23. mars 1940 i Everett, Wash. Det er bilde av Peter Stanwick på dokumentet

Petition for Naturalization: Her går det fram at kona bur i Santa Monica,California. ”Apart” tyder vel på at dei er skilde. Elles går det fram av ein notis at han har fått skifta namn til Peter Stanwick 14.12.1944.

WashDeathIndex: Peter Stanwick f. ca 1890 d. 16. Februar 1953 i Seattle.

WW2RC 1942: Peter Stanwick, 3406 Colby ave., Everett, SnoCo, Wash., 52 år f. 12. Sept 1889. Arbeidsgjevaren hans er: Great Northern – Railway Co., Spokane Division. Ein person som vil vite adressa hans: H. F. Emholt 2401 Virginia St., Everett.

Mettegarden – nedlagt bruk.

Hans Peter [Peders.]( 31.10.1883-?), vaks opp i Knutsgarden, reiste til Amerika (BSVD s. 493).

EÅ DigArk.: 21. Mars 1906 reiste Hans Pedersen Steinsvik, f. 1883, ugift, steinarbeidar frå Volda med Cunard til Washington. Merknad Udv. till.. Billett: Nei. Medreisande med Cunard frå Volda. Ole Martinus O. Drabløs, Ole Johansen Drabløs, Peder Knudsen Reite, Peder Larsen Engesæth m. fl. Sjå under Ole Johanss. Drabløs frå Hansgarden, Ytre Dravlaus.

NYPL: Hans P Steinsvik, 22 år, ugift, reiste med SS ”Lucania” frå Liverpool 31. mars 1906, framme i New York 7. april 1906. Han skal til Carbonado, Washington der han skal treffe Thor Ness [?]. Det er fleire medreisande frå Volda som skal både til Carbonado, California og Oregon.

US Naturalization Records, USA Declaration of Intention 1936: Hans Pederson Steinsvik (Også kjent som Hans P. Stein),  , 53 år, tømmerhoggar (logger). busett 1527 Pacific Ave., Tacoma, Pierce Co., Wash., mørkt brunt hår, blå auge, 5 fot 8 t., 175 pounds, f. Steinsvik 31. Okt. 1883. Han kom til USA med “Lucania” frå Liverpool, framme I New York 7. april 1906, med namnet Hans P. Simsiuk [?]. Underteikna 24. august 1936. Han har tidlegare gjort ein Declaration of Intention 23. mars 1910 i Circuit Court, Portland Oregon.

WW1 Reg.Card: Hans Petersen Steinsvik, 35 år, busett Branden [?] Hotel, Tacoma, Wash. Yrke: Skilled Labor, Arbeidgjevar: Dampsey Lumber Co[?], Næraste pårørande: Mathias Steinsvik. Underteikna 12. sept 1908 står det, men det skal vel vere 1918.

Folketeljing USA 1910: Hans P. Stein 26 år, singel, kom til USA 1906, Yrke: Lumber Cruiser, wood [?]. Leigetakar (lodger) busett i Front Street, Portland (City), Multnomah, Oregon. Det er mange som har teke losji her.

Folketeljing USA 1920, 16. jan 1920: Det bur ein Hans Stein som ”roomer” i Fargo City, Cass, North Dakota. Yrke: Arbeidar. Det er vanskeleg å tyde kva som står som alder her. Han bur sikkert i eit losjihus her.

Folketeljing USA 1930, 7. mai 1930: Hans P. Stein,  47 år frå Norge, Yrke: Labourer i  Lumber Camp (skogsarbeidar). Han kom til USA 1909 [?]Han har ikkje hatt arbeid på 30 dagar. Det ser ut for at det er mange som ikkje har hatt arbeid den siste tida. Han har teke losji i Precinct 35, Tacoma City, Pierce, Washington.

Washington Death Index: Hans P. Stein d. 4. April 1971 i Vancouver. Han var busett i Clark.

Nedskrive av Per Ole Reite