Blog Image

Utvandringa frå Volda

Voldautvandring på nett

Utvandringa frå Volda er truleg noko som opptek mange, både i vår eiga kommune og ute i den store verda. Dette er nettstaden som vil vere ein kanal for interesserte. Målet er å samle opplysingar om dei som drog ut. Legg gjerne inn ein kommentar eller skriv e-post til: perolereite@voldautvandring.com

Utvandra frå Dravlausbygda

Frå Dravlausbygda Posted on Sun, December 06, 2020 18:00:25

Utvandra frå Dravlausbygda

Nesheim – Skrubbeneset

Andreas Martinus [Torbjørnss.] Skrubbenes (3.8.1857-?) Flytta til kyrkjegata 3, Halkjelsvik (BSVD s. 269).

Andreas var eit par bolkar i Amerika, busette seg i Volda. Han døde 27.7.1935 (DS s. 206).

EBDigArk: 12.9.1898 reiste Andreas Torbjørnsen Skrubbenæs 39 år, gift, hamnearbeidar, frå Volda med Cunard. På denne dato reiste også Elisa Jakobsen f. Mørk, josefine Knudsen Mørk, Karoline Knudsen Mørk, Martha Bertsd. Klep.

Folketeljing i Volda, Norge 1900: Andreas Skrubbenes, f. 1857, gift husfar, kone og 2 born. Reiste for 2 år siden for at faa Arbeide. Mellombels bustad: Carbonado, Washington. Yrke: Skogsarbeide.

EÅDigArk: 19.2.1903 reiste Andreas P. [Kan det vere T for Torbjørnss.?] Skrubenes, 45 år, gift, arbeidar, frå Volda, med Hvite Stj. Linje til Montana. Billett: Prepaid

Torbjørn Olai Eliass. Nesheim (26.2.1882-28.11.1968), busett her med familie. Han var i Amerika fleire gongar og arbeidde både som fyrbøtar, maskinist og gruvearbeidar (BSVD s. 269).

EÅ DigArk: 20.6.1901 reiste Thorbjørn E. Skrubbenes, 19 år gift !! [Kan ikkje sjå at han då var er gift i andre kjelder], arbeidar, frå Volda, med Cunardlinjen til Washington. Merknad: Rodesetel. Billett: her.

NYPL 1901: Torbjorn Eliason, 19 år, singel, siste bustad Ålesund. Han reiste frå Liverpool 25. juni 1901, med SS ”Servia”, framme i New York 4. july 1901. Han har betalt billetten sjølv. Han skal treffe onkel Mr. Thorson i Carbonado, Washington. Dette er sannsynlegvis Andreas Martinus [Thorbjørnsen] Skrubbenes, sjå ovanfor.

EÅDigArk: 12.3.1910 reiste Torbjørn Olai Eliassen, f. 1882, gift gardbrukar, frå Volda , med Hvite til Washington USA. Utv. till. Billett:Nei. 9 medreisande frå Dalsfjorden.

NYPL 1910: Torbjorn Olai E. Skubbenæs 28 år og 1 mnd., gift, arbeidar reiste med SS ”Laurentic” frå Liverpool 19. mars 1910, framme i New York 27. mars 1910. han har vore i Amerika tidlegare frå 1901-1907 i Tacoma. Han skal no treffe venen Olaf Duninen [?] i Carbonado, Washington. Næraste pårørande i Norge: Rasmine L. Skubtence. Ei rekkje dalsfjordingar var med denne båten: Ingvald Drabløs, Samund Hansen Lyngnæs, Sivert Rasmussen Reite, Anders Martinus S. Torvik, Knut Sigvald [Sigurd?] Andreas S. Lillebø [?], Knut Britanus [?] S. O. Hjelle og Knut Andreas Nautvik.

Declaration of Passanger to Canada: Torbjørn Skrubbenes 41 år, gift, farmar, reiste med SS “Doric” 26. Januar 1924, framme i Halifax feb. 1924. Han dreg til Canada for å søke jobb. Han har vore i Canada før, frå 1910-1911, då han budde i Stewart B.C. Han skal treffe ven Ole Eliassen, Port Alberni, Vancouver Island. Næraste pårørande i Norge: Kona, Rasmine Skrubbenes i Volda. Vitna og signert av Booking Agent: Harald Moa. Stempla Aalesund Norway.

Hansgarden, Ytre Dravlaus

Rasmus Kornelius (4.1.1884-?), reiste til Amerika (BSVD s. 273)

Emigranter over Ålesund (EÅ DigArk): 11. april 1907 reiste Rasmus Johansen Drabløs f. 1884, ugift, fiskar, frå Volda, med Cunard til San Francisco. Medreisande frå Volda Theodor Olai Hansen Rødseth, Hans Mathias Albrigtsen Nordal. Rødseth til SF, Nordal til Wash..

NYPL 1907: Rasmus K. Drabløs, 23 år, fiskar, singel, reiste frå Liverpool 20. april med SS ”Lucania”, framme i New York 27. april 1907. Han skal til Eureka i California. Han skal treffe ”brother in law” Ole Jonsen. [Truleg er dette broren Ole f. 1885], City of Copenhagen, Eureka, California.  Medreisande som ovf.: Theodor Rotset til Eureka. Hans Nordal til Carbonado, Wash. Ei rekkje sunnmøringar reiste med denne båten.

Folketeljinga i USA 1910: Rasmus Johnson, 26 år frå Norge, immigrerte i 1907. Yrke: Sorterar (Sorter) på sagbruk (sawmill). Usikkert om dette er vår mann. Alder stemmer. Yrke kan vel også stemme i og med at han arbeide innan skogbruk. Sjå nedanfor.

WWI Draft Registration Cards 1917-1918: Rasmus Johnson, 34 år, f. 14. Jan 1884, skogsarbeidar. Han hadde adresse/arbeidsgjevar: Saynian Elma, Grays Harbor County, Washington. Næraste slektning: Mrs Engerburg Johnson, Dalsfjorden, Aalesund.

Folketeljinga i USA 1930: Rasmus Johnson, 46 år, leigebuar (lodger), ugift, skogsarbeidar(logger), immigrerte i 1907. Statsborgar. Ser ut for at han bur i eit losjihus i Front [Street],City of Portland, Multnomah, Oregon. Vanskeleg å vite med sikkerheit om dette er vår mann, då det er så mange med dette namnet, men utreiseår, alder og bustad stemmer.

NYPL 1931: Rasmus Johnson, 47 år, singel, skogsarbeidar, frå Volda reiste med SS ”Bergensfjord” 14 april 1931, framme i New York 25. april 1931. Næraste pårørande i landet han kom frå: Mora Ingeborg Johnsen, Lovik pr. Sunnmore. Rasmus skal til Portland Oregon. Han har betalt for reisa sjølv, heilt fram. Han har tidlegare vore 27 år i landet (Oregon)- 28. juni 1930. Han skal treffe ein ven, Bjarne Ridgers, 266 Front St., Portland, Oregon.

USA Declaration of Intention: Rasmus Johnson Drablas (known as Rasmus Johnson), 47 år, ugift, farmar, busett  Gresham, Multnomah, Oregon. Han var fødd i Volda 14. Jan. 1884. Høgd: 5 fot, 8 tomar. Vekt 170 pounds. Blå auge, brunt hår. Spesielle kjenneteikn: Tatovering bak på høgre hand. Han har tidlegare gjort ein Declaration of Intention i Eureka, juni 1909. Han emigrerte med ”Lucania” april 1907. Underteikna Rasmus Johnson Drablos, alias Rasmus Johnson, Portland Oregon, 12. oktober 1931. Det er bilde av Rasmus Johnson Drabløs på originaldokumentet.

Rasmus har ved fleire høve oppgitt 14. januar 1884 som fødselsdato. Men i kyrkjeboka er han innført med 4. januar som fødselsdato og 3. februar som dåpsdato.

US WWII Draft registration Cards, 1942: Rasmus Cornelius Johnson, 58 år, f. 14. Januar 1884 i Norge. Bustadadresse: Route no. 1, Gresham, Multnomah, Oregon. Postadresse: Willamette Comp, Black Rock Oregon. Arbeidsgjevar: Willamette Valley Lumber Co., Black Rock, Oregon. Namnet på ein person som veit Rasmus si adresse: John Drables [broren], Hoquaim, Wash. Underteikna Rasmus Cornelius Johnson.

Oregon Death Index: Rasmus C. Johnson d. 01 0[?] 1951 i Portland. Her finst også ein Rasmus K. Johnson med ektefelle Johanna som døde 9. mars 1951 i Multnomah.

Ole Johanss. Drabløs (15.12.1885-18.1.1979), gift og busett Hansgarden, var fleire periodar i Amerika, og arbeidde i Fyrvesenet (BSVD s. 273-274).

