Blog Image

Utvandringa frå Volda

Voldautvandring på nett

Utvandringa frå Volda er truleg noko som opptek mange, både i vår eiga kommune og ute i den store verda. Dette er nettstaden som vil vere ein kanal for interesserte. Målet er å samle opplysingar om dei som drog ut. Legg gjerne inn ein kommentar eller skriv e-post til: perolereite@voldautvandring.com

Oversikt over utvandrarar frå Dalsfjorden

Generelt Posted on Mon, December 07, 2020 21:27:35

Kronologisk oversikt over utvandrarar frå Dalsfjord, bygdevis.

Kva er ein dalsfjording og kva er ein utvandrar?

I denne artikkelen er ein dalsfjording ein person som har budd minst eit halvt år i Dalsfjorden. Til Dalsfjorden reknar eg i denne samanheng dei bygdene som i Busetnadsoga for Volda er rekna til Dalsfjorden: Velsvika, Ulvestadbygda, Innselsetbygda, Indre Dalsfjord og Dalsbygda.

Ein utvandrar er ein person som har budd minst eit halvt år i eit anna land, utanfor Europa.  Opphald i dei europeiske landa er ikkje teke med. Tidsperioden  har eg eg avgrensa fram til  ca 1960. Bakover i tid er det ikkje tidsavgrensa. Men det er ikkje funne dokumentert utvandring før ca 1880. Nokre få har kanskje reist noko før.

 X = Heimvende

Velsvika

Torkjel Johannes Sivertsen f. 1838, Sivertgarden, Koppen, til Amerika 1885.

Kristoffer Laurits Larson, f. 1871, Sivertgarden, Koppen, til California 1891 el. 1893. San Francisco, Cal.

Sivert Martinus E. Koppen, f.1870, Eliasgarden, Koppen, frå Ålesund 2.6.1892. Bohnsack Township, Traill, N.Dak.

Kristoffer Johannes Olsen f. 1870,  Hauane, Velsvika. Til USA 1887,1890 el 1896. Oakland, Cal.

Johannes Koppen(John Eliasen), f. 1876, Eliasgarden, Koppen, første gong 1900, 1902. San Francisco, + Oakland, Cal.

Peder Koppen (Eliasen), f. 1881, Eliasgarden, Koppen, frå Ålesund 15.10.1902. San Fracisco

Elisa Marie (Lisa Koppen), f. 1883, Eliasgarden, Koppen, frå Ålesund 15.10.1902. Utah.

Gustav A. P. Høystøyl, f. 1881, Høystøylen, frå Ålesund 15.10.1902. til California. X.

Lars Matias , f. 1882, Sivertgarden Koppen, Velsvika, Uviss reisedato. Stip. 1902. Død i Amerika

Kristoffer Laurits [Ottarson], f. 1882, Ottagarden, Velsvika. Uviss reisedato. Stip. 1902. Amerika.

Matias Johannes O. Velsvik, f. 1878, Hauane, Velsvika, frå Ålesund 26.5.1903. New York. X.

Rasmus Johannes Velsvik, f. 1887, Sjurgarden, Velsvika, frå Kristiania 24.9.1903. Michigan, + Sioux Falls, Minehaha, S.Dakota. Gravlagd: San Diego Cal.

Paul Andreas Sigvald R. Velsvik, f. 1882, Rasmusgarden Velsvika, frå Ålesund 30.3.1905. San Francisco, Cal.

Elias Eliass. Koppen, f 1868, Eliasgarden, Koppen, frå Kristiania 6.4.1905. X. California.

Marte Lovise (Marte Eliasen) f. 1885, Eliasgarden, Koppen, frå Kr.ania 6.4.1905. San Fracisco, California.

Sivert Johannes Larsen Koppen, f. 1866, Sivertgarden, Koppen, til USA 1905, 1912, 1924. San Francisco, Cal. + Prince Rupert B.C..  X.

Peder Gustav [Ottarson] Velsvik, f. 1890, Ottagarden Velsvik, frå Ålesund 18.3.1909. New York. X.

Rasmus Kristoffer Koppen, f. 1891, Sivertgarden, Koppen, frå Ålesund 18.3.1909. New York.

Lars Olai, f. 1889, Sivertgarden Koppen, Velsvika, frå Ålesund  31.3.1910. California. X.

Sjur Gustav Velsvik f. 1884, frå Sjurgarden, Velsvika, frå Ålesund 29.4.1911. Seattle, Wash. X.

Ole Kristoffer Velsvik, f. 1904, Hauane, Velsvika, frå Ålesund 14. februar 1923. Seattle, Wash.

Per (Pete) Sundnes f. 1906, Sundnesgarden, Velsvik, frå Ålesund 16.2.1923. Seattle, Wash.

Einar M. E. Koppen f. 1903, Eliasgarden, Koppen, frå Ålesund 12.3.1923. X. Bellingham, Washington

Jakob M. A. E. Koppen, f. 1898, Eliasgarden, Koppen, frå Ålesund 12.3.1923. Bellingham, Wash.

Mathias K. E. Koppen, f. 1900, Eliasgarden, Koppen, frå Ålesund 17.1.1924. Bellingham, Wash. X.

24 utvandra, 8 heimvende

Det vi seie at om lag 33 % drog heim

Område velsvikingane kom til:

Her er det gjort eit overslag over område utvandrarane frå Velsvika er registrerte i. Nokre personar er registrerte fleire stader. Difor er summen av områda dei kom til større en talet på utvandrarar. Teljinga er gjort med bakgrunn i kjeldematerialet. Kjeldematerialet fangar ikkje alltid opp alle stader kvar enkelt utvandrar har vore i og kan difor ikkje seiast å vere fullstendig.  Men denne oversikta gir oss eit godt innblikk over kva område som var mest aktuelle for utvandrarar frå bygdene i Dalsfjorden. Det bør kanskje også lagast ei liste der kvar einskild utvandrar er oppført med den plassen han endeleg slo seg ned.

6 registrerte i San Francisco, California

3 registrerte i Seattle, Washington

3 Bellingham, Washington

3 New York, NY

2 Oakland, California

1 Traill, Nord Dakota

1 Sioux Falls Sør Dakota

1 San Diego, California

1 Prince Rupert British Colombia

Amerika 3

Utah 1

California 3

Michigan 1

Dei tre sistmnemnde er ikkje opplyst nærare bestemt reisemål enn land og stat

Dersom ein set opp ei oversikt over kva statar dei frå Velsvika kom til så vert oversikta sjåande slik ut:

California 12

Washington 6

New York 3

Nord Dakota 1

Utah 1

Michigan 1

Sør Dakota 1

British Colombia, Canada 1

Amerika, land og stat ukjent 3

Av desse tala kan ein tolke at mange frå Velsvika drog til California. Men også Washington. Dei fleste til Vestkysten  altså. Men me ser at også New York er representert.  Merkverdig er det også at ein ikkje finn dei i Minnesota som var så viktig for ulvestadbygdingane. Canada var heller ikkje eit viktig reisemål for dei frå Velsvika.

Ulvestadbygda

Hans Martinus Thorvik, f. 1843, Sivertgarden Torvika, frå Bergen 20.4.1880. Stoughton, Wisconsin

Jørgine S. Andersd. g. Thorwick, f. 1843, Pergarden, Sætre, frå Bergen 20.4.1880. Stougton, Wisconsin

Mette Karine Nilsd., f. 1840, Nilsgarden, Sætre, estimert utv. 1880. Ukjent stad

Anders B. Pedersen Ulvestad, f. 1864, Krikane, Ulvestad frå Norge omkr. 1880 (1884?). Milwaukee, Wisconsin.

Martinus Stigen f. 1850, til Stigen, Ulvb. 1852, Frå Å. 14.7.1882. Marburg, Port Shepstone, Sør-Afrika.

Ole Anderss. Gift Vinjevold, f. 1847, til Stigen, Ulvestadbygda 1852. Frå Å. 14.7.1882. Marburg P.S., Sør-Afrika.

Peder Andreas Ulvestad, f. 1866, Krikane, frå Bergen 7.5.1886. Milwaukee, Wisc..

Arne Elias Ulvestad, f. 1870, Krikane, frå Bergen 22.3.1888. Ukjent stad. X

Martin Ulvestad, f. 1865, Sammelgarden, frå Norge 1888. Minneapolis, Minn., +Oregon, + Seattle, Wash..

Sivert Olai Ulvestad, f. 1868, Persgarden, Ulvestad, frå Bergen 20.4.1888. Minnesota +Tacoma, Wash.

Hans P. Rasmuss. Feden, f. 1865, Rasmusg., Feta (Lauvstad), frå Bergen 20.4.1888. X.

Ananias M. P. Jonss. Ulvestadnakk, f. 1866,  Johannesg., Nakken, frå Bergen 26.6.1888. Minnesota.

Sivert J. Johanness. Rafteseth, f. 1850, frå Johannesg., Nakken, frå Bergen 26.6.1888. New Solum, Marshall, Minnesota.

Ole P. Rasmuss. Feden, f. 1870, Rasmusg, Feta (Lauvstad), frå Ålesund 5.3.1891. Norman, Minnesota, Juneau, Alaska.

Paul Matias Ulvestad, f. 1872, Krikane, frå Ålesund 26.3.1891. Wiconsin. X.

Enok O. Ulvestad, f. 1874, Krikane, frå Ålesund 26.3.1891. Minneapolis, + Seattle.

Johannes T. (John) Robertson, f. 1873, Rasmusg., Feta, frå Ålesund 2.6.1892. Perley, Minnesota, + Fargo, N. Dakota eller Minnesota, + Los Angeles California

Gustav M. Jonss. Nakken, f. 1870, Johannesg., Nakken, frå Ålesund 2.6.1892. New Solum, Marshall, Minnesota.

Søren. E. Anderss. Sætreås, f. 1870, Pålgarden, Sætreåsen, frå Ålesund 2.6.1892. Clay, Minnesota + Portland, Oregon. X.

Peder Olai B. Ulvestadhaug, f.1861, Larsgarden, Haugen, frå Ålesund 1.8.1892. Plummer, Minnesota.

Ole B. A. B. Ulvestadhaug, f. 1865, Larsgarden, Haugen, frå Ålesund 1.8.1892. Duluth, Minnesota

Theodora Ulvestadhaug, f. 1865, Larsgarden, Haugen, frå Ålesund 1.8.1892. Minnesota

Oline Marta Haugen, f. 1891, Larsgarden, Haugen, frå Ålesund 1.8.1892. Minnesota.

Peder A. P. Ulvestad, f. 1871, Sammelgarden, frå Norge 1894. Minot, N. Dakota

Sivert K. Rasmuss. Feden, f. 1877, Ramusg, Feta, frå Norge 1895. Tacoma + Auburn Washington + Oregon + Valley, King, Washington

Oline Andrine  Sivertsd. g. Sandnes, f. 1874, Holå, Løndalen, frå Bergen 28.5.1898. Barnes, N. Dakota.

Jakob K. P. Ulvestad, f. 1880, Nylænde, Ulvestad, frå Ålesund 1.2.1900. Alaska + Stewart B.C.

Lars S. Feden, f. 1880, Sivergarden, Feta (Lauvstad), frå Ålesund 1.2.1900. Lee Township, Norman County, Minnesota + Hendrum, Norman, Minn. + Dodson, Chouteau, Montana + Sandpoint City, Bonner, Idaho + Seattle Washington + Spokane, Washington + død i Los Angeles.

Jakob M. Sivertss. Løndal, f. 1875, Holå,  Løndalen, frå Ålesund 1.2.1900. Minnesota + Litchville, Barnes, N. Dakota + Seattle, Washington.

Elling B. E. Ulvestad, f. 1876, Hansgarden,  Ulvestad frå Ålesund 18.4.1900. Lee, Norman, Minnesota + død i Garden Bay B.C.

Ole J. A. Ulvestad (John Thorwick), f. 1879, Krikane, til USA 1901. Milwaukee, Wisconsin.

Rasmus J. Sivertss. Løndal, f. 1881, Holå, Løndalen + Rasmusg. Espen., frå Norge 1902. La Moure, N. Dakota. X.

Anders Johannes Nakken, f. 1882, Johannesg. Nakken, frå Ålesund 1.5.1902. Minnesota.

Elling L. Anderss. Sæterås, f. 1876, Pålgarden, Sætreåsen, frå  Ålesund 19.5.1903. Minnesota, +Gladstone,La MoureN. Dakota.

Hans M. Ulvestad, f. 1881, Jonsgarden, Ulvestad frå Ålesund 19.5.1903. Dakota

Ole M. E. Ulvestad, 1884, Hansgarden,Ulvestad til Amerika 1904. Sitka, Alaska.+ Død Prince Rupert B.C.,Canada.

Elling J. M. A. Skaret, f. 1882, Skaret, frå Ålesund 18.2.1904. Minnesota + La Moure, North Dakota + Endiang, Hanna, southeastern Alberta. + West Seattles Olympic heights neighborhood

Marta S. Sivertsd. Løndal, f. 1884, Holå, Løndalen + Hånes, Rovde, frå Norge 1904. X. Litchville, N. Dakota.

Ragnhild Marta Knutsd., f. 1855, Nilsgarden, Sætre + Bergen, frå Bergen 18.7.1904. Blair, Wisconsin + Duluth, St Louis, Minnesota

Lars K. B. Larsen Grøthol, f. 1881, Grøtholen, Sætreåsen, frå Ålesund 15.2.1906. Minnesot. X.

Hans Andreas Pedersen Ulvestad, Nylænde, frå Ålesund 14.3.1907. Minnesota. Alice Arms B.C.

Elias M. Nilcolais.  Molvik, f. 1888, Molvikgarden, Sætre, frå Ålesund 14.3.1907. Minnesota. + Prince Rupert BC. + Vancouver BC. Tacoma + Seattle + Skagit , Washington USA.

Ragnvald B. N. Molvik, f. 1890, Molvikg. Sætre, frå Ålesund 23.4.1909. Minnesota, + Alberta, Can.

Martinus B. J. Haugen, f. 1887, Johangarden, Haugen, frå Ålesund 23.4. 1909. Minnesota. X.

Anders Martinus Torvik, f. 1875, Sivertgarden, Torvika, frå Å. 12.3.1910. Seattle.

Knut Johannes Olai P. Haugen, Pettergarden, Haugen , frå Ålesund 23.4.1910. Minnesota. X.

Ole S. Peders. Sætre, f. 1891, Pergarden, Sætre, frå Ålesund 23.4.1910. Deluth, Minnesota.

Knut Pedersen Sætre, f. 1898, Pergarden, Sætre, estimert utv. 1920 (før 1923). Philadelpia, + Brooklyn New York + segla på sjøane.

Mathias Thorss. Fløtre, f. 1895, Breim, seinare Bøen, Espenakken, frå Bergen 1.9.1921. Peterburg, Nebraska. X.

Ragnvald Sivertsen Kvangarsnes, f. 1900, Sivertg. Kvanngardsn., frå Ålesund 12.5.1923. Tacoma, + Everett, Washington.

Elias K. P. Ulvestad, f. 1905, Persgarden, Ulvestad, frå Ålesund 12.5.1923. Tacoma, Washington

Ole E. L. Jakobss. Telset, f. 1883, Olagarden, Telset, frå Å. 19.1.1924. Canada.  X.

Nils M. Larss. Sætre, f. 1900, Nilsgarden, Sætre, frå Ålesund 19.1.1924. Canada + Tacoma, Washington. X.

Sivert O. Rasmuss. Sætre, f. 1907, Nyheim, Sætre, frå Ålesund 21.1.1925. Duluth, Minnesota.

Reidar Rasmuss. Skalde, f. 1908, Tue, Vanylven, seinare Bøen, frå Bergen 7.3.1925. Tampico, Montana. X.

Arthur Ulvestad, f. 1897, Krikane, frå Bergen 25.3.1925. Milwaukee, Wisconsin.

Klaus J. Jakobss. Telset,  f. 1896, Olagarden, Telset, frå Å. 22.5.1925. Prince Rupert, BC. 

Anders J. Pauls. Sæterås, f. 1901, Pålgarden, Sætreåsen, frå Ålesund 8.4.1926. La Moure N.D, +Portland, Oregon, + Seattle Wash., X.

Johannes O. J. Sætre, f. 1900, Knuteg., Sætre, frå Bergen 7.5.1926. La Moure N. Dak., +Seattle, Wash., + Platinum, Alaska.X.

Einar K. Telset, f. 1900, Olagarden, Telset, frå Ålesund 11.5.1929. Prince Rupert, + død New Westminister.

Jenny Sivertsd. g. Hetland, f. 1903, Sivertg. Kvangardsn., frå Oslo 13.6.1930. Coronack, Saskat., + Chilliwack B.C

Knut Leiv Ulvestad f. 1919, Jogarden,  Ulvestad sjømann, estimert frå Norge 1939?. Washington.

Sigurd B. Hanss. Velsvik, f. 1907, Torsheim, Torvika, Ulvb., frå Norge 1940. Krig. Durban + USA, X.

Ola I. H. Velsvik f. 1917, Torsheim Torvika, frå Norge 1940. Krig. Cape Town, SA + New York. X.

Bjørn Sætre, Montana ?

Kvar drog ulvestadbygdingane?

Oversikt over statar dei er registrerte i, fordeler seg slik:

Minnesota 25

Washington 17

Wisconsin 8

Nord Dakota 8

Alaska 4

Oregon 4

California 2

Idaho 1

British Colombia, Canada 10.

Natal, Sør-Afrika 2

Stader innanfor statane med  4 registreringar og meir

Milwaukee, Wisc. 4

Duluth, Minne 4

Tacoma, Wash. 6

Seattle, Wash. 6

64 el 65 personar?

17 heimvende for godt

Det vil seie om lag 26,5 % kom heim til Norge.

Dravlausbygda

Paul Severin [Nilson Lillebø], f. 1849, Steffagarden, Dravlb. Estimert utv. 1870 ? Australia, New Zealand og Amerika.

Erik A. K. Reite, f. 1846, Ytstereitane, Dravlb., seinare Vanylven, frå Bergen 15.5.1880. Benson, Minnesota.

Jon M. P. Lillebø, f. 1845, Ellingegarden, Dravlb., frå Ålesund 14.7.1882. Marburg, Port Shepstone, Kwa Zulu Natal

Kanutte P. A. Lillebø, f. 1844, Perg. In. Dale, seinare Elling., Dravlb., frå Åles. 14.7.1882. Marburg, Kwa Zulu Natal, Sør-Afrika

Peder A. O. Lillebø, f. 1869, Elling. Dravlb., frå Ålesund 14.7.1882. Marburg + Durban Kwa Zulu Natal + d. Rhodesia.

Anna P. Lillebø g. Sarsons, f. 1871, Elling., Dravlb, frå Ålesund 14.7.1882. Marburg + Rhodesia

Pernille M. Lillebø g. Boyd, f. 1874, Ellingg., Dravlb., frå Ålesund 14.7.1882. Marburg, S-A + Rhodesia.

Andreas J. M. Lillebø, f. 1878, Ellingg., Dravlb., frå Ålesund 14.7.1882. Marburg, Port Shepstone, Sør-Afrika

Nikoline M. P. Løndahl, f.1862, Ø. Lønd, Folkest. + Garden, Dravlb. , frå Åls. 14.7.1882. Marburg + Pietermaritzburg, Kwa Zulu Natal.

Peder J. K. Drabløsreite, f. 1863, Midtreitane, Dravlb., Til Xania 1882, Estimert utv. 1885. Amerika

Ole K. K. Drabløsreite, f. 1865, Midtreitane, Dravlb., frå Bergen 6.5.1887. Amerika. Kanskje San Francisco.

Johanne L. Larsd. f. 1849, Garden, Ind. Dravl., frå Bergen 10.6.1887. Amerika. Kanskje Minnesota.

Rasmus Eliass. Lid, f. 1865, Lida, Ind. Dravl., frå Norge 1882 el. 1888. Perley, + Clay, Minnesota

Daniel O. P. Lyngnæs, f. 1868, Hansg. Lyngn., Dravlb., frå Ålesund 5.3.1891. Minnesota

Jon K. Myhre, f. 1869, Myra, Ind. Dravl., frå Ålesund 2.6.1892. Perley, + Norman, Minnesota.

Ananias O. Sivertss, f. 1867, Myra, Ind. Dravl., frå Ålesund 13.4.1893. Minnesota. X

Daniel O. Larsen Næs, f. 1867, Søvika, seinare Sjurg., Vika, frå Åles. 13.4.1893. Minnesota X.

Rasmus A. Larss., f. 1873, Lyngstad, Lyngn.+ Hauane, Dravlb., frå Å. 13.4.1893. Minnesota + Nord Dakota. X.

Andreas Martinus Skrubbenes, f. 1857, Skrubbeneset, Dravlb., frå Bergen 12.9.1898. Carbonado, Wahington + Montana. X.

Nils K. Steffensen, f. 1869, Steffag. og Elling, Dravlb., frå Åles. 21.6.1900. X. Boston, Mass. + Portland, Oregon, + Chicago, Illinois.

Ole A. Pedersen, f. 1873, Hansg. Lyngn., Dravlb., estimert utv. ca 1900. Amerika + d. Frankrike

Elias M. Drabløslid, f. 1881, Lida, Ind. Dravl., frå Ålesund 6.3.1901. Minnesota

Elias A. Sivertsen, f. 1877, Plassen, Lisjeb., Dravlb., frå Ålesund 14.3.1901. Canada. D. Victoria, B.C, Canada

Oline Marta Drabløs g. Anderson, f. 1875, Nygjerde, Ind. Dravl., frå Norge 1901. Eureka, California + Seattle, King, Washington.

Torbjørn Olai Eliass. Nesheim, f. 1882, Skrubbeneset, Dravlb., frå Ålesund 20.6.1901. Carbonado, Washington, + Stewart B.C + Port Alberni. X.

Sivert O. S. Lillebø, f. 1873, Steffag. og Bakken, Dravlb., frå Norge ca. 1902. Portland Oregon, + San Francisco, California. X.

Sjur Jakobs. Indre-Dravlaus, f. 1883, Garden, Dravlb, frå Norge 1902. Amerika, Canada. 

Knut J. K. (Charly) Reite, f. 1883, Ytstereitane, Dravlb., frå Ålesund 24.2.1904. California og Brtish Colombia.

Paul S. Lillebø, f. 1882, Steffag., Dravlb og Skjervheim, Vanylven, frå Åles. 24.2.1904. California. Seattle kanskje. X.

Jakob S. E. Lillebø, f. 1885, Ellingg. Dravlb., frå Ålesund 17.3.1904. Visconsin, Illinois  og Minnesota. X.

Peder K. O. (Pit) Drabløslid, f. 1885, Lida, Ind. Dravl., frå Ålesund 18.2.1904 el. 19.4.1912. Canada, + Califonia, + Mexico.  X.

Ole M.O. Drabløs, f. 1886, Olag., Yt. Dravl., frå Ålesund 21.3.1906. Carbonado, Washington, + Prince Rupert B.C. X.

Ole J. Drabløs, f. 1885, Hansgarden, Yt.Drav., frå Ålesund 21.3.1906. Eureka, California + Prince Rupert B.C. X.  

Peder J. K. Reite, f. 1886, Ytstereitane, Dravlb., frå Ålesund 21.3.1906. Eureka, California, Prince Rupert B.C., Port Alberni. X.

Gurine P. Sivertsd. Lillebø, Plassen, Lisjeb., Dravlb., frå Bergen 1.5.1906. Revelstoke + Kamloops, B.C.

Rasmus K. J. Drabløs, f. 1884, Hansgarden, Yt.Drav., frå Ålesund 11.4.1907. Eureka, California, + Portland Oregon, + Gresham, Multnomah, Washignton

Lars P. Anders. Lillebø, f. 1887, Lyngn.+ Bugen +Eliasg, Rossv., frå Åles.18.3.1909. Seattle, Washington. X.

Johannes A. R. Reite, f. 1890, Instereitane, Dravlb., frå Norge mars 1909. Seattle, Washington, Kanskje Prince Rupert. X.

Knut S. A. Sivertsen, Plassen, Lisjeb., Dravlb., frå Åles. 12.3.1910. Revelstoke, B.C., Canada.

Knut B. S. Hjelle, f. 1889, Løvikneset + Larsg., Løvika, frå Ålesund 12.3.1910. Blackfoot, Idaho. X.

Ingvald O. Drabløs, f. 1892, Nygjerde, Ind. Dravl., frå Ålesund 12.3.1910. Seattle, Washington X.

Sivert E. A. R. Reite, f. 1887, Instereitane, Dravlb., frå Ålesund 12.3.1910. Seattle, Washington, + Port Alberni B.C., Canada. X.

Samund Hanss. Lyngnes, f. 1889, Hansg., Lyngn., Dravlb., frå Åles. 12.3.1910. Eureka, California. X.

Hans J. E. Lyngnes, f. 1890, Sjureg., Straume + Eliasg., Lyngnes, frå Åles. 12.3.1910. Eureka, Claifornia. X.

Peder J. L. Løvik, f. 1890, Larsg., Løvika, frå Åles. 12.3.1910. Eureka, California. X.

Rasmus Elias Lillebø, f.1895, Steffag., Dravlb., frå Åles. 24.4.1911.  Seattle, California.

Petrine J. J. Drabløs, f. 1877, g. Jellestad, Garden, Dravlb., frå Ålesund 8.3.1913.Minnesota + Truleg Elm Tree, Nord Dakota.

Anders M. K. Drabløs, f. 1906, Andersg., Yt. Dravl., frå Ålesund 13.9.1922. New York.

Johan H. R. Drabløs, f. 1900, Hansg., Yt. Dravl., frå Ålesund 12.3.1923. Portland, Oregon.

Sverre J. R. Lillebø, f. 1899, Steffag., Dravlb., frå Ålesund 11.8.1923 Pagwa River. X.

Jakob T. Garen (Drabløs), f. 1901, Garden, Dravlb., frå Ålesund 19.1.1924. Port Alberni, B.C., Canada.

Rasmus Løvik, f. 1897, Petterg. Løvika, frå Ålesund 19.1.1924. Port Alberni, + Vancouver, B.C.

Peder N. R. Drabløs, f.1898, Hansg., Yt. Dravl., frå Ålesund 23.2.1924. Prince Rupert B.C., Canada.

Lars A. O. Drabløs, f. 1896, Tunheim og Solbakken, Yt. Dravl., frå Ålesund 23.2.1924. Canada. X.

Norvald Sigurd Rødseth, f. 1903, Budde ei stund på Plassen Dravlauslisjebøen frå Trondheim 11.9.1924. Canada.

Ingeborg A. K. Drabløs g. Olsen, f. 1880, Garden, Dravlb., frå Ålesund 11.9.1925. Mc Kenzie, Nord Dakota.

Ole K. K. Reite, f. 1893, Ytstereitane, Dravlb., frå Ålesund 28.6.1926. Prince Rupert, B.C. Canada. X.

Knut E. E. Reite, f. 1908, Ytstereitane, Dravlb., frå Ålesund 9.10.1926. Prince Ruper B.C.

Johan S. Hanss. Lyngnes, f. 1904, Hansg. Lyngn., Dravlb., frå Ålesund 23.2.1927. Prince Rupert, +North Vancouver, B.C., Canada.

Olaug M. A. Myren g. Lillebø, f. 1903, Myra + Steffag., Dravb., frå Norge 1932. Pagwa, Ontario, Canada.  X.

Sivert J. Raudøy, f. 1903, Ørsta, + Solstad, Lisjeb., Dravlb., frå Norge ca. 1935. Canada.

Sverre Reite, f. 1926, Ellingg., Dravlb., frå Oslo 1949.  White Horse, Yukon, + Vancouver B.C.

Alv P. P. Reite, f. 1927, Ellingg., Dravlb., frå Oslo 1949. B.C. og Alaska, Canada. X.

Elling Nils Reite, f. 1922, Ellingg., Dravlb., frå Oslo  18.4.1950. Port Alberni og Ucluelet, Vancouver Island, B.C., Canada.

Jorunn Bø g. Reite, f. 1926, Breim, Gloppen, teneste i Breivika, Dravb., frå Oslo 18.4.1950. Port Alberni og Ucluelet, Vancouver Island, B.C., Canada.

Anna S. J. E. Lillebø g. Reite, f. 1887, Ellingg., Dravlb, frå Oslo 7.11.1950. X. Port Alberni B.C. X

Petra Elisa Drabløs, f.22.10.1915, Olag., Yt. Dravl., frå Bergen 8.10.1956. Chicago, Illinois. X.

Aasta E. Lillebø, f. 1935, Pagwa River + Steffag. , Dravlb., frå Norge ????

68 emigrantar

28 heimvende

Om lag 41 % vende heim til Norge. Det er ein stor del samanlikna med dei andre bygdene.

Utvandringa frå Dravlausbygda fordelt på statar dei reiste til

British Colombia, Canada 26

Canada elles 5

Ontario, Canada 3

California, USA 13

Minnesota 12

Washington 11

Oregon 4

Nord Dakota 3

Natal, Sør-Afrika 7

Rhodesia 4

Alaska 2

Illinois 2

Montana 1

Massachusetts 1

Wisconsin 1

Idaho 1

New York 1

Mexico 1

Australia

New Zealand

Stader i dei ulike statane som er registrerte flest gonger (registreringar over 3)

Eureka, California 8

Seattle, Washington 7

Port Alberni, British Colombia 7

Prince Rupert, BC  7

Portland, Oregon 4

Carbonado, Washington 3

Vancouver, B.C. 3

Marburg, Port Shepstone, Sør-Afrika 7

Bulawayo, Rhodesia 3

Særpreget ved utvandringa frå Dravlausbygda er den store delen som drog  til British Columbia i Canada. Me kan seie at dette for ein stor del handlar om vestkysten av Canada og USA. Dravlausbygda hadde med andre ord 3 gongar så mange registreringar til B.C. som Ulvestadbygda. 26 mot 9. Ulvestadbygda hadde til gjengjeld dobbelt så mange registreringar  til Minnesota. 25 mot 12. Ulvestadbygda hadde 17 til Washington. Dravlausbygda 11. Ulvestadbygda hadde 2 registringar i California medan Dravlausbygda hadde 13.

Men utvandringa til Marburg, Natal i Sør-Afrika er også noko å merke seg frå Dravlausbygda. Det er hovudsakleg 1 familie som er årsak til det. Familien Lillebø som drog i 1882. Dei utgjer om lag 10 % av utvandrarane frå Dravlausbygda. Interessant også at nokre av dei drog til det som heitte Rhodesia i dagens Zimbabwe.

Familien Lillebø var også den einaste heile familien med born som utvandra frå Dravlausbygda. Det må likevel nemnast at Erik Reite frå Ytste Reite også utvandra med heile familien. Men kona og borna budde ikkje her.

Innselsetbygda

Jørgen N. L. [Aksnessæter], f. 1864, Aksnessætra (Øygarden), estimert utvandra 1890. Amerika

Peder E. [Olsen Innselset], f. 1873, Monsg., Innselset, estimert utvandra 1895. Johannesburg, Sør-Afrika

Sigurd K. R. Fløtre, f. 1888, Aksnessætra (Øygarden), frå Åles. 29.4.1909. Nebraska, USA + Vancouver, Canada. X.

Karen R. Fløtre g. Larsen, f. 1892, Aksnessætra (Øygarden), frå Åles. 8.11.1909. Wyoming, + kanskje Montana.

Samund O. J. Aksnes, f. 1890, Johangarden, Aksneset, frå Ålesund 23.4.1910. Chauvin, Alberta, Canada

Peder J. J. Velsvik, f. 1900, Monsgarden, Innselset, frå Åles. 30.11.1923. Tacoma; Washington + Yellowstone, Wyoming

Maren L. Fløtre g. Velsvik, f. 1900, Aksnessætra (Øygarden), frå Åles. 30.11.1923. Tacoma, Wash. Men kanskje også ei stund Wyoming hos systera.

Ole Johansen Aksnes, f. 1898 Johangarden, Aksneset, frå Ålesund 23.2.1924. Canada. X.

Daniel T. Fløtre, f. 1904, Aksnessætra (Øygarden), frå Ålesund 23.2.1924. Vancouver,+ kanskje Wallace, Shoeshone, Idaho

9 utvandra

2 heimvende

22,2 % heim til Norge.

Spreidde reisemål for Innselsetbygda. Litt tynt talmateriale for å seie om noko område peika seg ut.

Av dei 9 finn me alt frå Johannesburg i Sør-Afrika til Yellowstone Wyoming. Alberta i Canada til  Tacoma, Washington, Vancouver British Colombia og Wallace i Idaho. Mest merkverdig er den unike spreidinga.

Indre Dalsfjord

Hans Jonss. Wasbakke, f. 1848, Jogarden, Vassb., frå Volda 3.6.1872. Hamn Quebec.  Amerika

(Frans) Rasmus Mortensen Ommelfot, f. 1855, Marting., Ind. Åm., frå Bergen 18.5.1880. Norden, Polk, Minnesota.

Martin Rasmuss., f. 1825, Ellingsg., Steinsv. + Marting., Ind. Åm., frå Ålesund 13.4.1892.  Minnesota. X.

Anne M. P. Olsd. G. Berrisford, f. 1874, Åmelfotsætra, frå Bergen 27.8.1892. Duluth, Minnesota.

Knut A. Olsen Aamelfot, f. 1867, Jogarden, Ind. Åm., frå Ålesund 13.4.1892. Minnesota

Mathias J. Olsen Amelfod, f. 1872, Jogarden, Ind. Åm., frå Ålesund 27.4.1898 . Minnesota

Rasmus J. O. Aamelfot, f. 1882, Perag., Yt. Åmelf., frå Volda 10.4.1902. Ulvestad, Oregon. +Troy, Kansas. + Jackson, Oregon X.

Hans P. Peders. Steinsvik, f. 1883, Metteg., Steinsvika, frå Norge mars 1906. Carbonado + Tacoma, Washington. + Multnomah, Oregon

Ole M. H. Vassbakke, f. 1889, Hansg.,Vassb., frå Ålesund 10.5.1910. Montreal, Quebec. X.

Rasmus K. K. Aamelfot, f. 1887, Sam.g., Yt. Åm. + Insteb., Yt. Dale, frå Å. 21.4.1910. Portland, Oregon. X.

Peder Severin Ommel, f. 1889, Perag., Yt. Åm, frå Ålesund 21.4.1910. Hamn Quebec Ulvestad, Oregon.  + Hoston, Kansas. + East hampton, Middlesex, Conecticut.

Per S. R. Steinsvik, f. 1889, Ellingsgarden, Steinsvika, frå Åles. 10.5.1910.  Mål Fort William, Canada. Busett seinare Everett Washington. Død Seattle, Washington.