EÅDigArk: 21.3.1906 reiste Ole Johansen Drabløs, f. 1885, ugift, steinarbeidar frå Volda, til California med Cunard. Rodesetel. Bill: nei. Medreisande: Ole Martinus O. Drabløs til Washington, Peder Knudsen Reite til California, Peder Larsen Engesæth til Washington, Hans Pedersen Steinsvik til Washington, Ole Elias Johansen Strand til Washington, Sivert Steffensen til Oregon, Nils Steffensen til Oregon.

NYPL: Ole J. Drabløs, 20 år, singel, reiste med SS ”Lucania” frå Liverpool 31. mars 1906, framme i New York 7. april 1906. Han skal til Eureka, California der han skal treffe Char. Knudsen [frå Yste Reite], 223 W Grant str., Eureka, Cal. Ole har 20 $. Han har betalt for billetten sjølv. 4 andre dravlausbygdingar er med denne båten: Severt O Steffensen, Nils C. Steffensen, Oli M. O. Drablas og Peder J.K. Reite. Severt og Nils skal til Portland, Oregon. Oli M. til Carbonado, Wash., Peder til Eureka, Wash. Dei har alle billett heilt fram.

Declaration of Passanger to Canada: Ole J. Drabløs, 38 år, gift, fiskar, reiste med SS ”Cedric” til Halifax, i mars 1924. Reiste for å søke arbeid. Han har ikkje vore i Canada tidlegare. Han har 25 $. Han skal treffe Peder Reite, Box 501, Prince Rupert. Næraste pårørande er kona, Kanutte Drabløs. Underteikna Harald Moa, Booking Agent.

UK Incoming PassangerList: Ole J. Drablos, 39 år, farmar reiste med Montclare frå Montreal, framme i Liverpool 16. mai 1925 i transitt til Ålesund. Medreisande Ole O. Drablos.

Ole J. Drabløs må ikkje forvekslast med Ole M. O. Drabløs frå Olagarden (sjå nedanfor). Der var også ein Ole Severin Olsen Drabløs f. 1866 frå Sykkylven som utvandra (MG US).

Johan Halvdan [Rasmussen] (17.10.1900-1962), reiste til Amerika (BSVD s. 273).

EÅDigArk: 12. mars 1923 reiste Johan Rasmussen Drabløs, f. 1900, ugift, fiskar, frå Volda med White Star Line til Oregon. Merknad: Utv. attest. Billett: penge. Medreisandefrå Volda: Jakob Mathias Eliass. Koppen, Einar Magnus Eliass. Koppen, Ingeborg og Ragnhild Haaskjold, Gregorius Sørheim og Asbjørn Engeseth.

SKDiVDigArk: Johan Halvdan Drabløs, f. 1900, ugift. Utflytt 2.3.1923.

Border Crossing from Canada to USA: Johan Drabløs (Far: Rasmus Drabløs), 22 år, ugift, arbeidar , frå Volda reiste med SS ”Regina” frå Liverpool 17. mars 1923, framme i Halifax 25. mars. 1923. Han skal til stebroren Rasmus Johnsen som bur i Washington Street, Portland, Oregon. Johan har betalt billetten sjølv.

Peder Nikolai (Per) Rasmuss. Drabløs (25.5.1898- 18.7.1962) flytte til Nyheim, gift med familie der (BSVD s. 273 og 280).

23. februar 1924 reiste Peder Nikolai Rasmussen Drabløs, f. 1898 i Volda, gift, fiskar, til Canada. Billett: Nei. Medreisande frå Volda: Lars Andreas Olsen Drabløs, Ola Johansen Aksnes og Daniel Torvald Rasmussen Fløtre(EÅ DigArk).

Declaration of Passanger to Candada: Peder Drabløs, 25 år, gift, fiskar reiste til Canada med SS ”Cedric” 1. mars 1924. Han skal til Canada for å søke arbeid. Han har betalt billetten sjølv. Han har med seg 25 $. Han har ikkje budd i Canada tidlegare. Han har tenkt å vere permanent i Canada. Han skal treffe Charles Reite, box 501, Prince Rupert B.C. Næraste pårørande i Norge: Kona, Dina O. Drabløs, Volda. Booking Agent: Harald Moa, Aalesund.

Olagarden, Ytre Dravlaus

Ole Martinus Olss. Drabløs (19.12.1886-26.7.1965), gift og busett på Olagarden, var fleire gongar i Amerika, totalt 15 år. (BSVD s. 275).

21. mars 1906 reiste Ole Martinus O. Drabløs, f. 1886, ugift, smed, frå Volda med Cunard til Washington. Merknad: Rodes. Billett: nei. Medreisande sjå under Ole Johanss. Drabløs, Hansgarden.

NYPL 1906: Oli M. O. Drablas, 19 år, singel, smed, reiste med SS ”Luciana” frå Liverpool 31. mars 1906, framme i New York 7. april 1906. Han skal treffe ein ven, Tor Næss [Dette kan vere Torbjørn Eliass Nesheim] i Carbonado, Washington. Han har betalt billetten sjølv heilt fram. Han har 20 $. Det var 4 andre dravlausbygdingar med på ”Luciana”: Nils Steffensen, Sivert Steffensen, Peder Reite og Ole J. Drabløs.

Declaration of Passanger to Canada: Ole O. Drabløs, 37 år, gift, farmar, reiste med SS ”Cedric”, til Halifax i mars 1924. Han reiser for å søke arbeid innan fiskeri. Han har tenkt å opphalde seg permanent i Canada. Fyrste gongen han var i Canada var i 1904 då han ankom Montreal. Han forlet Canada sist gong i 1914, fordi han skulle heim på besøk. Han har 35 $. Han skal treffe svogeren sin Charles Reite, box 501, i Prince Rupert. Næraste pårørande er kona Gunhild Drabløs. Underteikna Booking Agent Harald Moa.

USA Declaration of Intention 1911: Ole Drablos, 24 år, f. 19. des. 1886. Han bur på dette tidspunktet på Livingston Hotel. Han kom til USA frå Liverpool med “Luciana”. Han kom til New York 8. april 1906. Vekt: 150 pounds. Mørkebrunt hår og blå auge. Høgd: 5 fot 5 tomar. Underteikna Ole Drablos 24. oktober 1911.

UK Incoming Passanger List: Ole O. Drablos, 38 år, farmar, reiste med ”Montclare” frå Montreal, framme i Liverpool 16. mai 1925 i transitt til Ålesund. Medreisande: Ole J. Drablos.

EÅDigArk: 9. oktober 1926 reiste Ole Martinus Olsen Drabløs, f. 1886, gift,  gardbrukar frå Volda til Canada. Medreisande var nevøen Knut Elias Eliassen Reite f. 1908. Ole var gift med systra til Knut sin far.

Canadian Passanger Lists 1926: Ole Drablos, 39 år, gift reiste med SS ”Montclare” frå Liverpool 15. oktober 1926, framme i Quebec 22. oktober 1926. Han har tidlegare vore i Canada frå 1924-1925 el.26 i Prince Rupert. Yrke: Handlogger. Han skal treffe svogeren Char. Reite i Lockeport B.C.. Næraste pårørande er Gunhild Drabløs, Lovik i Sondmere, Norway. Medreisande var Knut Reite, 18 år frå Yste Reite.

UK Incoming Passanger Lists: Ole Drablos 44 år, tømmerhoggar (logger), reiste med “Empress of France” frå Quebec til Southampton 19. Sept. 1931, i transitt til Sunnmøre.

Petra Elisa Drabløs (22.10.1915-21.2.1988) (BSVD s. 275)

Ho var utdanna operasjonssyster, og ho tenestegjorde i Tysklandsbrigadeni 1950. Ho tenestegjorde også ved Det Norske Felsjukehuset i Korea under Korea-krigen. Dette var i 1950. Ho arbeidd også på eit sjukehus i Algerie under frigjeringa. Ho var også ein tur over til Amerika der ho jobba eit par år i Chicago (MFD 2008 s. 61).

NYPL: Petra Drabløs, reiste med MS ”Bergensfjord” 8. oktober 1956, framme i New York 17. oktober 1956. Adresse: 1753 W. Congress St., Chicago, Illinois.

Andersgarden, Ytre Dravlaus

Anders Martinus Drabløs, (19.5.1906-30.12.1932), reiste til Amerika (BSVD s. 278).

13. sept 1922, reiste Anders K. H. Drabløs, f. 1906 i Volda, gardsgut, med N.A.L. til New York. Billett: Penge (EÅ DigArk)

NYPL 1922: Anders M. K. Drabløs, 16 år, singel, ”farmhand”, frå Volda, reiste med SS ”Bergensfjord”, frå Bergen 23. sept. 1922, framme i New York 2. okt. 1922.. Far: Karl Drabløs, Lovik, Dalsfjord Han skal treffe onkelen sin Peder Pedersen (sannsynlegvis morbror frå Stjernøy ved Mandal), 821-55th str Brooklyn, New York. Han har komt til USA for å vere her for alltid. Han har betalt billetten sjølv.