Kristoffer J. Rinde, f. 1881, Jøsok, Herøy, seinare Jostranda etter USA, frå Åles. 31.1.1924.  Tacoma, Washington. X.

Benjamin A. A. Nordal, f. 1894, Syvde, seinare Sivertg., Mårstøylen, frå Chr.iania. 7.8.1920. Mål : Wolf Point, Montana, + Seattle; Washington.

Johanne R. Olsd. Aamelfot, f. 1896, Perag, Yt. Åm., frå Ålesund 20.11.1916. Mål: Troy Kansas

Kanutte G. (Kanna) R. Nordal g. Hofgard, f. 1922, Jog., Ind. Åm., frå South. 4.11.1948.  Mål: Seattle, Washington, + Busett Iowa, USA

 Arne R. Nordal, f. 1926, Jog. Ind. Åm, frå South. 19.nov. 1948. Busett Seattle. Kanskje også San Francisco, Cal..

Severine O. J. Aamelfot g. Nordal, f. 1892, Jog., Ind. Åm., frå Norge aug. 1954. Seattle, Washington.

Rasmus K. A. Nordal, f. 1886, Syvde + Jog., Ind. Åm. + Ålesund, frå Ålesund 31.3.1910 +, frå Norge aug. 1954. Montana + Seattle, Washington.

19 utvandra

5 heimvende

26,3 % heim til Norge.

Utvandringa frå Indre Dalsfjord fordelte på registrerte statar dei reiste til

Washington 10

Minnesota 5

Oregon 5

Kansas 3

Montana 2

Connecticut 1

Iowa 1

California 1

Quebec, Canada 1

Ontario, Canada 1

Amerika 1

Viss nokon stat peikar seg ut for dei frå Indre Dalsfjord må det vere Washington. Om lag ein tredel av registreringane er gjort der. Eit trekk som viser seg er at Minnesota og Oregon var dei to statane der dei fyrste reiste til. Seinare kom Washington inn i bildet. Verken British Columbia eller California var viktig for dei frå Indre Dalsfjord dvs. Åmelfoten og Steinsvika

Av stader innanfor dei ulike statane som har flest registreingar finn me  Seattle i Washington som peikar seg ut med 6 registreringar. Elles er det ingen stader som har fleire enn 2 registreringar slik som Ulvestad, Oregon med 2 registrerte og Troy, Kansas

Dalsbygda

Ole Dahle, f. 1853, Pergarden, Indre Dale, Dalsb., frå Norge 1880 eller 1881. Minneapolis, + farm island, + Starbuck Village, Minnesota, + Shell Creek, Madison, Nebraska.

Zakarias N. Brune, f. 1858, Brunene, Dalsb., frå Bergen 6.5.1881. Polk County, Minnesota + Fort Williams, Canada

Jon Britanus Hjelle, f. 1858, Nedste Hjellane, Dalsb., frå Bergen 3.3.1882. Fargo, Nord Dakota

Malene Karoline Eidseth, f. 1865, Øvsteg., Eisset, Dalsb., frå Åles. 14.7.1882. Marburg, + Pietermaritzburg, Sør-Afrika, + England

Peder N. Andreass. Dahle, f. 1856, Perg., Indre Dale, Dalsb., frå Ålesund 14.7.1882. Marburg + Johannesburg, Sør-Afrika.

Peder Pederss. Brune, f. 1835, Danielg, Helset, Bj.dalen + Sjursg. Brun., frå Å. 14.7.1882. Marburg, Natal + Delgoa Bay, noverande Mosambik

Ole J. Brune, f. 1873, Sjursg. Brunene, frå Ålesund 14.7.1882. Marburg + Johannesburg.

Marte Larsd. Lillebø g. Bjørkelund, f. 1847, Abelg., Dalsb.+Nedre Mork, frå Å. 14.7.1882. Marburg + johannesburg, Sør Afrika

Ragnhild S. N. Lillebø g. Løndal f. 1854, Øvsteg. Dalslisjeb., frå Åles. 14.7.1882. Marburg, Sør-Afrika

Marta Nikoline Løndal g. Carlson f. 1878, Øvsteg. Dalslisjeb., frå Åles. 14.7.1882. Marburg, Sør-Afrika

Ole Knutss. Hjelle, f. 1855, Nedste Hjellane, Dalsb., frå Bergen 9.5.1884. Amerika. X.

Anne E. Nilsd. Lillebø f. 1862, Øvsteg. Dalslisjeb., frå Bergen 13.8.1886. Norman County Minnesota.

Rasmus A. K. K. Eidset, f. 1863, Nedsteg., Eisset, Dalsb., frå Bergen 18.10.1886. Marinette, Wisconsin.

Ole M. O.  Brune , f. 1866, Brunene, Dalsb. frå Bergen 6.5.1887.  Cloquet Village, Carlton, Minnesota.

Marte Nilsd. g. Folkestad, f. 1850, Øvsteg. Dalslisjeb., frå Bergen 20.4.1888. X. Gary, Minnesota.

Ole K. O. Folkestad, f.1844, Folkestad, seinare Øvsteg. Dalslisjeb, frå Bergen 20.4.1888. Minnesota.X.

Kristine Nikoline Olsd. Folkestad f. 1879, Øvsteg. Dalsb, frå Bergen 20.4.1888. Minnesota. X.

Abelone Eline Olsd. Folkestad f.1882, Øvsteg. Dalsb, frå Brg. 20.4.1888. Minnesota. X

Larsine Oluffa Olsd. Folkestad, f. 1884, Øvsteg. Dalsb., frå Brg. 20.4.1888. Minnesota. X

Abel J. O. Eidseth, f. 1867, Øvsteg., Eisset, Dalsb., estimert utv. 1890. Durban, KZ Natal, X.

Knut O. Knutsen Eidset, f. 1867, Nedsteg., Eisset, Dalsb., estimert utvandra 1890, Amerika.

Knut A. Olsen Lillebø, f. 1873, Larsg. [?], Lisjeb., Dalsb, frå Åles. 12.4.1894. Minnesota

Knut O. Brune, f. 1864, Brunene, Dalsb, frå Bergen 16.9.1895. Mobile, Alabama.Fort William, Fort Arthur,, Tunder Bay, Ontario, Canada

Nikoline Marte Brune, f. 1870, Brunene, Dalsb., frå Bergen 16.9.1895.  Mobile, Alabama X ??.

Randine (Dina) M. J. Hesteflot g. Brune, f. 1870, Hestefl, frå Bergen 16.9.1895. Mobile, Alabama, + Fort William, Ontario. X.

Torvald Brune, f. 1893, Rouen, Frankr., + Volda,  frå Bergen 16.9.1895. Fort William, Ontario

Johannes (Jan) Brune, f. 1895, Rouen, Frankrike, frå Bergen 16.9.1895. Fort William, Ont. X.

Johannes A. Brune, f. 1873, Brunene, Dalsb., estimert utv. 1895. Sør-Afrika. X.

Peder E. J. Hesteflot, f. 1874, Hestefl., Dalsb., frå Åles. 23.4.1896. Mobile, Alabama + New Orleans

Olave H. Brune g. Dahle, f. 1875, Brunene, Dalsb., frå Noreg 1899. Cloquet + Aitkin, Minnesota.

Johannes A. K. (John) Dahle, f. 1870, Ytsteb., Yt. Dale, Dalsb., frå Norge 1899. Cloquet + Aitkin, Minnesota.

Knut A. Rasmuss. Eidset, f. 1842, Nedsteg., Eisset, Dalsb., frå Åles. 5.12.1901. Chicago. X.

Sivert T. O. Brune, f. 1882, Brunene, + Hesteflot., Dalsb., frå Kristiania 6.6.1902. Fort Willliam + Kenora Ontario + Winnipeg, Manitoba.

Jakob A. K. Dalberg Heltne, f. 1859, Dalbergane + Heltne ,frå Åles. 25.6.1903. Durban, S-A. X.

Peder T. K. Brune, f. 1901, Kristiania, bustad Volda, frå Bergen 8.7.1904. Fort William, Ont. X?

Elias A. J. Hesteflot, f. 1881, Hestefl., seinare Jostranda, frå Åles. 6.4.1905. Canada. X.

Ole J. Anders. Rangsæter f. 1885, Rangsætra, Dalsb., frå Åles. 19.04.1906. Canada. X.

Peder A. A. Eidset, f. 1889, Øvsteg, Eisset, Dalsb., frå Ålesund 15.4.1909. Aitkin, + Crow Wing, MinnesotaX

Erik A. Anders. Rangsæter f. 1882, Rangsætra, Dalsb., frå Åles. 29.4.1909. Fort William, Ontario

Aron I. T. Nilsen, f. 1872, Bleik, Andøya, seinare Abelg, Dalsb.  Frå Liverpool 4.6.1909. Tacom Washington. X.

Sivert Martin Eidseth, f. 1892, Nedsteg. Eisset, Dalsb., frå Åles. 23.4 1910. Canada + Ohio + California. Budd mange stader sist Mendocino, California.

Peder A. Pedersen Dahle, f. 1891, Perg, Ind. Dale, Dalsb., frå Åles. 31.3.1910.  Canada.

Jon A. P. (Jonny) Dale, f. 1902, Perg., Ind. Dale, Dalsb., frå Åles. 20.4.1923. Vancouver, BC.

Ole Andreas Eliason, f. 1897, Eliasg., Rossetvikane, estimert utvandra 1925. Vancouver, BC.

Ole A. E. H. Brune, f. 1885, Sjursg. Brunene, frå Ålesund 23.2.1927. BC, Canada. X.

45 utvandra. 19 heimvende

=  ca 42% heimvende er eit høgt tal.

10 til Sør-Afrika er eit høgt tal i forhold til totalen. Alle 10 er registrert i KZ Natal. Det vil sei at omlag ¼ del (22,22%) av utvandrarane drog dit. Det viser kor viktig dette landet var som reisemål for enkelte bygder. I tillegg er minst 3 registrert i Johannesburg. Det gjeld altså 3 personar av dei 10.

16 bustadregistreringar i Minnesota. Det tyder ikkje at det er 16 personar som har budd der. Det kan vere at ein person har budd fleire stader i Minnesota. Vidare peika Fort Williams –området seg ut med 9 registreringar i Ontario. Canada elles 7 registreringar der minst 2 er i Vancouver. Mobile, Alabama har 4 registreringar. Andre statar som er registrert med 1 er: Nebraska, Nord Dakota, Wisconsin, Washington, California og Manitoba, Can.



Utvandra frå Dalsbygda

Frå Dalsbygda Posted on Mon, December 07, 2020 21:19:18

Utvandra frå Dalsbygda frå Eidset til Rossetvikane

Nedstegarden, Eisset

Knut Andreas Rasmussen (19.4.1842-21.6.1905) gift og busett her (BSVD s. 515).

Skanna kyrkjebøker, Ministerialbok Volda i Volda, Utflytte 1901: Tømmermand, Knut Andreas Rasmussen til Amerika, f. 1842, reiste til Amerika 1901. Usikkert om han verkeleg reiste til Amerika.

EÅ DigArk: 5.12.1901 reiste Knud R. Eideseth, 55 år, gift, tømmermann, frå Volden, med Dominionlinien til Chikago. Billett: Prepaid. [Er det ein av sønene som har spandert billett på han?]

Rasmus Andreas Kornelius [Knutss.] Eidset (8,5.1863-?), reiste til Amerika, gift der (BSVD s. 515).

EB DigArk: 18.10.1886 Reiste Rasmus Knutsen Esesæt, 23 år, f. 1863, føde og bustad Volden, ugift tenestedreng med American Linie. Medreisande frå Ørsta i Volda: Lauritz Knutsen Bjørdal, Paul Johnsen Bjørdal, Arne Kristiansen Brautesæt, Anders Henriksen Ørstenvik, Elisabeth Magnusdatter Rebbestad.

RSMNH: Alle frå Ørsta skal til Marinette i Wisconsin, på skogsarbeid. Otto B. Olson Brautaset er reiseleiar.

NYPL 1886: Rasmus K. Esesæt, 23 år, arbeidar, reiste med SS ”Servia” frå Liverpool, framme i New York 9.11.1886, skal til Wisconsin.

Folketeljing i USA 1910: Andrew Knutson 46 år, Kona Elisabeth 44 år [Han kan ha gifta seg med Elizabeth Magnusdatter Rebbestad f. 1865 rett etter at dei immigrerte. Alle årstal tilseier at det kan vere henne og han Rasmus som  sannsynlegvis har teke namnet Andrew Knutson]. Dei kom fram i 1886 og har vore gifte i 20 år.  Han er snikkar, kontraktør, men har vore 10 veker utan arbeid i 1909. Dei har borna: Louise 16 og Theodore 13 år. Andrew Knutson har fått statsborgarskap. Dei bur i Elizabeth Ave., Marinette City, Wisconsin.

Folketeljing USA 1920: Andrew Knutson 56 år, enkemann, snikkar, fekk statsborgarskap i 1906. Han har borna: Louise 25, Theodore 22 år og Linwood 7 år. Han eig heimen (pantsett) i Elizabeth Avenue, Marinette, Wisconsin. Her står det at han immigrerte i 1888, men det skal vel vere 1886 som i folketeljinga 1910.

Folketeljing 1930: Andrew Knutson 66 år og kona Carrie 51 år og sonen Linwood 18 år. Andrew immigrerte i 1886. Kona er ikkje norsk, men det er vanskeleg å tyde kvar ho er frå. Det kan sjå ut som at begge har vore gifte tidlegare. Vanskeleg å tyde yrke, men eit eller anna med Cabinet ….. og Showcase……

Knut Olai Eidset (15.7.1867-?), reiste til Amerika, gift der (BSVD s. 515).

Sivert Martin (7.4.1892-1978), reiste til Amerika 1909, gift 2 gonger, busett San Francisco, CA, prest (BSVD s. 515).

EÅ DigArk 1910: 23.4.1910 Sivert Martin A. Eidseth, f. 1892, ugift, gardsarbeidar, frå Volda, med Hvide til Kanada. Rodesetel. Billett: Nei. Medresiande: Sæmund Olai J. Aksnæs til Canada, Knut Johan Olai P. Ulvestad til Minnesota, Ole Sigvald Pedersen Sætre til Minnesota, Elias Andreas J. Hesteflot til Canada.

Canada Soldiers WW1, Attestation Paper Canadian Overseas Expeditionary Force: Det kan sjå ut som at Sivert Martin Eidsath har verva seg. Han er gift og har yrke som prest (preacher). Underteikna 3. mai 1918.

Folketeljing 1920: Sivert M. Eidsath, 27 år, student på College og kona Olivea (f. i N. Dak. Av norske foreldre), 28 år også student på College, busett South Jakson,Bluffton village [?], Richland, Allen, Ohio.

Border Crossing Canada-USA: Sivert og Oliva kom frå Edmonton i Canada og skal til Bluffton i Ohio. Dei skal gå på Bluffton College i Ohio. Sivert har eit ”slight scar left forehead. Sivert har ein ven i Edmonton som heiter Jon Price. Registrert september 1919.

USA Declaration of Intention 1936: Sivert Martin Eidsath, 44 år (f. Volda 7.4.1892), no busett 1747 Leighton Ave., Los Angeles, Los Angeles, Calif. Yrke: Minister

[prest]

, blå auge, light brown hår, 5 fot 9,5 t., 172 pound. Canadisk statsborgar. Han vart gift med Oliva 8. jan 1918 i Edmonton, Canada. Ho vart fødd i Mobridge,South Dakota,14. des 1890. Dei kom til Portal N. Dak. 24.9.1919 for å busette seg der, men dei bur no i Los Angeles, Calif. Han har 2 born: Norman f. 13.10.1920 i Blufton og Harold 21.6.1927 i Englewood. Begge fødde i Ohio., men no busett i Los Angeles. Underteikna og sverga  16. april 1936.

USA Petition of Naturalization 1938: Nesten som ovanfor. No busett 1749 W, 42nd Street, Los Angeles, Calif. Han og kona kom til USa via Portal, N. Dak. Med Canadian Pacific train nr. 14. Underteikna 4. april 1938.

SSDI: Siste adresse då han døde okt 1980: 95456 Little River, Mendocino, California.

California Marriage Index: Sivert M. Eidsath 71 år, f. 1892 gift med Gertrude H. Ward 63 år, 7. Nov. 1963 i Mendocino.

California Death Index: Sivert Martin Edsath f. 7 april 1892 d. 29. Oktober 1980 i Mendocino. Mora sitt pikenamn: Storheim [Stårheim].

Slektstred av bruceshabluk (Anc.): Sivert Martin Eidsath  1892-1980 d. v. Lilltlle River, Mendocino, Cal., Oliva Johnson 1890-1959. Dei fekk sønene: Norman A. Eidsath (1920-1983) og Harold B. Eidsath (1927-2003). Det ser ikkje ut for at sønene har fått etterkomarar.Eigaren av dette slektstredet kan tilby hjelp til undersøking. Han bur i Calgary, Alberta.

?????????Astrid Randine (3.10.1893-10.10.1987) gift med Bernhard Risbergh, busett Sverige. Spørsmålet er om ein skal registrere dei som for til dei nordiske landa?

Øvstegarden, Eisset 

Malene Karoline (4.2.1865-?), reiste til Sør-Afrika, busett Maritzburg, reiste seinare til England, gift med ein Taylor, flytte til Stockport, Manchester England (BSVD s. 517).

Sjå i boka Norsk utvandring til Sør-Afrika om denne utvandringa.

Abel Johannes Eidseth (15.4.1867-?), kjøpte Skrivargarden på Rotset (BSVD s. 517).

Abel Olsen Eidseth var ei tid i Durban, Sør-Afrika som bygningsmann. Han sat i styret i Den Norske Foreining i Durban ca. 1901-1902. Bilde av Abel i ”Norsk utvandring til Sør-Afrika”.

Peder Andreas (Per) Anderss. Eidset 25.1.1889-22.11.1964). Per var 7 år i Amerika. Gift og busett her BSVD s. 517-518).

EÅ DigArk 1909: 15. April 1909 reiste Peder Andreas Andersen Eidseth f. 1889, ugift, fiskar, frå Volda, med Hvide til Minnesota. Merknad: Rodeseddel. Billett: Nei.

NYPL 1909: Peder Andreas Eidset, 20 år, single, reiste med SS “Celtic” frå Liverpool 23. april 1909, framme i New York 3. mai. Han skal til onkel Rev. [prest] O. Dahle I Doris Aitkin [?], Minn. Han har betalt for reisa sjølv heilt fram. Næraste pårørande i Norge: Faren Anders Eidset, Volden.

Minnesota Naturalization Index: Peder Andreas Andersen Eidseth var busett i Crow Wing County 1910-1915.

Folketeljing i USA 1910: Peter A. Eiset, 21 år, ”Hired Man”, singel, gardsarbeidar, kom til USA 1909, busett i Deerwood Township, Crow Wing, Minnesota. Han bur hos familien til Gunerius og Nettie Vang, fødde i Norge. Det er mange nordmenn og svenskar i området.

Folketeljinga i Norge: F for fraværende. Arbeidar på farm. Foreldra var også fråværande under folketeljinga. Skal tru kvar dei har vore?

Fjøsneset – Dalset

Person nemnt annan stad: Johannes Andreas Rasmuss. Reite, nemnt under Inste Dravlausreitane, der han kom frå.

Pergarden, Indre Dale

Person nemnt under anna stad: Kanutte Petrine, nemnt under Ellingegarden, Davlaus-Lisjebøen.

Ole Dahle (15.5.1853-17.1.1933), reiste til Amerika 1881, gift med Regine Guldbrandsen frå Vang, Eidskog i Hedmark (1859-1948), busett Aitkin MN, Ole var prest (BSVD s. 527).

Folketeljing i Norge 1875: Ole Dahle, ugift, f. 1853 i Volda, tyende, snekkerdreng hos Nils Kristoffer Scheldrup i Kipervigen, Ålesund (snedker Skjeldrup) .

MUNiA: Ole Dahle, prest i Aitkin, Minn.

Folketeljing i USA 1880: Ole Dahl 27 år, sjømann, busett i Minneapolis, Hennepin, Minnesota. Usikker på om dette er rette mann.

Folketeljing Minnesota 1885: Ole Dahle 32 år, busett i Minneapolis, Hennepin, Minnesota. Usikker, men visgsleattest, sjå under, kan tyde på at Ole har budd ei tid i Hennepin.

Minnesota Marriage Index: Prest Ole Dahle gift med Regina Gulbrandson 27. juli 1886 i Henneg[p?]in, Minnesota.

Folketeljing Minnesota 1895: Ole Dahle 40 år, har vore 15 år i landet, prest i 12 år ?. Han har vore 2 månader i dette distriktet. Han har kona Regina 34 år og borna Anker 7, Astrid 6, Ragna 5, Trygve 3, Borghild 2, Vigo Svare 1. Alle borna fødde i Minnesota. Dei er busett i Farm Island, Aitkin, Minn.

Folketeljing i Minnesota 1905: Ole Dale, kona Regine og borna: Anker 17, Astrid 16 ,Ragna 15, Trygve 13, Borghild 12, Viggo 11, Rolf 8, Ernst 5, Dagni 2. Ole Dale har vore prest i 10 år. Familien bur i Farm Island, Aitkin, Minnesota.

Folketeljing USA 1910: Ole 56 og Regina 50 har vore gifte i 24 år. Dei har borna: Anker G. 21, Astrid P. 20, Ragna 19, Trygve F. 18, Borghild 17, Viggo 15, Rolf 12, Ernst 10, Dagny 7. Ole og Regina kom til USA 1880. Ole er prest i Norwegian Church. Anker er arkitekt på hus. Ragna er lærar på Country School. Trygve og Viggo er gardsarbeidar på Home Farm. Dei er busett i Farm Island Township, Aitkin, Minnesota.

Folketeljing USA, 30 jan 1920: Ole Dahle, kona Regine og borna: Trygve F. 28, Borghild 25, Vigo S. 24, Rolf 21, Ernst E. 19 og Dagny 17. Dei er busett i Starbuckk Village, Pope, Minnesota. Ole kom til USA 1880. Statsborgar i 1897. Ole er Preacher of the Gospel. Sonen Ernst er lærar på Public School. Dei andre har ingen yrkestittel. Det er mange nordmenn og andre skandinavar i området.

Folketeljing USA 1930: Ole og Regina Dahle 76 og 70 år, samt dottera Borghild 37 år, sjukepleiar er busett i Newman Irose [?] City, Shell Creek, Madison, Nebraska. Her står det at Ole kom til USA 1881, Regina i 1880. Dei leige husveret her. Ole var 33 år når dei gifta seg, Regine var 27 år.

Slektstredeigar Kateschusterstattmiller (Anc.): Ole Dahle og Regina Gulbrandsen hadde sonen Trygve Dahle (1891-1987). Han vart gift med Agnes Hazel Tastad. Dei fekk ei dotter.

Ein kan  slå fast at Ole og Regine fekk mange etterkomarar.

Minnesota Death Index: Ole Dahle d. 13. jan 1933 i Aitkin. Ikkje heilt sikkert om dette er vår mann.

Peder Nikolai Andreass. Dahle (29.3.1856-?) var ei stund brukar av Pergarden. Peder reiste til Natal i Sør-Afrika 1882 saman med systera Kanutte og hennar familie. Peder gift med Ane Berte Samundsd Vatne frå Vatne i Ørsta, busett Marburg Natal. Peder omkom i ei gruveulykke i Johannesburg-området BSVD s. 527.

NUTSA: Peder Dahle d. ca.1890. Sjå meir i Norsk utvandring til Sør-Afrika s. 123.

Peder Andreas [Pedersen Dale] (13.8.1891-1910), reiste til Canada BSVD s 527.

EÅDigArk: 31.3.1910 reiste Per Andreas Pedersen Dahle, f.1891, ugift, fiskar, frå Volda, med Canadian til Canada. Rodesetel. Billett: Nei

Jon Alfred [Pederss. Dale] (26.7.1902-5.9.1980), reiste til Canada, busett Vancouver.

EÅ Dig Ark: 20. april 1923 reiste Johan Alfred Pedersen Dale f. 1902, ugift, gardsarbeidar, frå Volda til Canada. Billett: Nei. Det var mange sunnmøringar som reiste denne dagen.

Declaration of Passanger to Canada: John Dale, 20 år, gardsarbeidar, frå Volda. Skal ta gardsarbeid i Canada. Han skal reise med SS ”Rigina” 27. april 1923. Han skal til K.O. Brune i Port Arthur, Ont. Han har betalt reisa sjølv. Han har 150 $. Næraste pårørande i Norge: Faren,  Peder Dale. Underteikna av Jon Alfred P. Dahle og Boooking Agent Harald Moa i Ålesund. Dokumentet stempla i Quebec 10. mai 1923.

CanPL: John P. Dale, 26 år, frå Ålesund, Norge, reiste med SS ”Montrose” , frå Liverpool 8. mars 1929, framme i St. John, N.B. 18. mars 1929. Han har vore i Canada tidlegare frå 1923 -1928 i Vancouver B.C. Han skal til Nootka Pak. Co, Vancouver Block, Vancouver B.C.

NYPL 1939: John Dale, 36 år, f. Volda, singel, fiskar. Han fekk statsborgerskap i Canada 29. august 1929. Han reiste med ”Oslofjord” frå Oslo 17. juni 1939, framme i New York 26. juni 1939. Han har bustadadresse i Vancouver på York Hotel.

Sverre Reite hugsar Jonny Dale som ein av mange norsk fiskeskipperar i Vancouver.

Instebakkane, Ytre Dale

Person nemnt under Sammelgarden, Ytre Åmelfoten: Rasmus Kornelius Knutss. Dale var ei tid i Amerika (BSVD s. 429 og 537).

Ytstebakkane, Ytre Dale

Johannes Andreas (John) Knutss. Dahle (8.10.1870-?) gift 28.4.1897 med Olave Hansine Olsd. (19.6.1875)frå Brunene. Johannes reiste til Amerika 1899, busett Cloquet, MN. Olave reiste også. Dei hadde pleiesonen Teodor. (BSVD s. 540).

Folketeljing USA 1910: John Dahle, 39 år, og kona Oliva Dahle 34 år, gifte i 13 år , har fått eit barn som er død. Dei har adoptivsonen Theodore, 6 år. John og Oliva immigrerte i 1899. John har fått statborgarskap. Han jobbar på sagbruk. Dei eig husværet i 15th Street, Cloquet City, Carlton, Minnesota. John har ikkje vore utan arbeid siste året. Det er nokre fleire nordmenn I området, men fleire svenskar.

Folketeljing USA 1920: John K. Dahle 47 og kona Oliva H. Dahle 43, immigrerte i 1897. Statborgarskap i 1905 [?]. Dei har ein farm med mjølkeproduksjon i McGregor Township, Aitkin, Minnesota. Det stemmer ikkje med alder og immigrasjonsår her, men eg trur det er dei likevel. Dei eig eigedomen, men den er pantsett. John K. Dahle 59, kona Olive Dahle 53 og sonen Theodore Dahle 25 år. John og Olive immigrerte i 1899. Theodor [adoptivson] er fødd i Minnesota av norske foreldre. John jobbar på sagbruk som ”millwright”. Theodore jobbar på papirfabrikk (paper mill). John og Oliva eig husværet (Verdi 2500 $) i 8th Street, Knife Falls Township, Cloquet, Carlton, Minnesota. Kan ikkje finne fleire nordmenn i nærleiken. Ein tysker leiger rom hos dei: Ernest Leloff.

Folketeljing USA 1930: John K. Dahle 57 år og kona Olive Dahle 53 år og sonen Theodor Dahle 25 år er busett i Eight Street, Knife Falls Township, City of Cloquet, Carlton, Minnesota. John og Olive immigrerte i 1899. Dei eig husværet til ein verdi av 2500 $. John er Millwright på Lumber Mill. Theodor er Back Inder [?] på Paper Mill.

Minnesota Death Index AC: John Knute Dahle d. 7.8.1942 i Carlton County 1942. Usikkert om dette er John K. Dahle.

Brunene

Zakarias Nikolai Brune (9.12.1858-1907), reiste til Amerika 1881, busett Fort Williams, Ontario, Canada, omkom ved ei ulukke (BSVD s. 545),

EBMR DigArk:  6.5.1881 reiste Zakarias Olsen Brune, 22 år, f. 1859, føde og heimstad i Volda, ugift, gardbrukarson, med Allan Line. Medreisande frå Volda: Andreas Carstensen Eikrem (prepaidticket), Iver Olsen Næs, John Sjursen Sundalsaas og kona Dorthe Olsdtr., med 3 born.

Minnesota Naturalization Index Delclaration of Intention: Sakarias Olsen Brune, registrert i Polk County.

Minnesota Land Records: Sakarias O. Brune registrert med ein landeigedom. Registrert  2. desember 1883. Areal: 120 Acres. Land Office: Crookston. Det står fleire opplysingar på dokumentet (Ikkje original).

MUNIA utgitt 1913: Zakarias Olsen Brune, død, udv. Fra Dalsfjorden, Volden, Søndmøre, som en af de allerførste Udvandrere fra Dalsfjorden, var ved sin Død Arbeidsformand i Fort Williams, Can. Brødrene: Knut O. Brune, Sjømandsmissionær, Mobile, omkr. 1900; senere i Fort Williams, Can. Sivert O Brune, Brobygger sammesteds. Ole D. Brune er Elektriker og Arbeidsformand i Cloquet, Minn.

Knut Olai Brune (24.5.1864-7.1.1927), flytte til Hesteflotane, gift der med Randine (Dina) Johannesd. Hesteflot. Dei utvandra til Mobile, Alaska [Her skal det vel vere Alabama], seinare Fort Wiliams, Ontario, Canada. Han arbeidde i sjømannsmisjonen. Randine flytte attende til Norge 1908. (BSVD s. 545 og 584).

EBMR DigArk: 16.9.1895 reiste Knud Olaj Olsen Brune f. 1864, assistent ved sjømannsmisjonen, kona Dina, 25 år og borna Thorvald Oscar 2 år f. Rouen 1893 1, Johannes Andreas f. 1895 Rouen. Alle med heimstad Volda. Systera til Knud, Nicoline Martha Brune var også med. Dei skulle reise med Thingvalla.

NYPL 1895: Knud Brune 31 år, misjonær,  kona Dina 25 år og barna Thorvald og Johannes reiste med SS ”Island” frå Kristiansand til New York. Nicoline Brune (Systera til Knut), tenestejente 25 år er også med. Passasjerliste underteikna av kaptein W Skjødt 5. oktober 1895[sannsynlegvis ankomstdato]. Dei skal til Mobile, Ala.

Folketeljing USA 1900: Kant O. Brune f. mai 1864, 33 år, og kona Dinah M. Brune f. aug 1870, 29 år. Dei har vor gifte i 8 år, og har fått 5 born, der 3 lever. Dei kom til USA 1895. Dei er busett i Spring Hill, Mobile City, Mobile, Alabama. Dei eig huset (pantsett). Borna som bur hos dei: John f. 1895 i Frankrike , Oscar f. 1898 i Alabama, Harold f. 1900 i Alabama. Knut og Dinah utvandra i 1895. Kant er prest (”preacher”). Her bur også broren til Dinah, Peter Johnston f. 1874, fotograf, kom til USA 1896. Her bur også tenaren Carrie Tvedt f. 1860.

EKristiania Dig Ark: 6.6.1902 reiste Knud O. Brune 38 år, gift, misjonær, heimstad i Amerika med Montebello (Bennett Line) til Sault St, Marie O. Medreisande: Broren, Sivert Tobias Ols. Brune.

EBDigArk: 8.7.1904 reiste Randine Martha Johannesen Brune, f. 1870,34 år, teglværkseiers hustru, manden i Amk. Med Canadian Pacific til Fort William Ontario. Ho var fødd og busett i Volda. Ho har med seg borna: Johs Andr. Knutsen Brune, 9 år, f. 1895 Frankrig, bustad Volden og Peder Theodor Knutsen Brune, 3 år, f. 1901, Chrania, bustad Volda, alle til Fort William, Ontario.

UK incoming Pass. List. 1909: K.O. Brune 45, og S.O. Brune 26, reiste med SS ”Empress of Britain” frå Halifax til Liverpool, desember 1909, med billett til Aalesund.

EÅ DigArk: 11.5.1912, reiste Knut Olsen Brune, f. 1864, gift, gardbrukar, med Canadian til Ontario, USA på forretningsreise.

Ontario, Canada, Deaths: Knut Olson Brune, f. Norge 1864 d. 7.1.1927. Knut sine foreldre var Ole Brune [Brune-Ola] og Torine f. Mork. Knut hadde adresse i Port Arthur. Han haddde yrke som Millwright, [Dette er ein arbeidar som monterar og reparerar maskinutstyr i ein fabrikk]. ” Industry: Elevator” Knut døde på hospitalet i Thunder Bay, Port Arthur, Canada. Informant: Sivard Brune, bror til avdøde, busett i Kenora, Ontario. Namn på dokter: P.M.Ballantyne. Knut har gjennomgått ein Gastrostomy operasjon. Han har hatt diagnosen: Carcimona of the Olsophagies Olsophagies [?]. Det kan sjå ut som han har vore innlagt sidan juni 1926. Knut vart gravlagt påMountain view Cemetery, Ft. Wm. Begravelsesbyrå: Everest-Thomson Co.

Ole Martinus Brune (11.4.1866-?), reiste til Amerika 1887, gift med Annie, busett Cloquet, MN, Ole var elektrikar og arbeidsformann (BSVD s.545-546)

EBMR DigArk: 6.5.1887 reiste Ole Olsen Brune, 20 år, f. 1867, føde og heimstad Volda, ugift, ”gaardmannssøn” med Allan Linien. Medreisande frå Volda: Ole Knudsen Reite f. 1866.

NYPL 1887: Ole O. Brunne, 21 år,  reiste med SS ”Etruria”(Cunard Line) frå Liverpool, framme i New York 23. mai 1887. Ikkje heilt sikkert dette er vår mann. Her er også ein Ole K. Brunne, 21 år. Kan det vere Ole K. Reite. I emigrantprotokollen reiser dei to i lag. Alder stemmer.

EÅ DigArk: 12.4.1894 reiste Ole Brune, 27 år, ugift, rørleggar, frå Minnesota (Oprindelig Volden) med Cunard linjen til Amerika. Billett:Her. Medreisande frå Volda: Peder Sjursen Moe, Lauritz Sjursen Moe, Thorbjørn Knudsen Meg 33 år, Knud A. Olsen Lillebø, 22 år.