Tunheim og Solbakken, Ytre Dravlaus

Lars Andreas Olss. Drabløs (27.7.1896-8.5.1973) gift og busett her (BSVD s. 283 og 280).

Lars var i Amerika ei tid.

EÅDigArk: 23. februar 1924 reiste Lars Andreas Olsen Drabløs, f. 1896 i Volda, fiskar til Canada. Billett: Nei. Medreisande frå Volda: Peder Nikolai Rasmussen Drabløs, Ola Johansen Aksnes og Daniel Torvald Rasmussen Fløtre.

Sjurgarden, Vika – Døvika

Daniel Olai Larss. Frå Stonganeset, Søvika (25.8.1867-27.6.1939) adoptert, busett og gift her. Daniel var i Amerika ei tid.

13. april 1893 reiste Daniel Larsen Næs, 25 år, ugift, smed frå Volda, med Allanlinien til Minnesota. Billett: Her. Medreisande frå Volda: Rasmus Lyngnæs og Ananias Drabløs (EÅ DigArk).

Myra, Indre Dravlaus

Jon Kornelius (John) Myhre (27.4.1869-27.9.1898), reiste til Amerika, gift med Mathilde, busett Perley, MN, John var lærar (BSVD s. 303).

2. juni 1892 reiste John Drabløs, frå Volda, 23 år, ugift, Dreng, med Allan line til Minnesota. Billett: Her. Litt usikkert om dette er same person som John Myhre, men det stemmer med alder. Medreisande frå Volda: Søren Sætreaas, Sivert E. Koppen, Gustav Johnsen Nakken, Johannes Rasmussen Fedten (EÅ DigArk)

John Myhre (Indredrabløs) død, skulelærar, Perley, Minn. (MUSNSA)

Folketeljing for Minnesota 1895; John Myre, 25 år, underviser på norsk skule. Han har vore 6 månader i staten og like lenge i distriktet han no bur i: Lee, Norman, Minnesota. Noko usikkert om dette er vår mann. Det ser ut som folketeljinga vart gjort i juni. Då skulle han eigentleg ha vore 26 år.

Ananias Olai Sivertson (3.8.1867-8.10.1925) gift med familie her. Ananias var eit par periodar i Amerika (BSVD s. 303 og 304)

EÅDigArk: 13. april 1893, reiste Ananias Drabløs, 25 år, frå Volda, ugift, arbeidsmann, med Allan linjen, til Minnesota. Billett: Her. Medreisande frå Volda: Rasmus Lyngnæs og Daniel Larsen Næs.

Garden

Johanne Larsine [Larsd.](18.10.1849-?), reiste til Amerika (BSVD s. 307).

Folketeljing Norge 1865: Johanne Larsdatter 15 år, var tenestejente i Andersgarden på Ytre Dravlaus hos Anders Karlson. Men Johanne Larsdatter er også oppført som busett i Garden. Det er ikkje sikkert det er same person.

Folketeljing Norge 1875: Ei Johanne Larsdatter f. 1851 er tenestejente i Vasbotten hos Anders Rasmusen, urmakar og sylvsmed.

EBDigArk: 10. juni 1887 reiste Johanne Larsdat Dravløs, busett Volda, 30 år, f. 1857 i Volda, tenestejente, med Allan linjen (EB DigArk).Dette samsvarar ikkje med alder og fødselsår. Det er difor usikkert om dette er rett person. Men eg har ikkje funne nokon Johanne Larsdatter som var fødd i Volda i 1857 (skanna kyrkjebøker DigArk). Finn heller ikkje Johanne Larsdatter under utflytte frå Volda i perioden 1860-1887

Skipslister Bergen New York 1871-1873 (DigArk): Johanne Larsd., 24 år reiste med St Olaf frå Bergen 30. mai 1873, framme i New York 16. juni 1873. Det ser ut for at denne personen har gått om bord i Kristiania. Her stemme det med alder. Kan dette vere henne me leitar etter? Neppe

Petrine Jakobine [Jakobsdatter](22.9.1877-?) reiste til Amerika (BSVD s. 308).

Folketeljinga i Norge 1900, DigArk: Petra Jakobsdat. Drabløs f. 1879 i Volda, ugift, tenestejente, husgjerning, budde på Leine Indre 25/2, Herøy, i husstanden til Antoni Olsen og familie. Her var også Sjur Olsen Velsvik dreng.

Border Crossing from Canada to USA: Petra J. Drabløs, 29 år [Det ser ut for at årstalet 30 er utstroke] tenestejente [servant], reiste med SS ”Virginian” frå Liverpool 14. mars 1913, framme i Halifax 23. mars 1913. Næraste pårørande i Noreg er mor Anna Drabløs, Volda. Det ser ut for at reisemålet er Grey, Minnesota. Ho skal treffe onkel Anton Hansen [kan dette vere mannen til Johanne Larsdatter (ovf)?]. Ho har betalt billetten sjølv. Ho har 30 $. Ho kryssa grensa til USA ved St Albans, Vermont.

8. mars 1913 reiste Petra Jakobsen Drabløs, f. 1883 frå Volda, ugift, tenestejente, med Allan Line til Minnesota (EÅ DigArk).

Dette stemmer ikkje med alder og fødselsår, men kven kan det vere. Eg finn inga Petra Drabløs f. 1883 i Volda (SK DigArk). Eg finn heller inga Petra Drabløs som utvandra frå Sykkylven (MGUFS).

Folketeljing i USA 1920: Pethra Jellestad 32 år, mannen Louis Jellestad 56 år og sonen Arnold Jellestad 2 år, busett i Charlson Votum[?] Precinct, Elm Tree, McKenzie, North Dakota. Pethra immigrerte i 1914, statborgar 1917. Louis Jellestad er eigar av heimen. Han er fødd i Wisconsin av norske foreldre. Han er farmar. Forklaring på kvifor dette kan vere Petra sjå under Ingborg Anna Kanutte. Spørsmålet er om kvifor Petra har fått oppført feil alder. Eg trur ho var 42 år i 1920.

Folketeljing i USA 1930, 18 april: Louis A. Jellesed 66 år, kona Petra 49 år [ Her stemme alderen hennar betre]. Ho var 36 år når dei gifta seg. Han var 54 år. Det vil seie at dei vart gifte om lag 1917-18. Dette kan stemme med alderen til eldste sonen, Arnal 12 år. Dottera Anna var 9 år. Dei budde i Elm Tree, Mckenzie, North Dakota. Petra immigrerte i 1914 og har fått statsborgarskap. Dei driv generell farming.

SSDI: Arnel Jellesed f. 29. okt 1917, d. 8. april 2001, New Town, Mountrail, North Dakota. Kan dette vere Arnold. Det ser ut for at Arnel Jellesed si kone heitte Lillian.

Ingeborg Anna Kanutte (11.2.1880-?) gift med Gustav Petter Ferdinand Olsen frå Eggesbø i Herøy [datoar i BSVD er feil], reiste til Amerika, busett USA (BSVD s. 308)

Gustav Petter Ferdinand Olsen (29.9.1881-1939)var frå Nordnes på Eggesbø. Han var gift med Ingeborg Drabløs, busett USA (HB1 s. 456).

2. november 1920 reiste Gustav Olsen, f. 1881 Herøy, gift, sjømann og fiskar, med Cunard til Dakota USA. Utvandringsattest. Billett: Nei.

NYPL,1920: Gustav Olsen 39 år, 2mnd., gift, farmar, frå Eggesbanas, reiste med SS ”Aquitania” frå Southampton 13. nov 1920, framme i New York 20. nov. 1920. Han skal til Charlton i N.D. Han skal treffe svoger (”bro-in-law”) Mr. L.A. Jellesedm[?], Charlson N.D.. Gustav har vore i USA ved fleire høve som sjømann. Spesielle kjenneteikn: Tatovert høgre hand. Han har betalt billetten sjølv. Næraste pårørande i Norge: Kona Ingeborg Olsen, Eggespanes pr. Aalesund.

Forklaring til Mr. L. A. Jellesed ovanfor: I folketeljinga for Nord Dakota 1925 finn eg denne L.A. Jellesed 62 år, gift med Petra Jellesed 38 år, med borna Arnold Jellesed 7 år, og Anna Jellesed 4 år. Dei bur i Elm Tree, McKenzie. Petra Jellesed kan vere Petra Drabløs. McKenzie kan vere det same som Mc Canna, sjå nedanfor. L.A. Jellesed budde på same stad i 1915, men då utan kone ser det ut til. Han har også hatt ein eigedom i Delafield, Jackson, Minnesota. Han var fødd 1863 el. 1864. Sjå også folketeljing USA 1920 under Petrine Jakobine.

11. september 1925 reiste Ingeborg Anna Kanutte Olsen, f. 1880, gift, heimstad Herøy Haram, gardbrukar, til USA, til sin mann. Billettane til henne og borna er førehandsbetalt (prepaid). Ho har med borna: Carrie Floreng  f. 1911, Jessie Annie f. 1913, Gudlow Pernille f. 1916, Leif Johan Faust f. 1918, Anny Ingrid f. 1920  (EÅ DigArk).

NYPL 1925: Ingeborg Olsen, gift, husmor, siste bustad Hareide, reiste med SS ”Stavangerfjord” frå Bergen 16. sept. 1925, framme i New York 25. september 1925. Ho og borna skal til husbonden Gustav Olsen, Mc. Canna [McKenzie?], N.D. Borna: Carrie 14 år, Jessie 11 år, Gudlow (dotter) 9 år, Leif 7 år, Anne 4 år. Carrie fødd i South Shield England. Jessie fødd på Drabløs, Norge. Dei andre borna var fødde på Hareide. Ingeborg er oppført med fødestad Herøy, men det kan vel ikkje stemme? Næraste pårørande i Norge var broren, Lauritz Drabløs, Dalsfjorden, Volda. Dei har tenkt å verte verande i USA for alltid.

Minnesota Death Index: Gustav Olsen d. 5. okt 1938 i McCloud. Usikkert om dette er vår mann.

Sjur [Jakobsen Indredrabløs] (9.1.1883-?) reiste til Amerika, bygningsarbeidar (BSVD s. 308).

Han var barnebarn av Sjur Velsvik.

Sjur Jakobsen Indredrabløs er nemnt i folketeljinga 1900 for Volda. Då er han gardsarbeidar og fiskar. Sannsynlegvis er han i Herøy under folketeljinga.

SK MVV Utflytte 1902: Sjur Jakobsen Indre-Dravlaus f. 1883 til Amerika (Canada). Utflytt 28.5.1902

Nikoline Marta Petersd. Løndahl (21.5.1862-?), pleiebarn, reiste til Sør-Afrika 1882.

Ho var busett i Marburg, Port Shepstone, Natal, seinare Pietermaritzburg, døde der før 1932 (PONUTSA s. 117)

Jakob Torvald Garen (29.6.1901-28.9.1945) reiste til Amerika (BSVD s. 308).

19. januar 1924 reiste Jakob Torvald Lauritsen Drabløs, f. 1901, frå Volda, ugift, gardsarbeidar, til Canada. Billett: Penge. Medreisande frå Volda: Rasmus Pettersen Løvig, Nils Martinus Larsen Sætre, Ole Elias Laurits Jakobsen Tilset (EÅ DigArk).

Declaration of Passanger to Canada: 26. januar 1924 reiste Jakob Drablos, 22 år, gardsarbeidar, singel, til Canada for å søkje arbeid. Han har betalt reisa sjølv. Han har 25 $. Han har ikkje budd i Canada tidlegare. Næraste pårørande i Norge er faren Laurits Drablos, Volda. Jakob skal treffe venen Ole Eliassen i Port Alberni, Vancouver Island, B.C. Underteikna Jakob Drabløs og Harald Moa (Booking Agent).

Intervju med Ove Garen (nevø av Jakob) jula 2013: Jakob Garen hadde ein kompanjong Mykle frå Syvde. Dei dreiv forretningar i lag. Jakob ville dø heime i Noreg og var på veg heim. Ola Garen hadde fått landlov for å vere med han heim. Jakob døde i New York av kreft. Ove Garen har nokre papir på arveoppgjeret. Ove har også papir på statsborgarskapet i Canada som vart innvilga 3. Juni 1930. Her finst også identifikasjonspapir som er eit slags reisepass. Det er datert 27. Januar 1938. Men også SS Stavangerfjord feb 9. 1938. Tok namnet Jack Jacobson. Spørsmålet er om han tok ein tur heim i 1938. Eg har prøvt å sjekka kvar Bergensford var på det aktuelle tidspunktet. Har ikkje funne opplysingar som kan stadfeste det aktuelle tidsromet. ”Bergensfjord var viss inne til reperasjon i 1937 iallfall, kanskje også i 1938.

Intervju med Sverre Reite på tlf frå Canada: Sverre hevdear at Jakob Garen var maskinist i Canadian Fish. Han var ein populær fyr og det er mange historier som går om han. Kallenamn: Rosie eller Rosie Jack

Nygjerde, Indre Dravlaus

Oline Marta (20.12.1875-?) gift med Hans Molvær, reiste til Amerika (BSVD s. 310). Her må eg sjå i utvandrarsoga for Sula for å finne ut meir.

Folketeljing for Ålesund 1900: Martha Drabløs f. 1875, ugift, fabrikpige Hermetisk Fabrik. Ikkje heilt sikkert at dette er henne me leitar etter, men det stemmer med fødeår. Ho bur saman med Peder Drabløs f. 1871 og kona Berthe f. Nystøl. Dette kunne vere broren, men det stemme ikkje med fødeår som det står i BSVD der fødeåret hans er 1878. Dei bur i våningshus/Buggeshus i Nedre Strandgate.

Cheryljensen53, Ac: Martha Drablos gift 1900 med Hans Kornelius Anderson i Eureka, California. Martha Drablos f. 29. desember 1877 Dalsfjord-Dravlaus. Eg har leita i kyrkjeboka for Volda i det aktuelle tidsromet, men finn berre Petrine Martha fødd 20.12.1875. Ho døde 1. juni 1915 i Seattle,Washington. Hans Kornelius Anderson (5.1.1877 Langevaag – 1866 [1966?] Everett, WA). Dei fekk borna: Ingvald N. Anderson (1904-1967). Kenneth Adolf Anderson (1906-1989), Louis Olaf Anderson (1907-1977). Det finst fleire opplysingar i sletstredet til Cheryljensen53, Ac. Men årstala virkar ikkje pålitelege.

Folketeljing i USA 1910: Martha Anderson 34 år og Hans Anderson 53 år, samt borna Ingvald 5 år, Kenneth 3 år og Louis 2 år, budde i: 26. Avenue N.W., Seattle, King Washington (2. mai 1910). Borna var fødde i California. Martha og Hans har vore gifte i 8 år. Dei immigrerte begge i 1901. Dei er ikkje statborgarar i USA. Hans er mudderarbeidar (”Dregde Worker). I Seattle hadde dei leigebuaren Nels Olson, 36 år, singel, gruvearbeidar,frå Norge. Nels immigrerte i 1900.

Person nemnt under Øvstegarden, Dalslisebøen: Marta Nikoline (2.8.1878-1963), reiste til Sør-Afrika saman med faren og stemora i 1882. Ho vart gift med Ivar Carlson, busett Marburg, Port Shepstone, Natal. (BSVD s. 310) Ho er også plassert her under Nygjerde fordi mor hennar gifte seg hit med Ole Martinus Erikss. [Kalvegjerde]. Sjå om Marta og hennar familie i eige kapittel. Elles (PONUTSA s. 120).

Ingvald Olai (28.7.1892-?) fødd her, gift og busett Vatne i Skodje (BSVD s. 310)

12. mars 1910 reiste Ingvald Olsen Drabløs, f. 1892, ugift fiskar frå Volda, med Hvite, til Wash., USA. Rodeseddel. Billett: Nei. Det var ei rekkje dalsfjordingar som reiste med denne båten,m.a.: Hans Johan Eliassen Lyngnæs, Sivert Elias Ananias R. Reite, Samund Hansen Lyngnæs, Knut Sigvald Andreas S. Drabløs Lillebø og Anders Martinus S. Torvik, Knut Britanus Sigvald Ø. Hjelle, Torbjørn Olai Eliassen Skrubbenæs, Knut Andreas Rasmussen Nøtvig og Peder (Per) Johannes L. Lavig f. 1890? (EÅ DigArk). Dette var nok Peder Johannes Larson frå Larsgarden i Løvika som døde av tæring 6.7.1913. Gravlagd ved Dalsfjord Kyrkje.

NYPL 1910: Ingvald Olsen Drablos, 17 år og 6 mnd., arbeidar, ugift, frå Dalsfjorden, reiste med SS Laurentic frå Liverpool 19. mars 1910, framme i New York 27. mars 1910. Han skal til Washington Seattle. Han skal treffe systera Martha Anderson 7352 26th Ave NW Ballard Wash. Ei rekkje dalsfjordingar var med denne båten som nemnt ovanfor. Men kan ikkje finne Peder (Per) Johannes L. Lavig. Jaudå sjå under Løvik.

Lida

Rasmus Elias Lid (11.6.1865-?), reiste til Amerika, busett Perley, MN, gardbrukar (BSVD s. 314),

Rasmus reiste til Amerika 1882 (DS s. 188).