Folketeljing USA 1900: Ole Bruno f. 1866, 34 år, kona Annie Bruno, f 1878, 22 år. Dei har borna Carl, f. 1867, 3 år og Oluf, f. 1899, 1 år. Ole og Annie har vore gifte i 4 år. Ole immigrerte i 1887. Han har vore 13 år i USA. Ole sitt yrke: Steam Fitter [?] Mill. Dei er busett i Knife Falls, Cloquet Village, Carlton, Minnesota. Dei har to leigebuarar: Oscar Almquist og Chas. Ihle.

Folketeljing Minnesota 1905: Ole Bruno 39 år, kona Anna 22 år, og borna: Carl 8, Ollof 6, Henry 4, Lillian 1,  er busett i Ave E., Cloquet Ward 1, Carlton, Minn. Ole sitt yrke er ”Steam Fitter”.

Folketeljing USA 1910: Ole Bruno 44 år, frå Norge og kona Annie Bruno 32 år, frå Sverige, busett i Cloquet, Carlton. Ole immigrerte i 1888, Annie i 1894. Dei har vore gifte i 15 år og har 5 born: Carl [?] 13, Oluf 10, Henry 9, Lilian 6, Helen 3 år. Det ser ut som at dei bur i same distriktet (Cloquet) som John K. Dahle.

NYPL 1927: Ole Bruno, 61 år og Anna Bruno, 49 år reiste med SS ”Gripsholm” frå Gøteborg 30.7.1927, framme i New York 8.8.1927. Dei er busett i Cloquet Minnesota. Passet deira utskrive i Washington DC 4.5.1927. [Her har dei sikkert vore ein tur heim til Skandinavia].

Folketeljing USA 1930: Ole Bruno 63 år, kona Anna Bruno 52 år og borna: Henry 28 år, Martin 19 år og Mary 15 år er busett i Avenue E, Ward One, Cloquet City, Carlton, Minnesota. Ole var 30 år og Anna var 18 år då dei gifta seg. Dei eig husværet til ein verdi av 8000 $. Ole immigrerte i 1887, Anna i 1897. Det er vanskeleg å tyde yrkestittelen til Ole.

 Minnesota Death Index: Ole Martinus Oleson Brune døde 28.2.1950 i Carlton County.

Nikoline Marte (16.12.1870-9.5.1932), flytte til Åsgårdstrand, gift der (BSVD s. 545).

EBMR DigArk: 16.9.1895 reiste Nicoline Martha Brune, 25 år, f. 1870, ugift frå Volda, gardbrukardatter skal reise med Thingvalla. Ho reiste saman med broren Knut og hans familie, sjå ovanfor.

NYPL 1895: Nicoline Brune 25 år, tenestejente, reiser i lag med broren Knut og familien hans. Dei skal til Mobile, Alabama. Dei reiste med SS ”Island” frå Kristiansand til New York, framme 5. oktober 1895.

Johannes Andreas Brune [Olsen?] (5.1.1873-22.3.1933) tok over Brunene i 1910, gift her. Han dreiv fiskehandel og røykeri i Fosnavågen saman med faren på Brune-Ola-buda.

I fylgje Rolleiv Hjelle: Johannes Andreas Brune var i Sør-Afrika truleg på 1890-talet. Han var der i 2-3 år, og tente ein del pengar. Han var med å starte ”Glimmerdalen gruve” i Osdalen saman med Annanias Myren og Kristoffer Velsvik.

Olave Hansine (19.6.1875-?), flytte til Ystebakkane Ytre Dale, gift der med John Knuts. Dahle. Dei utvandra til Amerika 1899. (BSVD s. 540 og 545)

Sjå meir under Johannes Andreas (John) Knutss. Dahle. Ytstebakkane, Ytre Dale.

Sivert Tobias Ols. Brune (6.7.1882- 1954) flytte til Hesteflotane, Dalsbygda og kjøpte halve garden der. Sivert reiste til Amerika. Han vart gift med Clara Berg, d. 1923, frå Canada. Han gifte seg opp att 1928 med Agnes Danielsen frå Steigen (1891-1958). Busett Fort William, seinare Kenora, Ont. Og Winnipeg, Man., Canada. Han var brubyggjar.

EKristiania Dig Ark: 6.6.1902 reiste Sivert Tobias Ols. Brune, 19 år, ugift, arbeidar, frå Volda, med ”Montebello” (Bennett ”linjen”). Han skal til Sault St Marie O. Han reiste i lag med broren Knud O. Brune.

Border Crossings Canada-USA august 1902: Sivert Olsen Brune, 20 år, singel, sannsynlegvis framme i Quebec 22. juni 1902 med Numidian [?]. Kom fram til Sault Ste Marie, august 1902.

Bord Cross. Can-USA 1925: Vanskeleg å tyde.

UK inc pass: Sivert og Knut reiste ein tur heim, desember 1909. Sjå under Knut Brune.

EBDigArk: 17.4.1910 reiste Sivert Olsen Brune 28 år, f. 1882 ugift, tømmermann, frå Volda, bustad Fort William Canada. Reiser med Canadian Pacific. Han har vore heime i Norge på besøk.

CPL 1910: Sievert Brune 29 år, Bridgeman, stempla: returned Canadians. Han har vore i Canada før, sannsynlegvis i Fort Williams i 7 år. Han kom til Quebec 29. april 1910 med Empress of Britain frå Liverpool.

Sjømenn og krigsseglarar som har vore innom Amerika fleire gonger:

Ola Sverre Brune (28.51902-29.2.1980), styrmann i utanriksfart, var ute under krigen og kom med i konvoifart. Ola kom til New York med Bergensfjord 7. oktober 1939 for å gå om bord i M/S ”Sørvard”. Dei gjekk frå Bergen 29.9.1939.

Sverre Brune (5.11.1903-2.8.1927) sjømann, drukna i Antwerpen.

NYPL 1924:Han var lettmatros om bord i Titania, kom til New York 24. april 1924.

Einar Nordal Brune,(23.6.1919-1942) matros, kom bort under torpedering av ”Inger Elisabeth”.

Sjursgarden, Brunene

Peder Pederss. [Brune] frå Danielgarden, Helset (5.1.1835-?), flytte hit i 1867. Kona hans vart råka av ei snøfonn og døde 18.3.1881. Eldste sonen Peder Laurits f. 1870 drukna same året (22.9.1881). Peder selde garden og drog til Marburg, Natal, Sør-Afrika saman med mange andre frå distriktet. Han tok med seg sonen Ole Johannes (1.3.1873-?) (BSVD s. 548).

NUS-A: Det er ikkje mange spor etter Peder Brune og sonen Ole Brune Etter at dei kom til Sør-Afrika. Peder kom med i militærkorpset Umzimkulu Mounted Rifles i 1883. Men ikkje lenge etter må han ha flytta. I eit brev som er funne i eit arkiv i Pietermaritzburg går det fram at Peder Brune drog til Delegoa Bay (Maputo) i Mosambik for å få seg arbeid: Han døde der om lag 1898. Det var sonen Ole som skreiv dette 10. des. 1910 frå Rand Victoria Boarding House, Germiston, Transvaal.

Ole Johannes Brune (1.3.1873-?) reiste til Sør-Afrika saman med faren. Sjå ovanfor.

Ole Andreas Eliasa Hanss. Brune (30.4.1885-10.9.1965), kjøpte garden her. Han var ei tid i Amerika. (BSVD s. 548).

EÅDigArk: 23.2.1927 reiste Ole Andreas Hansen Brune, f. 1885, gardsarbeidar, enkemann, frå Dalsfjord til Canada. Billett: Nei. Medreisande: Johan Sivert Hansen Lyngnes f. 1899.

CPL 1927: Ola A. H. Brune, 41 år, enkjemann, farmar, frå Volda reiste med ”Stavangerfjord” frå Bergen 25 februar 1927, framme i Halifax N.S. 5 mars 1927. Han skal treffe venen Peder Reite i Lakeport, Queen Charlotte Island, BC. Næraste pårørande i Norge: Systera Anna Brune, Dalsbygda pr. Aalesund. Pass utskrive i Aalesund 14. februar 1927.

Nedste-Hjellane

Jon Britanus (28.9.1858-?), reiste til Amerika, busett Fargo ND (BSVD s. 555).

Jon f. 1858, gjekk Volda høgare Almueskule, reiste til Amerika (DS B2 s. 52)

DS B1 s. 229: Jon Knudsen Hjelle (Dalsbygd), reiste vestover 1881, visstnok over Nordsjøen med den engelske dampbåten ”Hero”. Brev datert 7. mars 1882. Brevet er gjengitt i DS1 s. 229-231. Det er underteikna Jon Knudsen Hjelle. Fargo Cass Co, Dakota.

Datoen trur eg må vere feil. Eg trur han reiste i 1882 og at brevet er datert eit år seinare. Sjå under.

SkannKyrkj Volda Utflytte 1882: Ungk. Jon Britanus Knudsen Hjelle f. 1858, utflytt 28.2.1882, til Amerika. Almind. Udflyttn. Attest D.D.

EBMR DigArk: 3.3.1882 reiste John Knudsen Gjelde, 23 år, f. 1859 [?]frå Volda med Dominion Linie. Merknad: Tjenestedreng 70 kr.

Norway Heritage.com: ”Hero” (Wilson Line) gjekk frå Bergen 11.03.1882 via Stavanger til Hull. Korresponderande skip frå Dominion Line var SS ”Brooklyn” frå Liverpool til Portland, framme 3.4.1882.

Vanskeleg å finne John Knutsen Hjelle. Her er nokre alternativ:

—————————————————

Folketeljing USA 1900: John Knutson f. sept 1858 gift i 17 år med  Mary f. mai 1856. Her står det at han immigrerte i 1880, men at han var 20 år då. Borna Carl, Martin Hans og Nellie. Dei bur i Moorhead, Clay, Minnesota. Her er mange fleire nordmenn. Fødselsdato stemmer her, men ikkje immigrasjonsår.

—————————————————

Folketeljing Minnesota 1895: John Hjelle, 36 år frå Norge gift med Ingeborg Hjelle 36 år. Han har vore 6 år og 1 månad her i staten, også i dette distriktet, Holt Marshall, Minnesota. Dei er farmarar.  Marthe Hjelle 74 år er også busett hos dei. Usikkert om dette er vår mann. Folketeljing i juni. Alderen stemmer her.

Folketeljing USA 1900: John Hjelle f. jan 1861, 39 år gift i 18 år med Ingeborg f. sep 1860. Han kom til USA 1880, ho i 1882. Her bur også mora hennar, Martha Bertelsen f. jan 1821, 79 år. Fødselsdato på John Hjelle tilseier at det ikkje er vår mann. Dei bur i East Valley, Marshall, Minnesota (8. juni 1900).

Folketeljing Minnesota 1905: John og Ingeborg Hjelle begge 43 år, bur i Holt, Marshall, Minnesota. Han er snikkar, ho er housekeeper. Dei har budd 7 månader her (juni 1905). Heile sida er full av folk som ættar frå Norge. Usikkert om dette er vår mann

Folketeljing Manitoba, Canada 1906: John Hjelle 45 år og kona Ingeborg 45 år, immigrerte til Canada i 1905. Folketeljing 26. juni 1906, Marquett, Manitoba, Canada. Usikker. Stemmer ikkje med alder.

——————————————————

Kanskje det er meir truleg at personen nedanfor er vår mann:

Folketeljing USA 1900: Her er det hevda at  John Knudtson er fødd i dec. 1859. Han er gift i 1890  med Inga 30 år, f. dec 1869.Born Adolph 8 år og Sigurd 6 år, fødde i ND. John immigrerte i 1882, Inga i 1887. Fødselsdato her stemme ikkje med vår mann.

Folketeljing USA 1910: John Knuson 50 år, smed, gift med Enga 40 år. Dei har vore gift i 19 år og har tre borna: Sigurd 16 år, butikkmann daglegvare, og Synnove 5 år og kanskje eit barn til som er utflytt.  Folketeljing april 1910. John kom til landet i 1892, Enga i 1897. Men det står andre årstal på folketeljinga i 1920 og 1930. Dei bur i Warren, Cass, North Dakota.

Folketeljing USA 1920: John Knutson 61 år, smed  og kona Inga A. 51 år. John immigrerte i 1882 og Inga i 1887. Borna Adolph C. 29 år, og Synova L. 15 år  bur også hos dei. Adolph er Manager på General Store Synova er student. Dei bur i Warren Township, Cass, ND. Dei eig husværet. John fekk statsborgarskap 1887.

Folketeljing USA 1930: John og Inga bur på same staden. Men her står det at dei immigrerte i 1882 og 1887. Borna er utflytte.

Ole Knutss. Hjelle frå Nedste-Hjelle, Dalsbygda. (19.12.1855-28.4.1953), Ole var i Amerika 1884-1888, gift 1888 og busett på Løvikneset – Gamleneset, Løvika, Dravlausbygda. (BSVD s. 337)

9.5.1884 reiste Ole Knudsen Hjelle, 28 år, f. 1856, ugift, arbeidsmann, frå Volda med Cunard Line (EB DigArk).

Larsgarden, Dals-Lisjebøen

Kan dette vere at nokon av borna til Ole Severin Knutss. og Oline Mart (s. 564 i Busetnadsoga) har vore i Amerika. Oline Marta d. 17.2 1889 om lag ein månad etter at ho fødde. Kva med borna som det ikkje er funne dødsdato på i busetnadsoga (BSVD s. 564). Har nokre av dei reist til Amerika?

Knut Andreas (20.1.1873-?) (BSVD s. 564).

EÅ DigArk 1894: 12.4.1894 reiste Knud A. Olsen Lillebø, 22 år, ugift, frå Volda, arbeidar, med Cunard linjen til Minnesota (Amerikansk borger), Billett: her. Spørsmålet er om dette er Knut Andreas [Olsen] (20.1.1873-?) [son til ovanfornemnde]. Det stemme ikkje heilt med alder.  I Busetnadsoga er det ikkje funne dødsårstal på mange av borna. Til dømes Peder Ingvald f. 16.12.1882. Men eg finn ein Peder Lillebø f. 16.12.1882, fødd Volda, bustad Leganger Gurskø,  i skipslistene for 1900-teljinga som matros på DS Sagitharius med opphaldstad Muray Firth, skipper Adolf H. Falk, bustad Leganger Gurskø. Det er mogeleg at Peder har budd hos onkelen Knut Knutson Dalslillebø f. 1857 som var gift og busett i Raudvika v. Leikong, Herøy.(HB1 3-564). I Dalsfjordsoga står berre at alle borna flytte heimanfrå.

Abelgarden, Dals-Lisjebøen

Marte [Larsd. Dalslillebø] (20.3-1847-ca1932) gift 5.11.1876 med Anders Bjørkelund, og busett Bjørkelunden, Nedre Mork, der han var frå  Dei utvandra til Sør-Afrika 1882 (BSVD s. 566 og BSVMLY s. 172). Sjø meir under utvandra frå Morkabygda.

EBDigArk: 21.8.1908 reiste Martha Bjørkelund f. 1847 Volda, 61 år, gift , murers enke, busett i Johannseburg, Reisemål: Amk Johannesburg SoAfrica. Har vore heime i Norge på besøk.

Aron Iver Teodor Nilsen (24.1.1872-24.3.1925)frå Lovik, Bleik på Andøya, var 5 år i Amerika (BSVD s. 567)

BordCrossCan-USA: Aron Iver Nilsen reiste med SS Empress of Britain frå Liverpool 4.6.1909., framme i Quebec 11. juni 1909. Næraste pårørande i Norge var kona Anna frå Volda. Det ser ut for at han skal treffe broren George [?] i Tacoma, Wash. Det ser ut for at det er broren som har betalt for reisa.

Øvstegarden, Dals-Lisjebøen

Marte [Nilsd.] (26.6.1850-?) gift med Ole Kornelius Olss. Folkestad kjøpte ein del av Øvstegarden 1877, skøytt tilbake 1888 og samanslege med Øvsteg. 1912. Dei kom seinare til Gnr 19/38 fnr 45 Halkjelsvik (BSVD s. 569-570).

Folketeljing 1875: Marte Nilsdatter f. 1850, dotter tilreisende, skredder.Busett midlertidig her på Øvstegarden hos broren Anders og hans familie.

??? SkannKyrkjVolda Utflytte 1888: Ole Olsen Dals-Lillebø f. 1844 med hustru og 3 barn, utflytt 1888 til Amerika. Alm. Utflyttingsattest 16.4.1888.

EBDigArk: 20.4.1888 reiste Marthe Nilsdatter Folkestad, f. 1856, 32 år. Ho reiste saman med mannen Ole Olsen Folkestad f. 1844 [Sikkert frå Olagarden, Ytre Folkestad, BSV2 s.114]. Dei hadde med borna Kristine Olsdatter Folkestad f. 1880, Abelone f. 1883, Larsine f. 1884.

Folketeljing i Norge 1900: Ole Olsen Folkestad f. 1844 og kona Marta Nilsd. Folkestad f. 1850. Han er Mærkearbeidaer i Fyrvæsenet om vinteren løst arbeide. Ho Styrer huset og væver for andre. Sonen Ole Olsen Folkestad var fødd 1889 i Garyc Menesota N Am. Dei har også dottera Nikoline Marta Olsd. F. 1892, men det står ikkje kvar ho var fødd. Dei bur på gnr. 19 på Vikeneset, Halkjelsvik

MinnNatRecInd: Ole Olsen Folkestad i Polk County Declaration of Intention 1901-1903[?]

Folketeljing I Nord Dakota 1915: Ole Folkestad (over 60 år) og Ole Folkestad (20-60 år) i Sargent, Havana ND.