EBDigArk: 20.4.1888 reiste Rasmus Elias Eliassen Drabløslid, f. 1865, 23 år, ugift, gardmannsson, frå Volda. Medreisande: Sivert Olai Pedersen Ulvestad, Hans Peter Rasmussen Feden, Elias Olai Olsen Heltne samt Ole Olsen Folkestad f. 1844 og kona Marte Nilsdatter [frå Øvstegarden Dalslillebø] med 3 born.

MUNIA: Rasmus Eliassen Lid (Drabløslid), udv fra Volden Søndmøre; Gaardbruger ved Perley, Minn.

UK Incoming Passanger List 1894: Reiste frå New York med ”Campania”, framme i Liverpool 26. des 1894.

28 februar 1895, reiste Rasmus Lid, 29 år med Cunard Line til Boston. Billetten er betalt på førehand (prepaid) [Men han har sannsynlegvis betalt reisa sjølv, sjå ndf). Han har heimstad Amerika. Usikkert om dette er vår mann, men det stemmer med alderen, og at han har vore der tidlegare (EÅ DigArk).

Boston Passanger and Crew List 1895: Rasmus Lid, 29 år, gift, arbeidar frå Volden, reiste med SS ”Catalonia” (Cunard Line) frå Liverpool 7. mars 1895, framme i Boston 20. mars 1895. Han skal til Moorhead der han tidlegare har oppheldt seg frå 1888-1894. Under rubrikken: Om han skal treffe slektning, står det: No (nei). Han har betalt reisa sjølv og har 30 $.

Folketeljing for Minnesota juni, 1895: Rasmus Lid, 29 år, arbeidar, frå Noreg, Busett i Georgetown, Clay, Minnesota. Han har vore her i 7 år.

Folketeljing i USA 1900: Rasmus E. Lid, 35 år, f. juni 1865, fødd i Norge, gift i 4 år med Cornila 38 år, f. i Norge juni 1862. Rasmus immigrerte i 1888, han har søkt statborgarskap. Cornila immigrerte i 1895 el 1893?. Men det står at ho har vore 5 år i landet. Rasmus er farmar på sjølveigd gard – farmar. Dei har sonen Bernhart Lid, 6 år f. aug. 1893 i Minnesota. Dei bur i Georgetown Township, Clay, Minnesota. Leiketakarar er også det eldre ekteparet Lewis (82 år) og Ingbor (77 år) Alricht, f. i Noreg, samt steborna, Laura (12 år), Lawrence (9 år) og Hanna (3 år). Alle med etternamn Alrich. Ingbor oppført med 0 born sjølv om har vore gift i 53 år. Lewis har vore gift i 56 år. Folketeljinga gjennomført i juni 1900.

[Georgetown ligg ca 8 minutters køyretur frå Perley]

Folketeljing i USA 1910: Rasmus E. Lid, 44 år, og kona Karen A. Lid (47 år). Det ser ut som begge er gift for andre gong. (M2). Dette ekteskapet har vart i 10 år. Rasmus kom hit i 1888. Karen i 1893.  Rasmus er farmar. Karen er oppført med 3 born, alle tre lever framleis. Christine O. 20 år, stedotter, f. Norge, skulelærar, immigrerte 1901. Bernhard 16 år, son. Hanna M., 13 år, dotter[Dette må vel vere Hanna Alricht]. Her er også Lawrence Alrick, 19 år oppført som steson. Dette gjeld forholdet til far i huset. (Folketeljinga i Georgetown, Clay, Minnesota, gjennomført 19. april 1910).

Folketeljing USA 1920, januar: Rasmus E. Lee, 54 år og kona Karen, 57 år. Han immigrerte i 1888. Ho i 1893. Det ser ut for at dei leige husrom hos norskfødde Lasse (68 år) og Nellie Alrich (58 år). Rasmus og Karen har ingen yrkestittel. Ingen born bus hos dei. Dei bur i Ward 1, Moorhead, Clay, Minnesota.

Artikkel i Møre 1. Februar 1925 av systersonen Peder (Pit): Rasmus E. Drabløslid døde under bading i Red River sommaren 1925

Folketeljing USA 1930: Bernhard Lee, 36 år, f. Minnesota av norske foreldre, seljar av vaskemaskiner, gift med Hanna M., 33 år. Han var 24 år ved fyrste ekteskap, ho var 21 år. Dei har borna: June L. 10 år f. N. Dakota. Dana M., 8 år, f. N. Dakota. Roy M., 7 år, f. Minnesota. Dei eig heimen dei bur i. Folketeljing 8. april 2. Ward, Moorhead City, Clay, Minnesota. Er dette rette mannen? Har han gifta seg med Hanna Alricht?

Elias Martinus (23.4.1881-?), reiste til Amerika, busett Dakota, bonde (BSVD s. 314).

SK VV utflytte 1901: Elias Martinus Olsen Dravlauslid f. 1881 utflytt 20.2.1901 til Amerika. Utflytt same dato Elias Andreas Sivertsen Dravlaus-Lillebø [frå Plassen].

EÅ DigArk; 6. mars 1901 reiste Elias Drabløslid, 19 år, ugift, arbeidar, frå Volda, Med White Star til Minnesota: Merknad: Rodesetel. Billett: Her.

Peder Kornelius [Oleson] (7.1-1885-16.4.1962). Peder reiste til Amerika i 1904, til Canada 1912. Han var i Amerika i til saman 47 år. Busett Volda (BSVD s. 314). I Dalsfjordsoga står det at han var i Mexico 1923.

EÅ DigArk: 18. feb 1904 reiste Peder O. Drabløsvik, 19 år, ugift, kjøredreng, frå Volda, med White Star til Minnesota. Merknad: Rodesetel Medb 50.- Billett: Nei. Medreisande: Elling A. Ulvestadnak [Skaret].

19. april 1912 reiste Peder Kornelius Olsen Drablauslid, f. 1885, ugift, jernbanearbeidar, med Canadian til Vancouver Canada. Medreisande Knut Johannes Knutsen Drabløsreite (EÅ DigArk).

NYPL 1924: Peder Olsen Dravlauslik, 39 år og 3 mnd., singel, formann, frå Volda reiste med ”Berengaria” frå Southampton 12. april 1924, framme i New York 18. april 1924. Han skal til Tepio el. Tepic, Mexico. Han har tidlegare vore i Eureka, Cal., 1918/21. Næraste pårørande i Norge er mora, Karine Driveklepp i Volda [Ho er sikkert gift på ny etter at mannen som ho var gift og budde med i Lida døde 1898]. Han reiser saman med Henrik Driveklepp, Ole M. Iversen Driveklepp, og Peder S. Driveklepp. Dei er i transitt til Tepic, Mexico, der dei skal treffe venen Peter Iversen som er Railroad Contractor. Det står ein merknad skrive med handskrift over kolonna til Peder Dravlauslik: Med Cert. 18054 – Arrested sexual development. Spesielle kjenneteikn: Scar on abdomen. Karane har 100 $ kvar.

Peder (Pit) Drabløslid hadde visst nok tapt alle sparepengane sin under depresjonen. Han flytta til Volda og budde i andre høgda på Bratteberghuset, på den andre sida av Bjørdal-fabrikken. Han livnærte seg av å selje frukt på Snippa. Han hadde bilde av Stalin på veggen og vart rekna som den eine av to kommunistar i Volda. Portrettbilde av ”Pit” og tekst i bok av Jostein Nerbøvik: Løyndom og Røyndom (JNRL).

Lesarbrev i Møre1. Februar 1926. frå Cronnel California av Peder Olsen. Han fortel litt frå Mexico. Men også at onkelen Rasmus E. Drabløslid drukna i Red River under bading sist sommar = 1925

Ytstereitane

Erik Andreas (Erick) (13.8.1846-?), flytte til Vanylven 1870, reiste til Amerika 1880, busett Benson MN, gardbrukar (BSVD s. 318).

Erik Knutsen Drabløsreite gift 1871 med Anne Andersd., frå St. Almklov (1). Dei var busett på I. Tunheim (2) og Stranda i Vanylven då dei utvandra. Born: Knut 1872, Andreas 1874, Rasmus 1876, Marta 1878 (R. Emil Sæter, Bygdebok for Vanylven, bd. 1).

15. mai 1880 reiste Erik Andreas Knutsen Reite, 34 år, f. 1846, gift, fødestad: Volda, bustad: Vanylven, med State Line. Medreisande: Kona Anna Andersdatr., 27 år, f. 1853, fødestad og bustad: Vanylven. Og borna: Knut Andreas Eriksen Reite, 8 år, f. 1872. Anders Martin Eriksen Reite, 6 år, f. 1874. Rasmus Elias Eriksen Reite, 4 år f. 1876. Marte Petrine Eriksdatr. Reite, 11 år, f. 1869, 1 1/2. [Årstal truleg feil, Kanskje 1878 som ovanfor el. 79]. Alle borna fødde i Vanylven (EB DigArk)

MUNiA: ”Erick Knutsen Reite, udv. frå Volden, Søndmøre 1880; Gaardbruger ved Benson, Minn. Sønnerne Knut Reite, Gaardbruger ved Portal, N. Dak.; Andrew Reite, Apoteker ved Portal, N. Dak., siden 1902; var den første permanente Apoteker dersteds; Christian Reite, Sekretær i Griggs Co. Land Co., Hennaford N. Dak., siden 1904; Rolf Reite, Apotheker i Noonan, N. Dak, siden 1907.

Minnesota Death Certificate MinnHistSoc: Christian Manford Reite f. 1. Mai 1881, Minnesota. d. 9. juli 1968, Hennepin. Mor sitt namn: Almklov.

MDC MHS: Andrew Martin Reite f. 28. Sep 1874. D. 26. okt, Meeker. 

Folketeljing i Minnesota 1885: Erik Reite, 38 år, Kona Anna, 32 år. Knud 12 år, Anders 10 år, Christian 4 år og Rolf 1 år, var busett i Cashel, Swift, Minnesota 11. mai 1885. Christian og Rolf fødde i Minnesota.

US General Land Office Records: Han har fått papir på ein egedom  på 151.41 Acres (Section 30, Tvp 120-N, Range 39-W, Meridian 5th PM, Swift County, Minnesota., 11. April 1888. Land Office: Benson.

Slekstred til Jim Roughton på Ancestry.com: I fylgje dette slektredet døde Anne Almklov i 1886.

I fylgje JimRoughton AC: Her finn me ei Helga som var gift med Ole Nore (Kvia). Helga var fødd Solum (Solheim). Dottera deira, Ingeborg (1879-1918) vart gift med Knute Erikson Reite (1872-1949). Dei fekk 6 born. Ei av desse var Olga Ruth Reite (1910-1988). Ho var gift med Clarence L.  Roughton. Dei fekk James Leroy Roughton d. jan. 2011, gift med Judith A. Stanko. Dette var foreldra til living Roughton [JimRoughton?] [Spørsmålet er om Helga Nore har vorte gift med Erik Reite, sjå nedanfor. Her finn ein ei Enga som kan vere klengenamn for Ingeborg]

Samtale med Paul O. Tomasgard, april 2014, forfattar av Draumen om framtidslandet: Mannen til Helga, Ole Nore døde på Bryggja. Side 168 i boka til Tomasgard: Helga utvandra 1889. Sonen Rasmus hadde utvandra tidlegare.  Broren til Helga, Ole Kristian Olss. (1850-1929) hadde utvandra i 1871. Han budde i Swift county ved Benson. [Kanskje reiste Helga til han og traff Erik Reite der]

Folketeljing i USA 1900: Erick Reite, 46 år, f. aug 1846, gift i 11 år, immigrerte i 1880, Han har vore 20 år i landet og er statsborgar. Han er farmar og han eig farmen utan pantsetting. Han er gift med Helga Reite, 53 år, f. sep. 1846. Gift i 11 år. Ho er mor til 4 born, 4 leve. Ho immigrerte i 1889 og er husmor. Saman med dei bur stedottera

[relasjon til husfar]

Enga, 21 år, f. 1878, Norge. Stedottera Annie 18 år f. aug 1881, Norge. Dottera Annie 10 år, f. mai 1890, Minnesota. Familien busett, juni 1900 i Cashel, Swift, Minnesota.

Folketeljing 1900 USA: Christian bur saman med broren Knut i Clearfield, Griggs N. Dakota. Knut er farmar og Christian er gardsarbeidar.

Folketeljing i Minnesota 1905,: Eric Reite 59 år, farmar, Helga Reite 58 år, ”housekeeper”,  Annie Nore, 23 år, Annie O. Reite, 15 år. Familien busett i R.F.D no. 2 [Rural Free Delivery], Cashel, Swift, registrert 12. Juni

Folketeljing i USA 1910: Eric Reite 63 år og  kona Helga, 62 år. Begge er gifte for andre gong. Dei har vore gifte i lag i 20 år. Ho har vore mor til 5 born, 4 leve. Saman med dei bur døtrene Anna Reite 28 år og Annie Reite, 19 år. Eric er farmar. Han er tilsett. Det er litt uklårt å tyde om han eig eller leige farmen. Dei er busett i Casher [Cashel], Swift, Minnesota, 22. april 1910.

I fylgje JimRoughton Ancestry.com døde Erick Reite 11.2.1918

Folketeljing i USA i 1920: Helga Reite bur hos dottera Annie 38 år, immigrerte 1889 og svigersonen Tollef Olson. Annie og Tollef har 4 born. Og dei har ein farm i Hazel Run, Yellow Medicine, Minnesota (23. februar 1920).

Minnesota Death Index: Helga Reite d. 24. sep 1925 i Yellow Medicine.

N. Dakota Grave Indexx: Rolf Reite f. 1883 d. 1927 i Crosby, Divide County.

US Draft Reg Card WW1: Rolf Reite var f. 15. Sep 1883 gift med Alvilda. Han budde I Noonan,  N. Dakota.

Folketeljing 1920: Rolf Reite hadde 3 døtre Ellen, Mardrid og Charlotte

Folketeljing I USA I 1930: Knute E. Reite 58 år og kona Marie 34 år. Dette er nok Knut sitt andre ekteskap. Han var 26 år når han gift i dette ekteskapet [Dette er nok feil, dette er nok alderen når han vart gift fyrste gongen]. Marie var 24 år når ho vart gift i dette ekteskapet. Knute immigrerte i 1880 og han har statsborgarskap. Han eig heimen der dei bur i Portal, Burke, North Dakota. Han er farmar. Born i heimen: Kenneth 21 år, Esther 15 år og Maria 2 2/12. Kenneth arbeider på farmen. I fylgje JimRoughton leve Marie enno(2010).

JimRoughton: Knute Erik  Reite d. 9.10.1949 i Crosby, Nord Dakota.

Minnesota Death Index: Andrew Martin Reite f. 28 sep. 1874 d. 26 okt. 1955 I Meeker County.

Folketeljinga 1930: Andrew M. Reite, 55 år, apotekar, gift når han var 21 , gift med Othilia, norskfødd 55 år , Han kom til USA 1880. Ho i 1888. Dottera Signe 28 år, f. N. Dak. bur saman med dei. Andrew eig husværet (verd 4000 $) her i 23. Ave. South, Minneapolis Hennepin , Minn. Det er fleire norskfødde i nabolaget.

Folketeljinga 1940. Her bur famiien til Andrew M. Reite i Long Beach, Los Angeles.

Knut Johannes (”Charly”) (18.7.1883-ca.1950, eller eit par år seinare), reiste til Amerika 1902 (BSVD s. 319).

24. februar 1904 reiste Knud K. Drabløs, 20 år, ugift, arbeidar frå Volda med White Star til California. Merknad: Rodesetel Medb. 100.00. Billett: nei. Medreisande Paul S. Lillebø (EÅ DigArk).

Folketeljing i USA 1910: Charles Reide, 27 år, singel, norsk, immigrerte i 1904, snikkar på bruer (brubyggar?) Han bur i lag med ein annan nordmann med namn John Johnsen 33 år, også brubyggar. Dette var i Trinidad, Humboldt, California, 9. mai 1910. Noko usikkert om dette er Knut, men alder og innreiseår stemme.

Border Crossings from Canada to US 1910: Charles Reate, 27 år, single, snikkar, frå Norge. Siste opphaldstad var Victoria B.C. Han skal no til Mr. Peter Reate, Eureka, Calif. Han har tidlegare vore i Calif ser det ut til, frå 1905-20. jan 1910. Men dette er vanskeleg å tyde.  Det ser ut for at han kom til NY mars 1904 med ”Calthea”. Han kom til USA v. St Albans, Vermont (List or Manifests of Alien Passangers Applying for Admission to the United States from Foreign Contiguous Territory. Port of Victoria B.C., July 1910.)

UK Incoming Passangers Lists 1911: Chas. Reite, 28 år, snikkar, reiste frå St. John N.B, med ”Empress of Britain” (Canadian Pacific Rly. Co.) framme i Liverpool 9. des. 1911 i transitt til Ålesund.

EÅ DigArk: 19. april 1912 reiste Knut Johannes Knutsen Drablausreite, f. 1883 i Volda, ugift, tømmermann med Canadian til Vankouver, Kanada. Han reiste i lag med Peder Kornelius Olsen Drablauslid.