Ole Kornelius Olsen Folkestad f. 1844 og Marte Nilsd. Kjøpte ein del av Øvstegarden i 1877 og hadde det til 1888 då det vart skøytt tilbake til Anders Nilson (BSVD s. 569) (BSV4A s.381)

Familien reiste til Amerika i 1888. Sjå ovanfor.

MinnNatRecInd: Ein Ole H. [Skal det vere K.?] Folkestad har søkt om statsborgarskap ein gong i 1888-1907 i Swift. Ein Ole Olsen Folkestad har søkt om statsborgarskap i Polk 1900-1903.

UKIncome: Ein Ole Folkestad kom til Liverpool med Victorian i mai 1905, kom frå Montreal, Quebec.

Folk og fortid i Folkestadbygd III s. 174: Familien var nokre år i Nord DakotaDei pakta bruk både på Telset og i Norddalen.

Kan finne borna under fødde i kyrkjeboka(klokkarbok) for Volda. 3 av dei står oppført med Dalslillebø som bustad.

Borna står oppført i BSV4a:

Kristine Nikoline Olsd. Folkestad (2.9.1879-19.10.1959), barndomsår i Dalsbygda

Abelone Eline Olsd. Folkestad  (21.10.1882-21.10.1966),  barndomsår her

Larsine Oluffa (Sina) Olsd. Folkestad (24.12.1884-12.5.1967),  barndomsår her.

Ole Nikolai Folkestad (24.8.1889-14.7.1966) f. i Amerika. Truleg heim til Volda 1893. Truleg ut igjen til Minnesota.

Nikoline Oluffa (Sina) Olsd. Folkestad  (f. 13.1.1893-16.8.1948) truleg f.Nordal i Volda.

Anne Elisabet [Nilsd. Lillebø] (19.8.1862-?), reiste til Amerika (BSVD s. 569).

SKVut: Tenestejente Anne Lisebeth Nilsdatter Lillebø f. 1862 ”angidt” utflytta 1886. Alm Utflyttingsattest herfra af 4.8.1886.

EBMR DigArk: 13.8.1886 reiste Anna Elisabeth Nilsdatter Lillebo, 24 år, tenestejente, f. 1862 frå Volda med Allan Line. Medreisande frå Volda: Fleire med etternamn Svensen og Blichfeldt.

Minnesota Naturalization Records (MNR): Anna Nilson Lillebo I Norman County

MNR: John (Mrs Anna Nilson Lille.) Blankholm i Norman County.

Opplysingane ovanfor tyder på at Anna har teke etternamnet Blankholm.

Folketeljing i Minnesota 1895: Anna Blankholm 33 år, gift med John Blankhom 38 år, farmar busett i Green Meadow, Norman, Minnesota. Dei har 3 born: jente 7 år, jente 4 år og Anna 1 år. Borna fødde i Minnesota. John har vore 14 år i landet, 8 år i dette distriktet.

BordCrossUSA-CAN 1903: Anna Blankholm 40 år reiste med SS ”Bavarian” frå Liverpool 19. nov. 1903, framme i Halifax N.S. 29. nov 1903. Ho har med seg borna: Nora [?] 15 [?], Lina 12, Anna 10, Peder 8, Nils 6, Jorgen 2. Dei har vore i Norge og skal til Gary Minnesota til husbonden J. Blankholm. Sist dei var i USA var i Gary, Minn. 1899-1900. Reisa er betalt av ektemann og far.

EÅ DigArk: 7.11.1903 reiste Anna Blankhom 40 år, heimstad Volda, gift, reisemål Minnesota, med Allanlinjen. Ho hadde med borna: Nora 15 år, Lina 13 år, Anna 10 år, Peder 7 år, Nils 5 år, Jørgen 2 år. Billett: her.

Dette tyder på at ho har vore ein tur til Norge med borna på same tid som folketeljinga i USA 1900.

Folketeljing Minnesota 1905: Anna Blankholm 42 år, og mannen John Blankholm 47 år, farmar, er busett i Wild Rice, Norman, Minnesota. Ho har vore 22 år i landet, 2 år her. John d.s.. Dei har borna: Nora 18, Petra 15, Anna 11, Peder 9, Nels 7, Jorgen 4, John 1.

FTUSA 1910: Anna Blankholm 47 år, har vore gift i 22 år med John Blankholm, ho har fått 8 born der 7 er i live. Born som bur hos dei: Anna 16, Peder 13, Nils 12, Jorgen 9 og John 6. Dei er busett i Wild Rice Township, Norman, Minnesota. Det er mange nordmenn og norskætta som bur i området. Både John og Anna immigrerte i 1886 og dei er farmarar. Dei leiger farmen her.

FTUSA 1920: Anna E. Blankholm, 57 år, gift med John Blankholm, 63 år. Anna immigrerte i 1886. John i 1881. Statsborgarar i 1905. Sonen John 15 år bur hos dei. Dei bur i hus nr 9, Hendrum Village, Norman, Minnesota. Dei eig husværet. Det er mange nordmenn og norskætta i området.

FTUSA 1930: Anna Blankholm 68 år, gift med John Blankholm 73 år. Ho var 25 år når ho gifta seg, han 30. Ho immigrerte i 1886, han i 1881. John har ikkje yrkestittel på dette tidspunktet. Han er vel pensjonist. Dei eig husværet her (pantsatt). Dei bur i Hendrum Village, Norman Minnesota. Det er mange nordmenn i området. Mellom andre, naboar med namn Riste.

MinnDeathRec: Anna Blankholm d. 22.1.1950 I Norman County, Minnesota.

MinnDeathRec: John Blankholm Sr. d. 29. Mar 1932, Norman County, Minnesota.

Ragnhild Severine Nilsd. (3.9.1854-11.06.1930), gift i Vanylven 14.6.1880 med Johannes Severin Peterss., frå Øvste Folkestadløndalen. Dei dreiv eit bruk på Stranda i Vanylven 1880-1881 og fekk barnet Hans Peter Nikolai (24.4.1881-14.5.1881), heimedøypt 14.5.1881 av Oline Abelsd. Lillebø af Volden (bestemora til barnet). Han døde same dag på Stranda i Vanylven. Gravlagt 19.5, jordfesta 10.7.1881. Johannes (Johs.) hadde tidlegare fått dottera Marta Nikoline f. 2.8.1878. Mora hennar var Johanne Marta Nilsd. (systera til Ragnhild Severine Nilsd.). Ragnhild Severine, Johannes Severin og Marta Nikoline drog til Sør-Afrika i 1881, busett Marburg (BSVD s. 569, SK Van 1881).

Marta Nikoline (2.8.1878-31.7.1963) reiste til Sør-Afrika då ho var 4 år i lag med faren og stemora (sjå ovanfor). Marta var komen i vaksen alder før ho fekk vite kven hennar verkelege mor var. Martha vart gift med Ivar Carlson. Sjå meir i eige kapittel om denne familien.

Andersgarden – Frammigarden, Rangsætra

Erik Andreas Anderss. Rangsæter (29.8.1882-19.10.1968), reiste til Amerika. Erik hadde dottera Else Andrine Lillebø med Synneve Andrine Andersd. Frå Øvstegarden. Erik forlot dei og drog til Amerika 1908. Han vart gift med Inga Sandstrøm frå Sverige, busett Ft. Williams, Canada (BSVD s. 577-578).

EÅDigArk: 29. april1909 reiste Erik Andreas Andersen Rongsæter, f.1882, ugift, fiskar, frå Volda med Cunard til Kanada. Utv till. Billett: Nei. Sigurd Fløtre registrerte seg same dato med Hvide til Nebraska.

Boston Pass List: Erik Andreas Andersen, 26 år, frå Volda, reiste med SS ”Saxonia” frå Liverpool 4. mai 1909, framme i Boston 13. mai 1909. Han er i transit til Fort Williams, Ont der han skal treffe broren Ole Andersen. Erik har betalt reisa sjølv. Næraste pårørande i Norge er faren Anders Eriksen, Valden Norway.

Ontario, Canada, Marriages 1914: Erik Anderson 32 år snikkar gifte seg med Inga Sandstrom 28 år frå Sverige. 13. Juni 1914 i Fort Williams, Thunder Bay. Erik har budd i Fort Williams sidan 27. mai 1909. Her står foreldra sine namn også.

Ole Johannes Anderss. Rangsæter (6.9.1885-2.6.1974), var i Amerika 1906-11. Tok over garden her 1916, gift .

EÅDigArk: 19. april 1906 reiste Ole J. Andersen Rangsæter, f. 1885, ugift, fiskar, frå Volda, med Canadian til Antonia [eller er Antonia namnet på båten]. Billett: Nei.

Hesteflotene

Elias Andreas Johannes. (14.1.1881-26.11.1952) frå Hesteflotene gift 1923 med Hansine frå Jostranda. Dei busette seg på Jostranda. Elias var i Amerika 1905-08 og 1910-15 (BSVD s.418 og 453).

EÅ DigArk: 6. april 1905 reiste Elias J. Hesteflot, f. 1881, ugift, tenar, frå Volda, til USA med håp om betre forteneste. Merknad: Ubestemt fripass. Billett: Nei.

EÅ DigArk: 29.4.1909 reiste Elias Andreas J. Hesteflat, f. 1881, ugift, trearb., frå Volda med Hvide til Canada. Fripass. Billett: Nei. Medreisande: Samund Olai Aksnes til Canada, Sivert Martin A. Eidseth til Canada, Ole Sigvald Pedersen Sætre til Minnesota, Knut Johan Olai P. Ulvestad til Minnesota.

Peder Elias Johanness. [Hesteflot] (17.1.1874-15.6.1927). Han hadde ei dotter utanfor ekteskap. Han vart gift 1906 med Lina Brekke. Han reiste til Amerika, busett New Orleans (BSVD s.583-584).

EBMR DigArk: 23.4.1896  reiste Peder Elias Johannesen Hesteflot, 22 år f. 1874, heimstad og fødestad: Volda, ugift, gardbrukarson, med Cunard (pp). [Har han fått prepaid ticket?].

Person nemnt under Brunene: Sivert Tobias Olss. Kjøpte halve garden her 1910, reiste til Amerika.

Randine (Dina)  Marta Johannesd. Helsteflot [gift Brune] (22.8.1870-14.7.1953), gift 1.7.1892 med Knut Olai Olss. Brune frå Brunene. Dina og [dei gjenlevande borna] kom heim i 1908 (BSVD s. 584).

Sjå fleire opplysingar under Knut Olai Olss. Frå Brunene.

2 av borna av Dina og Knut Brune må også reknast med som utvandra:

Torvald Brune (1894-1895) Barn av Dina og Knut Brune(BSVD s. 584)

EBMR DigArk:  Thorvald Oscar, 2 år, f. 1893 Rouen Frankrike, reiste til Amerika saman med foreldra Randi og Knut Brune. Han er ikkje med under folketeljinga i 1900. Det kan tyde på at han var død.

Johannes (Jan) Brune (21.3.1895-5.7.1981), barn av Dina og Knut Brune, flytte hit igjen, busett Oslo i vaksen alder.

EBMR DigArk: Johannes Andreas, 0 år, f. Rouen, reiste til Amerika saman med foreldra.

Teodora (1897-1898) (BSVD s. 584). Barn som ikkje har utvandra. Bør ikkje teljast som utvandra

Sikkert nok fødd i og død i Mobile, Alabama. [Korleis skal ein telje born f. og d. i Amerika?]

Oskar (1898-1899) (BSVD s. 584) [Årstal for død må vere feil for han er nemnt i folketeljinga juni 1900.]

Harald (1900-1902) (BSVD s.584).

Peder Theodor (12.12.1901-30.10.1978). Overtok garden på Hesteflotane då mora døde (BSVD s.584). Fødd i Amerika, heim til Norge 1908. Fødd i Chrania står det i Emigrantar over Bergen 1904. Bustad Volda.

Alfhild, døde 2 år gamal (BSVD s. 584). Truleg fødd og død i Amerika.

Ruth Brune (30.1.1907-7.6.1987) (BSVD s. 584). Truleg fødd i Amerika, flytte tilbake saman med mora, busett her, også busett i Oslo.

Dalbergane

Jakob Andreas Kolbeinss. Dalberg (12.5.1859-7.9.1950), flytte til Kolbeingarden Heltnane (BSVD s. 588).

EÅ DigArk: 25. juni 1903 reiste Jakob Kolb. Heltne, 44 år, gift, gardbrukar, med Union Castlelinjen til Durban. Presteattest. Billett: Her.

SkannkyrkjDigArk: Jakob Kollbeinsen Dalberg Heltne f. 1859, reiste 1903 til Afrika.

Eliasgarden, Rossetvikane

Ole Andreas (10.11.1897-13.8.1973), reiste til Canada, gift med Mabel Freek (30.11.1909-12.10.1997), busett Vancouver (BSVD s. 593).

BritColDI: Ole Andreas Eliason, 75 år, d. 13. aug 1973, Vancouver.



Utvandra frå Indre Dalsfjord

Frå Indre Dalsfjord Posted on Mon, December 07, 2020 20:58:35

UTVANDRA FRÅ INDRE DALSFJORD

Jostranda

Person nemnt under Hesteflotane, Dalsbygda: Elias Andreas Johanness. (14.1.1881-26.11.1952) (BSVD s. 418 og 583).

Kristoffer Johannes Rinde (7.6.1905-1.8.1981) frå Jøsok i Herøy, var i Amerika i nærmare 30 år, kom heim og busette seg.

Kristoffer Sevrinson Rinde var i Amerika frå 1919-1960. Kom heim og busette seg i Dalsfjord (Herøyboka, bygdesoga 2, Bjarne Rabben 1973 (HB BS 2 BR) s. 617).

EÅ DigArk: 31. januar 1924, reiste Kristoffer Johannes Olai Rinde, fisker, f. 1905 frå Herøy, Møre til Amerika. Billett: Nei.

NYPL 1924: Kristoffer J.O. Rinde, 18 år, ugift, fiskar, frå Herøy drog frå Bergen med SS ”Bergensfjord” 3. februar 1924, framme i New York 13. feb 1924. Han skal til Tacoma og treffe svogeren Johan Olsen, 1316 Market St., Tacoma, Wash.. Han har betalt billetten sjølv. Han har ikkje vore i USA før. Han er 5 fot og 9 tomar høg, lyst hår, blå auge. Han har tenkt å verte verande i landet for alltid. Her står noko med handskrift som er vanskeleg å tyde.

NYPL 1924:  Record of Aliens held for special inquiry: Kristoffer Rinde kom med SS “Bergensfjord”  14.2.1924. Cause of detention (arrest): LPC PH D. Spørsmålet er: Kva betyr dette?

Sivertgarden, Mårstøylen

Benjamin Andreas Arness. Nordal frå Nordal i Syvde (12.10.1894-17.6.1963) var gift her med Gjertine Elise Mårstøl og dei budde her ei stund. Men kona døde i  barsel i 1919. Benjamin Andreas vart gift på nytt med Ragna Nilsen frå Alstadhaug, busett Seattle WA (BSVD s. 425).

NYPL 1920: Benjamin Nordal, 25 år, singel, elektrikar, frå Vannelven drog med SS ”Bergensfjord” frå Christiania 7. aug 1920, framme i New York 16. aug. 1920. Han skal treffe broren, Knut Nordahl i Wolf Point, Montana. Næraste pårørande i Norge: Mora, Kanutte Nordahl.

USA Declaration of intention: Benjamin Andreas Arnesen Nordal, 26 år, elektrikar, brun hår , blå auge, fødd i Syvde 12. okt. 1894. Han bur i 8th and Pike Street, Seattle Wash.Underteikna 19. mars 1921

USA Petition for Naturalization. Underteikna 15. November 1926. Då bur Benjamin i Boren Ave. og han er snikkar (Carpenter). Her er det også opplyst at han har eit barn i Noreg. Det kan sjå ut som at han er enkemann (Widower).

US Draft WW2 draft registration Cards 1942: Benjamin Nordahl f. 12. okt 1894 i Syvde. Han bur I 804 Virginia Street, Seattle, Washington. Pete Wick er ein peson som til ei kvar tid vil vite kvar Benjamin bur. Arbeidsgjevar: Carpenter Local 131. Adresse: Work intermitteningly.

NYPL 1950: Benjamin Nordahl, 55 år, gift, reiste med SS ”Oslofjord” frå Bergen 22. mars 1950, framme i New York 30. mars 1950. Han har adresse 603 Pontius Ave., Seattle Washington.

SSDI: Benjamin Nordahl f. 12. okt 1894 døde i juni 1963 i Washington

[staten]

.

Samundegarden, Ytre Åmelfoten

Rasmus Kornelius Knutss. Aamelfot (12.1.1887-10.5.1977), gift og busett her ei stund, flytte til Instebakkane, Ytre Dale, kjøpte garden der. Rasmus var ei tid i Amerika  (BSVD s. 439 og 537).

EÅ DigArk 1910: 21.4.1910 reiste Rasmus Kornelius K. Omelfot, f.1887, ugift, arbeidar, frå Volda, med Canadian til Oregon, USA. Utv till. Billett: Nei. Medreisande: Per Severin Olsen Omelfot f. 1889, frå Peragarden.

MUNIA: Rasmus Knudsen Ommelfod udv. frå Volden, Søndmøre 1910. Arbeider i Portland, Oregon; Formand i Synodens Ungdomsforening.