Frå eige notat: Sverre Reite traff onkelen sin Charly i Butedale. Charly var då på ein oppsynsbåt, kystvakt, fiskeoppsyn ved Ona River sør for Prince Rupert. Charly var left left wing politisk. Charly vart funnen død i senga 1954.

Peder Jakob Reite (14.9.1886-5.7.1978) sjå også Ellinggarden, Dravlaus-Lisjebøen (BSVD s. 319 og 328).

EÅDigArk:21. mars 1906, reiste Peder Knudsen Reite, f. 1886, frå Volda, fiskar, med Cunard til California. Rodeseddel. Billett: Penge. Fleire medreisande frå Dalsfjord, sjå nedanfor eller under Ole Johanss. Drabløs, Hansgarden, Ytre Dravlaus.

NYPL 1906: Peder J.K. Reite, 19 år, ugift, fiskar, reiste med SS ”Luciana” frå Liverpool 31. mars 1906, framme i New York 7. april 1906. Han skal til broren Char Knutson i 323 W Grant Street, Eureka, California. På denne båten er det ei rekkje voldingar: Severt O Steffensen, Nils C. Steffensen, Oli M.O. Drablas, Peder Engeseth, Ole J. Drablos, Ole Strand, Hans P. Steinsvik.

3. mars 1911, reiste Peder Jakob Knutsen Drabløs-Reite, f. 1886, ugift, bruarbeidar frå Volda med Canadian til Cal. Canada. Han har vore heime på besøk. Utv. till lensmann. Billett: nei. Medreisande frå Volda s.d. Jakob Laurits Knutsen Bjørkedal m. Hv. Stjerne til Seattle, USA(EÅ DigArk).

Canadian Passanger List 1911: Peter Reite, 23 år, snikkar, frå Norge reiste med SS ”Empress of Britain” frå Liverpool, dato manglar, Framme i Saint John 18. mars 1911. Han skal til Victoria B.C. Han har ikkje vore i Canada tidlegare.

EÅDigArk: 3. april 1923 reiste Peder Jakob Knutsen Dravlausreite, f. 1886, frå Volda, gift, gardbrukar til Canada. Billett: nei

Declaration of Passangers to Canada: Siglingsdato: 7. April 1923, frame i Halifax, Nova Scotia, 15. april 1923, med SS “Megantic”. Peder Reite, 37 år, gift, snikkar frå Volda, norsk statsborgar, reiste til Canada for å søke arbeid. Han har tenkt å opphalde seg permanent i Canada. Han har tidlegare oppheldt seg i Canada, Prince Rupert B.C. Han kom då til St. John 1903[8?] [Dette må vere 1911 trur eg]. Grunnen til at han då drog frå Canada var: ”Going home on visit”. Han har med seg 50 $. Han skal til Charles Reite, box 501, Prince Rupert. Næraste pårørande i Norge: Kona, Anna Reite. Underteikna passasjer: Peder Knutsen Reite. Booking Agent: Harald Moa, Aalesund, Norway.

Border Crossings from Canada to USA 26. Nov. 1946, Niagara Falls: Peter Reite, 60 år, fiskar. Siste permanente adresse: 154 E, 8 St. North Vancouver. Kontakt i landet han forlot: Gamal Mork, same adresse. Han har vore i USA tidlegare frå 1906-1920 [?]. Han er i transitt til Norge med SS ”Drotningsholm frå New York. Han har vist 200.00 $. Spesielle kjenneteikn: Old skull fraction left side of head.

NYPL 1948: Peter Reite, 61 år, gift, fiskar frå Ålesund, statsborgar i Canada, reiste med Queen Elisabeth frå Southampton 5. mars, framme i New York 10. mars 1948. Næraste pårørande i Norge Mrs. Reite, Lovik, Ålesund. Han er i transitt til Canada VOR. Høgd 5 fot, 2 tomar. Blå auge og brunt hår. Han har betalt reisa sjølv. Han har tidlegare vore i USA frå 1906 – nov.1946.

Seattle Passanger and Crew List, Immigration List for Fishing Vessels 1953: Peder Reite, Port Albion, B.C., 67 år. Han var med fiskebåten “Funkis” der Trygve Pedersen, 51 år, var skipper. Dei drog frå Esperanza B.C. og gjekk i land i Anacortes, Washington. Underteikna skipperen 11. oktober 1953. Det var ein mann til om bord: Gilbert Wesnedge 38 år.

Ole Kornelius Reite (25.1.1893-3.1.1939), var fleire periodar i Amerika og i utanriksfart, gift og busett på Nymark, Løvika.

EÅDigArk: 28.6.1926 reiste Ola Kornelius  Drablausreite (Reite), f. 1892, gift, fiskar frå Dalsfjorden til Canada. Billett:Nei.

Canadian Passanger Lists 1926: Ole Reite, 33 år, gift, sjømann, frå Lovik i Norge, reiste med SS ”Megantic” frå Liverpool 2. juli 1926, framme i Quebec 10 juli 1926. Han skal treffe broren Knut Reite i Prince Rupert (Box 501). Næraste pårørande i Norge er kona Jakobine (Bea) Reite, Lovik, Volda. Han har tenkt å få seg jobb som sjømann i Canada.

Knut Elias Reite (15.6.1908-?) reiste til Canada, gift der (BSVD s. 319)

EÅDigArk: 9.10.1926 reiste Knut Elias Eliassen Riste [skal vere Reite], f. 1908, ugift gardsarbeidar til Canada. Billett:Nei. Medreisande var onkel Ole Martinus Olsen Drabløs som var gift med systra (Gunhild) til Knut sin far (Elias).

SKDiVDigArk: Knut Elias Eliason, f. 1908, ugift gardmannson. Utflytt til Canada ?.10.1926

Canadian Passanger List 1926: Knut Reite, 18 år, ugift frå Volda, gardsarbeidar reiste med ”Montclare” frå Liverpool 15. oktober 1926, framme i Quebec 22. oktover 1926. Han skal til onkel Chas. Reite i Lockeport, B.C. Næraste pårørande i Norge: Far, Elias Reite, Lovik i Sondmore. Han har betalt reisa sjølv. På denne båten er også Ole Drabløs, handlogger, 39 år med. Han skal også til Char. Reite, svoger i Lockeport B.C.

Knut Reite gift med Nellie Young i Prince Rupert 25. sep. 1933.

Brit. Col. Death Ind: Knut Eliason Reite f. 1908, d. 17 aug. 1980, 72 år, ved Powell River.

Midtreitane

Peder Johannes (2.51863-?) reiste til Amerika (BSVD s. 321).

SKDigArk VoldaM 1882: Peder Johannes Knudsen Drabløsreite flytta til Kristiania 13.9.1882.

Han var onkel til brørne Knut J. K. Reite, Peder J. K. Reite og Ole K.K Reite frå Ytstereitane.

Ole Kornelius (10.6.1865-?), reiste til Amerika, omkom ved ei ulukke (BSVD s. 321).

Ole var onkel til Knut J. K. Reite, Peder J. K. Reite og Ole K. K. Reite frå Ytstereitane

Ole Kornelius Knudsen Drabløsreite f. 1865 reiste 26.9.1887 til Amerika. (skanna kyrkjebøker?).

6. mai 1887 reiste Ole Knudsen Reite, 21 år, ugift, f. 1866 frå Volda, Gaardmannssøn (arbeidskarl) med Allan Linien. Medreisande frå Volda Ole Olsen Brune. (EB DigArk).

NYPL:  Ved søk på Ole Brune utvandra i 1887 finn me Ole O. Brunne, 21 år, arbeidar, med ”Etruria” frå Liverpool, framme i New York 23.5.1887. Her finn me også ein Ole K. Brunne, 21 år. Det kan vere ein skrivefeil. Det kan vere Ole K. Reite. Eller har han også teke namnet Brune. Bestefaren var frå Sjursgarden, Brunene.

USCityDir: Ole Reite, Carpenter, adresse: r511 a Castro. San Francisco, Cal.

Person nemnt annan stad (Pettergarden, Løvika): Rasmus Løvik

Instereitane

Sivert Elias Ananias Rasmuss. Reite (13.4.1887-23.9-1959) gift og busett her. Han var to bolkar i Amerika (BSVD s. 323).

12. mars 1910 reiste Sivert Elias Ananias R. Reite, f. 1887, ugift, steinarbeidar frå Volda med Hvide til Washington. Fleire sambygdingar reiste denne datoen (EÅ DigArk)

NYPL 1910: Sivert Elias Rasinsen Reite, 22 år og 11 mnd., singel, arbeidar, reiste med SS ”Laurentic” frå Liverpool 19. mars 1910, framme i New York 27. april 1910. Han skal til Seattle, Washington der han skal treffe broren John Reite, Queen Hotel. Han har 25 $. Han har betalt reisa sjølv. Næraste pårørade i Norge var Rasmus Reite, Dalsfjorden. Ei rekkje dalsfjordingar reiste med denne båten. Sjå under Ingvald Olai Drabløs på Nygjerde, Indredrabløs.