WW1 Draft Registration Card: Rasmus Knutsen, 30 år, f. 12.1.1887, f. Aalesund Norge, fiskar, ugift, busett Peterburg, Alaska, tilsett i Alaska Pacific Herring Co [?] Han krev fritak frå teneste på grunn av at han har vore på sjukehus på grunn av trøbbel med nyrene (Been in hsopital for kdney trouble). Han er utlending (alien). Svart hår og lys blå auge. Medium vekt og høgde. Underteikna i Peterburg, Alaska  9. juli 1917. Dette kan vere Rasmus Omelfot. Det stemmer med fødselsdato.

Møre, på 80-års dagen hans: Han var i ungdomen i Amerika, arbeidde på sagbruk og dreiv fiske på vestkysteen i 8 år. Heimkomen kjøpte han i 1920 eigen gard. Dugande bonde. Var med i Dalsfjord kommunestyre, formannskap og ei rekkje nemnder. Ordet i si makt.

Peragarden, Ytre Åmelfoten

Rasmus Johannes Olss. Aamelfot (2.4.1882-25.6.1960), gifte seg og overtok garden her etter mange år i Amerika (BSVD s. 433-434).

Folketeljing i Noreg 1900: Rasmus O. Ommelfot, f. 1882 i Volda var under folketeljinga om bord i dekksbåten ”Prøven”som låg i Herøy, i lag med 3 andre frå Åmelfoten og 1 frå Vassbakke.

SK VV Utflytte: Rasmus Johannes Olsen Åmelfot f. 1882 utflytt 10.4.1902.

MUSNSA: R. J. Ommel(fod), snedker, Ulvestad, Oregon

MUNIA: Ommel(fod) Rasmus J. udv. frå Volden, Søndmøre omkr. 1900. Gaardbruger ved Ulvestad Oregon. Broderen Peder Ommel arbeider sammesteds [Dei var nevøar til Martin Ulvestad (søner til systera)].

EÅ DigArk: 20. november 1916 reiste Rasmus Johannes Ommel f. 2.4.1882, gift snekkar, frå Volda, amerikansk borgar av Oregon, med DNA til New York på forretningsreise. Billett: Nei. Medreisande var systera, Johanne Olsen Ommelfot, tenestejente til New York.

NYPL 1916: Rasmus Ommel, 34 år, gift, drog frå Bergen med ”Bergensfjord” 22. nov. 1916, framme i New York 5. desember 1916. Det ser ut som at han har adresse i Troy, Kansas. Han har fått statsborgarskap i Jackson, Oregon 29. august 1910. [Her har han nok vore heim til Norge og gifta seg 26.10.1915 med Jørgine Olsd. Frå Fjøsneset].

US Passport Application 1918: Rasmus J. Ommel, statsborgar  USA, f. 2. april 1882 i Volda, Norge, ynskjer å besøke heimlandet på oppmoding frå faren for å hjelpe til med å ordne ting då han er i ferd med å verte gammal (Han har fått brev frå faren om dette).  Han drog frå Liverpool ca. 15. april 1902, og har uavbrote vore i USA frå 1902 til 1918 i Persist [?] Oregon. Han fekk statsborgarskap i Jacksonvill 29. august 1910. Han har intensjon om å dra frå USA med ”Hellig Olaf” frå New York 16. mars 1918. Sverga 9. februar 1918. På dette tidspunktet bur han i Brooklyn, New York og har yrke som snikkar. Han vil returnere til USA om 6 eller 8 månader. Det er bilde av Rasmus på dokumentet.

Folketeljing USA 1910, april: Rasmus Ommel, 28 år, singel, frå Norge, farmar på homefarm. Han er busett i Florence Rock (Orater Lake Reserve), Jackson Oregon. Her står det at han har vore i USA sidan 1900, ser det ut som.

Peder Severin Ommel (24.8.1889-1958), reiste til Amerika, busett Ulvestad, Oregon (BSVD s. 433).

EÅ DigArk: 21.4.1910 reiste Per Severin Olsen Omelfot f. 1889, ugift fiskar frå Volden med Canadian til Origon USA. Utv. till. Billett:Nei. Medresiande: Rasmus Kornelius K. Omelfot frå Samundegarden.

MUNIA: Peder Ommel arbeider same stad som broren Rasmus Ommel i Ulvestad, Oregon.

Passanger and Immigration List Index: Peter S. Ommel kom til Quebec i Canada 1910. Ser også ut som at han kom til Washington 1910.

WW1 Draft Registration Card: Peter Sevren Ommel, singel, 27 år, f. 24. Aug 1889 i Volda. Noverande adresse R.F.D. 3, Hoston, Brown County, Kansas. Yrke: Farmar for Adolf Jacobson.

Folketeljing i USA 1930: Peter S. Omell, 41 år, hus-snikkar, og kona Hilda C. Ommel 39 år. Han var 31 år og ho var 29 år når dei gifte seg. Han immigrerte til USA i 1912 og ho i 1913 frå Sverige. Dei eig husveret i Young [?] Street, East Hampton, Middlesex, Connecticut. Det kan sjå ut som han har tenestegjort under verdskrigen. Det er ingen andre nordmenn i området

US WW2 Draft Registration Card: Peter Sevren Ommel, 52 år, f. 24. Aug 1889, adresse RFD#1 east Hampton, Middlesex, Connecticut. Arbeidsgjevar: Weslyn Uni. And Rockfall Corp., Middleton, Conn. Mrs. Hilda Ommel vil altid vite adressa hans. Dette er sikkert kona.

NYPL 1948: Peter Sevren Ommel 59 år, f. Norge, gift, adresse: Young str. East hampton, Connecticut reiste med SS ”Stavangerfjord” frå Bergen 18. juli 1948, framme i New York 26. juli 1948. Amerikansk pass. Han reiste saman med kona Hild Charlotta, frå Sverige.

Connecticut Death index: Peter S. Ommel døde 16. August 1958, 68 år i Middleton, Middlesex, Connecticut. Han var gift med Hild.

Connecticut Death Index: Hilda Charlotta Ommel f. 26 aug 1890, d. 18. Juni 1979, East Hamton, Conecticut.

Johanne Rasmine  [Olsd] (9.1.1896-1962) reiste til Amerika (BSVD s. 433).

EÅ DigArk: 20. November 1916 reiste Johanne Olsen Ommelfot, f. 9.1.1896, ugift, tenestejente frå Volda til New York med D.N.A. Årsak: Reiselyst. Billett: Nei. Medreisande var broren Rasmus Johannes Ommel

NYPL 1916: Johanne O. Aamelfot, 20 år, ugift, frå Volda, reiste med Bergensfjord frå Bergen med SS ”Bergensfjord 22. november 1916, framme i New York 5. desember 1916. Ho skal til Troy, Kansas for å treffe broren Peder S. Ommel 5 fot høg, brune auge, brunt hår. Ho har ikkje vore i USA før. Ho har ikkje billett heil fram. Næraste pårørande i Noreg: Faren Ole R. Aamelfot, Volden, Norge. Medreisande: Broren Rasmus Ommel.

Åmelfotsætra

Anne Marta Petrine (1.71874-1.2.1974), reiste til Amerika 1892, gift 15.8.1898 med Anton Berrisford (ca.1867-1945) frå Drammen, busett Duluth MN, seinare El Cajun California (BSVD s. 437).

EBMR DigArk: 27.8.1892 reiste Anna Olsd. Dale, 18 år, f. 1874, frå Volda, gaardmandsdatter med Thingvalla. Her stemmer det med årstal og fødestad, men etternamnet er vanskeleg å forklare. Det burde vere Ommelfotsæter. Men mora var frå Indre Dale og ho kan ha teke dette namnet. Forklaringa kan også vere at dei budde i nærleiken av Dalen v. Åmelfotsætra. Ved søk i folketeljinga for 1875 er det berre ei Anna Olsd. Som var fødd i 1874.

Folketeljing USA 1900: Annie Berrisford 24 år, f. 1875 og mannen Anton Berrisford 32 år f. 1867, ”Lumber (?) Piler”.  Dei gifte seg i 1899. Dei har dottera Borhild 1 år, f. 1899. Dei bur i 62. Ave West, Duluth, St Louis, Minnesota. Dei leige husværet. Anton immigrerte i 1888 og har vore 12 år i landet.

Folketeljing Minnesota 1905: Annie og Anton Berrisford bur i Ward 8, Sub division C, Duluth,  Saint Louis. Dei har borna: Borghild 6 år, Edwin (?) (gut) 4 år og Irene 2 år.

Folketeljing USA 1910: Anna Berrisford 34 år og mannen Anton Berrisford 42 år, smed på jernbane. Dei har vore gift i 11 år og fått 4 born der 3 er i live. Dei snakkar norsk-engelsk. Han kom til USA i 1888, ho i 1893 [?]. Dei bur i Duluth City (Part of), Saint Louis, Minnesota. Dei har borna: Borghild 11 år, Mina [?] 7 år og Myrtel 3. Alle fødde i Minnesota. Det er fleire frå Noreg som bur i området.

Folketeljing USA 1920: Anna Besserford [Berrisford] 44 år og mannen Anton 52 år, smed på jernbane. Ho har arbeid med vasking heime(washing home (el. House?). Ho innvandra 1892. Han innvandra 1887[8?]. Dei fekk statsborgarskap i 1895. Dei har borna: Borghild 20 år, Irene 17 år, Myrtle 13 år og Morris 8 år. Alle borna fødde i Minnesota. Dei bur i Duluth, Saint Louis, Minnesota. Dei eig husværet, men det er pantsett. Det er mange fleire frå Noreg som bur i området.

California Death Index: Anna M. Berrisford f. 1. juli 1875 I Norge, d. 1. feb 1972 I San Diego.

Folketeljing USA 1930: Anton 62 år og Annie 54 år  Berresford bur i Vinland Street, Duluth City, Saint Louis, Minnesota. Her bur også dottera Irene 27 år og Morris 18 år. Dei eig husværet som har ein verdi på $ 4000. Anton er smed på ein ”Railroad Shop”. Det er mange nordmenn i området.

Martingarden, Indre Åmelfoten

Martin Rasmuss. [Aamelfot] (19.5.1825-8.10.1912),frå Ellingsgarden, Steinsvika, gift  her. Dreiv garden 1845 til 1884. (BSVD s. 448 og 472).

EÅ DigArk: 13. april 1892, reiste Morten Aamelfot, 67 år, kårmann, frå Volda, med Imamlinjen, med reisemål Minnesota. Billett: her.

(Frans) Rasmus [Martinsen](1.4.1855-?), reiste til Amerika (BSVD s. 448).

Folketeljing Norge 1875: Rasmus Marthensen, f. 1855, dagarbeidar Midlertidig hos faderen.

JNHolmHav s. 232: Liste over arbeidarar i Vardø sesongen 1876: Smigut Rasmus Mortensen Omelfot, dagløn 72 sk.. Det ser ut for at han skreiv under på 5-års kontrakt (på heilårsbasis i fem samfulle år).Han har nok vore med på arbeidet med Vardø Hamn fram til han utvandra. Arbeidet med hamna gjekk føre seg frå 1876-1897.

EBMR DigArk: 18.5.1880 reiste Rasmus Mortensen Ommelfot ugift, 25 år, f. 1855, fødestad: Volda, heimstad Vardø, med State Linie.

Folketeljing i Minnesota 1895: Rasmus Mortenson 40 år frå Norge, farmar og ”housekeeper”. Han har budd 15 år i landet og 12 år i dette distriktet. Han bur no i Norden, Polk, Minnesota. Usikkert om dette er vår mann.

Folketeljing i USA 1900: Rasmus Martinsen 45 år, f. april 1855 bur i Norden Township, Red Lake, Minnesota. Han har vore 19 år i landet. Kom til landet i 1881. Her bur han saman med kona Betsey f. juli 1865 og borna: Ingvald f. okt 1892, Inga f. okt 1894, Olga f. feb 1897 og Martin f. aug 1899. Alle borna fødde i Minnesota av sine norske foreldre. Rasmus og Betsey har vore gifte i 12 år. Det er mange fleire nordmenn som bur i dette området.

Folketeljing i Minnesota 1905: Rasmus Martinson 50 år, farmar busett Norden, Red Lake. Han bur her saman med kona Bertith [?] og borna: Invald 13, Inga 11, Olga 8, Martin 6, Reiharth 4, og Walter [?] gut 4 mnd.

Folketeljing i USA 1910: Rasmus Martinson 55 år, norsk, skilt, farmar,  innvandra i 1880. Statsborgarskap i USA. Busett i Hickory Township, Pennington, Minnesota.

Slektstre Anc. Owner: chuckszuk: Rasmus Martinson f. 20 april 1855 i Noreg, d. 26 okt 1937, gift med Bertha Bugge 1888. Han budde både i Norden og Hickory, Minnesota.

Det er usikkert om dette er vår mann.

Jogarden, Indre Åmelfoten

Knut Andreas Olss. (10.3-1967-1898), reiste til Amerika og døde der (BSVD s. 453).

DS: Knut reiste til Amerika og døde der 1898.

EÅ DigArk: 13. april 1892 reiste Knut Olsen Omelfot, 25 år, ugift, gardbrukar frå Volda, med Inmanlinjen til Minnesota. Billett: her. Medreisande: Morten Aamelfot 67 år, kårmann frå Volda. Morten er sannsynlegvis far til Rasmus Mortenson, sjå ovanfor.

??? Matias Johannes [Olss.] (20.7.1872-?), gift og busett Giske [BSVD s. 453) [opplysing sikkert henta frå  DS.]

EÅ DigArk: 27.4.1898 reiste Matias Olsen Aamelfod, 25 år, ugift, tenar frå Volda, med Cunardlinjen til Minnesota. Billett: Her.

NYPL: Mathias Olsen, 25 år og 9 mnd, singel ,arbeidar frå Ålesund, reiste med SS ”Campania” 7. mai frå Liverpool, framme i New York 14. mai 1898. Han skal treffe broren K. O. Amundson i Duluth Minnesota. Han har betalt reisa sjølv. Han har ikkje vore i USA før. [Usikkert om dette er vår mann. Kan det vere broren Knut. Amundson stemmer ikkje heilt. Kan det vere Åmelfot som har vorte til Amundson?]

Severine Oluffa Johannesd. Aamelfot (31.7.1892-?) gift 1919 med Rasmus Kornelius Arness. Nordal frå Syvde flytte hit i 1919-1931, fekk skøyte 1927, flytte sidan til Gåseide i Ålesund, reiste sidan til Amerika.

SSDI: Severine Nordal, f. 31. juli 1892, d. mai 1975. Siste bustad: 703 (US Consulate), Oslo, Norway. [Døde ho på konsulatet til USA i Oslo?]

NYPL 1954: Severine Nordal reiste med RMS ”Queen Mary” frå Southampton 19. august 1954, framme i New York 24. august 1954. Medreisande Rasmus Nordal. Dei bur i 603 Pontius Ave., Seattle, Washington.

NYPL 1955: Saverine O. Nordal reiste med Sabena Airline, frå Oslo, framme i New York 2. juli 1955.

Rasmus Kornelius Arness. Nordal (26.4.1886-10.5.1977) f. Syvde, ektemann til Severine ovanfor.

EÅ DigArk: 31. mars 1910 reiste Rasmus Kornelius A. Nordal, f. 1886, snikkar, ugift, frå Vanylven, med Cunard, reisemål: Montana, USA. Merknad: Fripass. Billett: Nei

NYPL 1910: Rasmus K. Nordal, 23 år, snikkar, f. Syvde, reiste med SS ”Caronia” frå Liverpoool 5. april 1910, framme i New York 14. april 1910. Han skal til venen John Soma [?] i Glendrive, Montana. Siste permanente adresse: Kvernland. Nærste pårørande: Arne Nordal, Sovsbotten pr. Ålesund.

SSDI: Rasmus Nordal f. 26. april 1886, d. aug 1974. Siste bustad: 703 (US consulate), Oslo, Norge. [Kva betyr det at både Rasmus og kona hadde siste bustad her?].

Rasmus Nordal reiste også i 1954 sjå under kona Severine.

NYPL 1955: Rasmus A Nordal, reiste med Loftleidir frå Reykjavik til New York 5. august 1955.

Rasmus og Severine hadde 4 born døypte i Dalsfjord kyrkje. 2 av borna utvandra til USA (Kanutte og Arne).  Usikkert om Randi (1920-1935) og Johannes (1924-1933). Dei døde sannsynlegvis før familien utvandra.

Kanutte Gurine (Kanna) [Rasmusd] Nordal (13.2.1922-1972), gift med B. Hofgard frå Oslo, busett Iowa, USA (BSVD s. 453).

Border Crossings Canada-USA: Kanutte G. Nordal, 26 år, reiste med ”Mauretania” frå Southampton 4. nov. 1948, framme i Halifax, 11 nov. 1948. Ho skal til 1607, 8th Ave, Seattle, Wash.

Arne Nordal f. 14.4.1926, gift med Dorothy Knutsen, busett Seattle, WA. Arne var ingeniør på Boeing-fabrikken (BSVD s. 453).

NYPL 1948: Arne R. Nordal, 22 år, singel, reiste med ”Queen Elisabeth” frå Southampton 19. november 1948, framme i New York 6. desember 1948. Han skal til 1316, Terry Ave., Seattle, Wash.

 NYPL 1953: Arne R. Nordal, 26 år, reiste med ”Permanent” frå Le Havre 11. februar 1953, framme i New York 15. feb. 1953. Han skal til 1998 Pacific Ave., San Francisco, Calif.

SSDI: Arne R. Nordal f. 14. april 1926, d. 7. mars 1995. Siste bustad: 98177 Seattle, Wash., USA.

Hansgarden, Vassbakkane

Ole Martinus Hansen (Ole Martin) (5.71889.27.12.1979), reiste til Canada, busett Montreal, kontormann. Kom tilbake til Noreg og døde her (BSVD s. 462-463).

EÅ DigArk: 10. Mai 1910 reiste Ole Martinus Hansen Vasbakke, f. 1889, ugift, arbeidar, frå Volda, “med Hvide”, reisemål: Fort William, Kanada. Merknad: Rodesetel. Billett: Nei. Medreisande: Per Steinar Rasmussen Steinsvik, f. 1889.

NYPL 1929: Ole M. Hansen, 40 år, ”Wagon Fireman”, singel, med Canadisk pass no 67702 Ottawa 1. mai 1929, reiste med SS ”Stavangerfjord” frå Oslo 26. juli 1929, framme i New York 5. august 1929. Han skal til Montreal, Quebec. Han har bustad  Bannett Ave. 1692, Montreal. Mørkt hår og blå auge. 5 fot 10 tomar høg. Næraste pårørande i Noreg: faren Hans Vasbakke, Amelfot, Søndmøre. Han har betalt billetten sjølv og han har vore i USA tidlegare i 1928 i New York, sikkert då han skulle til Noreg ein tur.

Jogarden, Vassbakkane

Hans [Jonss.] (20.3.1848-?), reiste til Amerika (BSVD s. 465).

SkannKyrkjMin Utflytte Volda: Hans Johnsen Wasbakke til Amerika 3/6 1872 Mdbg. 160 Spd

Canadian Passanger List 1872: Hans Vasbak, 24 år, kom fram til Quebec 2. juli 1872 med SS ”Nestorian”. Kanskje drog dei frå Storbritannia 20. juni 1872. Usikkert om dette er rett person.

Ellingsgarden, Steinsvika

Per Steinar [Rasmuss.] (12.9.1889-16.2.1953), reiste til Amerika, gift der (BSVD s.473).

EÅ DigArk: 10. mai 1910 reiste Per Steinar Rasmussen Steinsvik, f. 1889, ugift, arbeidar, med ”Hvide” til Fort William, Kanada. Merknad: Rodesetel. Billett: Nei. Medreisande var Ole Martinus Hansen Vasbakke.

Border Crossing Canada-USA 1915, Blaine Wash.: Peter Stanwick 26 år, frå Norge, snikkar, hjelpar. Det ser ut for at han kjem frå Vancouver og skal til Blaine. Næraste pårørande i Norge: Mora Bertha Stanwick, Ålesund, Norway. Han kom til Quebec i mai 1910. Spesielle kjenneteikn: Scar l.s. forehand[?].

Folketeljing I Alberta 1916: Peter Stainwick, 26 år, norsk, luthersk, kom til landet 1910. Snikkar på jernbane. Busett: Edmonton West. Usikkert om det er han, men alder og innreisedato stemmer.

Selected US Naturalization Records Snohomish County, Washington Declaration of Intention 1940: Per Steiner Steinsvik, kjent som Peter Stanwick, 50 år (F. Steinsvik 12.9.1889), busett 2718 Oakes Ave., Everett, Snohomish, Wash. Yrke: “B&B Foreman G.N.Ry”. Han er gift med Ingeborg Torkelson 7.9.1927 i New Westminister B.C. Ho var fødd I Vikedal, Norge 25.9.1927. Det ser ut for at han ikkje veit kvar kona no er busett. Ho kom til USA 1933. Han kom til USA 1938. Peter Stanvick har borna Peter Robert f. 21.11.1928 New Westminister og Margery f. 21.11.1931 Vancouver B.C., Canada. Begge bur på Parkland Luthern Children’s Home, Everett, Washington. Den siste adressa til Peter Stanwick i Canada var New Westminister B.C.  Han kom til USA gjennom Blaine, Wash. 28.12.1938 på farøyet G.N.R.R. Dokumentet som er ei stadfesting på statsborgarskap er underteikna og sverga 23. mars 1940 i Everett, Wash. Det er bilde av Peter Stanwick på dokumentet

Petition for Naturalization: Her går det fram at kona bur i Santa Monica,California. ”Apart” tyder vel på at dei er skilde. Elles går det fram av ein notis at han har fått skifta namn til Peter Stanwick 14.12.1944.

WashDeathIndex: Peter Stanwick f. ca 1890 d. 16. Februar 1953 i Seattle.

WW2RC 1942: Peter Stanwick, 3406 Colby ave., Everett, SnoCo, Wash., 52 år f. 12. Sept 1889. Arbeidsgjevaren hans er: Great Northern – Railway Co., Spokane Division. Ein person som vil vite adressa hans: H. F. Emholt 2401 Virginia St., Everett.

Mettegarden – nedlagt bruk.

Hans Peter [Peders.]( 31.10.1883-?), vaks opp i Knutsgarden, reiste til Amerika (BSVD s. 493).

EÅ DigArk.: 21. Mars 1906 reiste Hans Pedersen Steinsvik, f. 1883, ugift, steinarbeidar frå Volda med Cunard til Washington. Merknad Udv. till.. Billett: Nei. Medreisande med Cunard frå Volda. Ole Martinus O. Drabløs, Ole Johansen Drabløs, Peder Knudsen Reite, Peder Larsen Engesæth m. fl. Sjå under Ole Johanss. Drabløs frå Hansgarden, Ytre Dravlaus.

NYPL: Hans P Steinsvik, 22 år, ugift, reiste med SS ”Lucania” frå Liverpool 31. mars 1906, framme i New York 7. april 1906. Han skal til Carbonado, Washington der han skal treffe Thor Ness [?]. Det er fleire medreisande frå Volda som skal både til Carbonado, California og Oregon.

US Naturalization Records, USA Declaration of Intention 1936: Hans Pederson Steinsvik (Også kjent som Hans P. Stein),  , 53 år, tømmerhoggar (logger). busett 1527 Pacific Ave., Tacoma, Pierce Co., Wash., mørkt brunt hår, blå auge, 5 fot 8 t., 175 pounds, f. Steinsvik 31. Okt. 1883. Han kom til USA med “Lucania” frå Liverpool, framme I New York 7. april 1906, med namnet Hans P. Simsiuk [?]. Underteikna 24. august 1936. Han har tidlegare gjort ein Declaration of Intention 23. mars 1910 i Circuit Court, Portland Oregon.

WW1 Reg.Card: Hans Petersen Steinsvik, 35 år, busett Branden [?] Hotel, Tacoma, Wash. Yrke: Skilled Labor, Arbeidgjevar: Dampsey Lumber Co[?], Næraste pårørande: Mathias Steinsvik. Underteikna 12. sept 1908 står det, men det skal vel vere 1918.

Folketeljing USA 1910: Hans P. Stein 26 år, singel, kom til USA 1906, Yrke: Lumber Cruiser, wood [?]. Leigetakar (lodger) busett i Front Street, Portland (City), Multnomah, Oregon. Det er mange som har teke losji her.

Folketeljing USA 1920, 16. jan 1920: Det bur ein Hans Stein som ”roomer” i Fargo City, Cass, North Dakota. Yrke: Arbeidar. Det er vanskeleg å tyde kva som står som alder her. Han bur sikkert i eit losjihus her.

Folketeljing USA 1930, 7. mai 1930: Hans P. Stein,  47 år frå Norge, Yrke: Labourer i  Lumber Camp (skogsarbeidar). Han kom til USA 1909 [?]Han har ikkje hatt arbeid på 30 dagar. Det ser ut for at det er mange som ikkje har hatt arbeid den siste tida. Han har teke losji i Precinct 35, Tacoma City, Pierce, Washington.

Washington Death Index: Hans P. Stein d. 4. April 1971 i Vancouver. Han var busett i Clark.

Nedskrive av Per Ole Reite



Utvandra frå Innselsetbygda

Frå Innselsetbygda Posted on Mon, December 07, 2020 20:31:53

UTVANDRA FRÅ INNSELSETBYGDA

Johangarden, Aksneset

Samund Olai [Johans.](21.7.1890-1.12.1976) reiste til Amerika, gift med Berit Jonson (12.12.1890-5.7.1974) busett Chauvin, Alb., Canada (BSVD s. 373).

EÅDigArk: 23. april 1910 reiste Sæmund Olai J. Aksnæs, f. 1890, ugift, fiskar frå Volda, med Canadian til Canada. Rodesetel. Billett: Nei. Medreisande Sivert Martin A. Eidseth til Canada, Elias Andreas J. Hesteflot til Canada, Ole Sigvald Pedersen Sætre til Minnesota, Knut Johan Olai P. Ulvestad til Minnesota.

Folketeljinga Noreg 1910: Driver jernbanearbeide står det i folketeljinga. F for flyttta

Ola Johanss. Aksnes (10.10.1898-8.10.1979), var ei tid i Amerika. Kom attende. Gift og busett på Aksneset (BSVD s. 373).

23. februar 1924 reiste Ola Johansen Aksnes, f. 1898, ugift, gardsarbeidar, frå Volda til Canada. Billett: Nei. Medreisande: Lars Andreas Olsen Drabløs, Peder Nikolai Rasmussen Drabløs, Daniel Rasmussen Fløtre.

Øygarden – Aksnessætra – Hatlen

Jørgen Nikolai [Larsson Aksnessæter] (9.5.1864-1938) reiste til Amerika (BSVD s. 379).

Han budde på Aksnessæter under folketeljinga 1875, hjælper faderen.

Sigurd Kristoffer Rasmuss. Fløtre (22.10.1888-18.10.1969), gift og busett her (BSVD s. 381)

EÅ DigArk: 29.4.1909 reiste Sigurd Kristoffer R. Flatre (Aksnessæter), f. 1888, ugift, steinarbeidar med Hvide til Nebraska USA. Rodesetel. Billett: penge. Same dato reiste: Erik Andreas Andersen Rongsæter f. 1882 med Cunard til Canada.

Folketeljinga Norge 1910: F for flytta. Jernbanearbeider står det i folketeljinga.

Samtale med Johannes Fløtre: Sigurd var heime omkring 1920 og bygde hus.

Declaration of Passangers to Canada 1924: Sigurd Fløtre, 35 år, gift, farmar, dreg til Canada for å søkje arbeid innan farming. Han har intensjonar om å vere i Canada permanent. Han har vore i Canada tidlegare frå 1913-1917 i Vancouver. Han forlet Canada for å dra heiom på besøk. Han har betalt reisa sjølv. Han skal til K.K. Bjerknes, Cambie Str., Vancouver. Næraste pårørande i Norge: Kona Brita Fløtre, Volda. Underteikna Sigurd fløtre og Harald Moa (booking agent) i Ålesund. Han reiste med SS ”Cedric” 1. mars 1924.

UK Incoming Passangers: Sigurd Fløtre, 37 år, farmar, kom frå Canada Saint John N.B med ”Montcalm” til Liverpool 27.3.1926, i transit til Ålesund. [Han fekk sonen Ola 9 mnd. seinare]

Karen [Rasmusd.] Fløtre (26.6.1892-6.4.1974) reiste til Amerika, gift med Hans Larson (d. 1935)frå Danmark. Busett Wyoming (BSVD s.381).

EÅDigArk: 8.11.1909 reiste Karen Rasmusd. Aksnæssæther, f. 1892 , tjent., frå Volda med Hvide til Nebraska. Billett: Penge.

Folketeljing i USA 1920: Karen Larsen, 27 år og mannen Hans Larsen, 29 år var busett i East Section #33, South Range 13 Township 8, Park, Montana (5.feb. 1920). Han er fødd i New Jersey av danske foreldre. Dei leiger husvære her. Ho kom til USA 1900. Han driv eige firma (own acount). Vanskeleg å tyde yrket. Kan det vere ”trapping marter” pelsdyrjeger/ fanging av mår. Ikkje heilt sikker om dette er Karen Rasmusd. Fløtre.

Det ser ut for at der ikkje er folketeljing for Wyoming på Ancestry.com.

Maren Lovise Fløtre (1.2.1900-19.3.1990) gift 29.11.1923 med Peder johannes Jakobss. Velsvik frå Monsgarden, Innselset. Dei reiste til Amerika, busett Tacoma WA (BSVD s.381).

30. november 1923 reiste Marie Velsvik, f. 1900, fiskar [som sin mann], reiste saman med sin mann Per Johannes Jakobsen Velsvik [frå Monsgarden, innselset], fiskar til USA. Billett: Nei

SKDiVDigArk: Marie Lovise Rasmusd. Fløtre og Per Johannes Jakobsen Velsvik, fiskar f. 1900. Utflytt til USA 3.11.1923.

NYPL 1923: Marie Velsvick, 23 år, husmor, frå Volda, reiste med SS ”Majestic” frå Southampton 5. des. 1923, framme i New York 11. des. 1923. Ho reiser saman med mannen Per Velsvick [frå Monsgarden Innselset].  Næraste pårørande i Norge er faren hans, Jakob Velsvick. Dei begge skal til systera hennar , Karen Larsen i Yellowstone, Wyoming. Per har vore på sjukehus, men det er vankeleg å tyde kva det gjeld. Kan det vere noko med ei lunge?

NYPL 1955: Marie L. Velsvick og mannen hennar reiste med SS ”Oslofjord” frå Oslo 23. juli, framme i New York 1. aug 1955. Dei har vel vore i Norge på besøk.

US Public Record Index AC: Marie Velsvick, adresse: 3709 Sheridan Ave., Tacoma, WA 98418-3914.

SSDI: Marie Velsvick f. 1. feb. 1900, døde 19. mar 1990. Siste opphaldstad: Tacoma, Pierce, Washington, USA.

Samtale med Johannes og Rasmus Fløtre april 2012: Per Velsvik var snikkar/bygningsmann i Tacoma. Rasmus, Odd og mora besøkte Per Velsvik i 1982 i Tacoma.

Daniel Torvald Fløtre (25.10.1904-1940), reiste til Amerika, lærar (BSVD s.381).

23. februar 1924 reiste Daniel Torvald Rasmussen Fløtre, f. 1904, ugift, gardsarbeidar, frå Volda til Canada. Billett: Nei (EÅ DigArk). Medreisande: Sjå under Ola Johansen Aksnes.

Declaration of Passangers to Canada: Daniel Fløtre, 19 år, ugift, gardsarbeidar dro med SS “Cedric” 1. mars 1923. Han kom fram til Halifax, Nova Scotia. Han skal til K. R. [?] Bjerknes, 1601 Cambie Street, Vancouver B.C.  Daniel har tenkt å busette seg pemanent i Canada. Han har betalt reisa sjølv. Næraste pårørande i Norge: Faren Rasmus Fløtre. Papir underteikna av Harald Moa, Ålesund.

NYPL 1927: Daniel Thorvald Rasmussen Fløtre, 22 år gardsarbeidar, ugift, frå Volda, reiste med SS ”Stavangerfjord” frå Bergen 26. februar 1927, framme i New York 7. mars 1927. Han skal til Yellowstone Park, Wyoming for å besøke systera, Carrie Larson. Han har betalt reisa sjølv og har intensjonar å busette seg i Amerika for alltid.  Han har visa nr. Q 6096, utstedt US Consulate, Vancouver B.C. 13 nov 1927 [?]. Siste permanente adresse: Vancouver BC, Canada. Han har 25 $. Han er 5 fot, 5 tomar høg og har brunt hår og brune auge. Næraste pårørande i Norge: Faren, Rasmus Fløtre, Innselset, Sunnmøre.

Border Crossings from USA to Canada, Pacific Highway 8. des 1927: Daniel Flotre, 23 år, ugift frå Volda. Han har vore i Canada tidlegare frå 1923-1926.

Folketeljinga USA 1930, reg 7. april 1930: Daniel Flotrie, 25 år, ugift, frå Norge, busett (leigebuar hos John Hodge, frå England) i District 25, Wallace, Shoeshone, Idaho. Daniel er gruvearbeidar i ei blygruve. Det er veldig få andre nordmenn her.

Samtale med Johannes og Rasmus Fløtre: Daniel hadde byrja på lærarskule her i Norge, men han slutta og reiste til Amerika. Han vart gift, men fekk ikkje born. Daniel var involvert i ei gullgruve. Var muligens sjef/disponent/ direktør. Det vart sagt at han hadde eige fly, muligens i Tacoma. Det vert sagt at han hadde med seg gullstøv heim til Norge ein gong (då han var i bryllaupet til  faren til Johs og Rass (1925). Daniel døde visst av gullstøvforgifting/silikose.

Monsgarden, Innselset

Peder Elias (5.5.1873-29.8.1896) [Oleson, Innselset], reiste til Sør-Afrika, omkom i ein sump ved Johannesburg.

Peder Johannes [Jakobsen] Velsvik (25.2.1900-18.6.1999) gift 29.11.1923 med Marie Lovise Rasmusd. Fløtre frå Øygarden (Aksnessætra), reiste til Amerika, busett Tacoma (BSVD s. 386).

SKDiVDigArk: Per Johannes Jakobsen Velsvik og Marie Rasmusdtr. Fløtre f. 1900. Utflytt 3.11.1923

Sjå opplysingar under kona Marie frå Øygarden.

US Phone and Address Directories 1993-2002: Peter Velsvick budde i 3709 S Sheridan Ave, Tacoma Washington 1993-1997

US Public Record Index Vol 2: Han har også budd I 3820 S J St, Tacoma

SSDI: Han døde 18. Juni 1999 i Tacoma, Pierce, Washington, USA.

Samtale med Johannes Fløtre: Per og Marie hadde døtrene Esther og Ruth.