Border Crossings Canada to USA 1914: Sivert Reite, 27 år, singel,arbeidar, kom til USA ved Blaine, Washington i august 1914. Siste opphaldstad var Indian River. Han skal til Seattle, Washington. Han kom til New York, USA i 1910 med Laurentic. Næraste pårørande i Norge: Faren, Rasmus Reite, Dalsfjorden. Sivert har 1300 $?. Medreisande: Broren John Reite. Her er også ein Anton Nelson, (Acelson?), 26 år, som har vore i Prince Rupert. Faren hans er Rasmus Drablos, Ålesund, Norway. Han skal treffe Hans Anderson i Seattle. Han har tidlegare vore i California 1907-1911. Han kom til USA med Carmania i 1907.

24 juni 1924 reiste Sivert Elias Annanias Rasmussen Reite, f. 1887, ugift, frå Volda, steinarbeidar til Canada. Billett: Nei (EÅ DigArk)

Declaration of Passanger to Canada 1924: Sivert Reite, 37 år, gift, farmar, reiste med SS “Pittsburg” 28.6.1924, framme i Halifax, Nova Scotia, juli 1924. han reiser til Canada for å søke arbeid. Han har tidlegare vore i Canada. Då hadde han adresse i Main Street, New Sealand, B.C. Han har tidlegare vore i Canada frå 1911-1914. Han har 35 $. Han har tenkt å opphalde seg permanent i Canada. Han har betalt reisa sjølv. Han skal treffe venen Ole Eliassen i Port Alberni. Næraste pårørande i Norge: Anna Reite, Loevik, Norway. Underteikna Sivert Reite og Harald Moa (booking agent) i Aalesund.

UK Incoming Passanger Lists 1929: Sivert Riete, 42 år, arbeidar, kom til Liverpool 9. november 1929 med ”Duchess of Atholl” (Canadian Pacific Steamship Line)frå Montreal. Han er i transitt til Ålesund.

Johannes Andreas Reite (27.2.1890-5.4.1922), bror til Sivert, gift og flytta til Fjøsneset – Dalset, Indre Dale.

Border crossings from Canada to USA: John Reite, 24 år, arbeidar, kom til USA ved Blaine Washington I august 1914. Siste opphaldstad: Prince Rupert. Han har 1000 $[?]. Han skal til Seattle. Han kom til New York, USA med ”Celtic” i april 1909. I og med at han gifta seg i Norge 7.1.1915 så er han vel på heimveg.

NYPL 1909: Johannes Andreas Reite, 19 år, singel, reiste med SS ”Celtic” 26. mars 1909, framme i New York 4. april 1909. Han skal til Seattle der han skal treffe venen Paul Lillebo, adresse: Ellis Hotel, 5th Ave, Seattle. Han har betalt reisa sjølv. Svart hår og brune auge. Næraste pårørande i Norge: Faren Rasmus Reite. Medreisande: Lars Peder Anderson Lillebo, 21 år frå Volda (BSVD s. 336)

Folketeljing i USA 1910: John Reite 19 år, singel, immigrerte i 1909, arbeidar på sagbruk. Busett som leigebuar (boarder) i West Anderson [?] Street SW, Seattle, King, Washington (20. April 1910). Alderen stemme ikkje heilt, han skulle ha vore 20 år.

Hauane, Lisjebøen

Person nemnt under Lyngstad, Lyngneset: Rasmus Andreas Larss. Busette seg her.

Ellingegarden, Lisjebøen

Jon Martinus (Elias) Pederss. F. 6.8.1845 gift 21.5.1868 med Kanutte Petrine Andreasd., frå Pergarden, Indre Dale (27.9.1844 -1929). Familien reiste til Natal i Sør-Afrika 1882. Dei hadde med borna Peder Andreas Olai (19.8.1869-25.1.1910,Rhodesia), Anna Petrine (11.10.1871-? d. Rhodesia), Pernille Marta (2.8.1874-? d. Rhodesia), Andreas Johannes Martinus (Andrew) (13.8.1878-11.3.1948) Jon og Kanutte fekk dottera Louise i Marburg. Ho flytta til Rhodesia og døde sannsynlegvis der. (BSVD s. 328),(Dødsdatoar henta frå gravsteinar i Marburg)

John Marthinus Elias Lillebo f. 6. August 1845, d. 11. Juli 1927. Kanutte født Dahle 27. sept 1844, d. 22. sept 1929 (Gravstein ved Norwegian Settlers Church, Marburg).

Det står meir om denne familien i boka Norsk utvandring til Sør-Afrika av Per Ole Reite.

Jakob Sigvald (6.1.1885-20.10.1908), var i Amerika ei tid (BSVD s.328).

EÅDigArk: 17. mars 1904 reiste Jakob E. Lillebø, 19 år, ugift, arbeidar, frå Volda, med Allan Line til Visconsin, Rodeseddel. Billett: Her.

Jakob E. Lillebo, 19 år, ugift, arbeidar, reiste med ”Sicilian” (Allan line), frå Liverpool 26. mars 1904, framme i Halifax, Nova Scotia 6. april 1904. Det var med ein Ole E. J. Reite, 17 år, på båten, men han var frå Ørskog.

Border Crossings Canada to USA1904: Jakob Lillebo, 19 år, ugift arbeidar reiste med SS “Sicilian” frå Liverpool 26. mars 1904, framme i Halifax 6. april. Han skal til Milwaukee, Visc. Han har 12 $. Han har har sjølv betalt billett heilt fram. Han skal treffe syskjenbarnet Andrew B. Pedersen, Brown Co., 543 Madison St., Milwaukee, Visconsin [Sjå under Krikane, Ulvestad]. Kanskje han kryssa grensa  ved St Albans, Vermont.

Person nemnt under Steffagarden, Lisjebøen: Nils Kornelius Steffenss., gift og busett her med enka Anne Karine Jakobsd.

Person nemnt under Ytstereitane: Peder Jakob Knutss.. Reite, gift og busett her med Anna Sofie Jakobine Ellingsd. Lillebø.

Anna Sofie Jakobine f. Lillebø, g. Reite (28.10.1887-21.8.1980) gift 1914 med Peder Knutss. Reite frå Ytste Dravlausreitane. Ho dreiv Ellinggarden medan mannen var i Amerika. Ho flytte til mannen i Port Alberni i 1950. Dei flytte heim til Volda i 1969, dei budde i på loftet i Nesheimhuset (Smiths gate) (Eigne noteringar)

NYPL 1950: Anna S. J. Reite, 63 år, gift, reiste med M.S. ”Oslofjord” frå Oslo 7. november 1950, framme i New York 16. november 1950. C/o Reite, Canadian Fish, Port Albion, B.C.

Elling Nils Reite f. 23.9.1922 gift 2.5.1950 med Jorunn Bø frå Breim i Gloppen. (27.10.1926-9.4.2002). Dei reiste til Canada i 1950

NYPL 1950: Elling Reite og Jorunn Reite c/o Reite Canadian  Fish., Port Alberni, B.C, Can., reiste med Oslofjord frå Oslo 18. april 1950, framme i New York 27. april 1950.

Elling og Jorunn fekk borna: Joan, Elsie, Sissel, Bonnie, Norman, Kenneth. Familien busett i Ucluelet, Vancouver Island, BC.

Elling Reite har skrive meir i stykket: Slektsrøter og utferdtrong i Minne frå Dalsfjord 2005.

Jorunn Bø g. Reite (27.10.1926-9.4.2002) frå Breim i Gloppen, var ei tid tenestejente i Breivika, gift med Elling Reite (sjå ovf.)

Sverre Reite f. 10.3.1926, reiste til Canada 1949 gift 24.5.1954 med Stephanie Terry.

Sverre og Stephanie fekk borna: Karen og Diana. Dei busette seg i Keith Road, North Vancouver B.C.

Sverre Reite, 26 år, ugift, reiste med MS ”Oslofjord” frå Oslo 10 juni 1952, framme i New York 20. juni 1952. han reiste saman med broren Alf.

Alv  Peder Reite (10.6.1927-11.9.1998), var fleire periodar i Amerika og dreiv fiske på vestkysten, busett i Ulsteinvik og gift (BSVD s. 329).

Seattle Passanger and Crew List: Alf Reite, styrmann, 24 år var mannskap på ”Cape Beale” som gjekk frå Victoria B.C., framme i Everett, Washington 18. okt. 1951. Han gjekk om bord 1951. Han har vore om bord 4 [mnd?]. Han er canadisk statsborgar. Båten har eit mannskap på 4 personar. Bjarne Arnet er skipper.

Steffagarden, Lisjebøen

Paul Severin (30.7.1849-?), sjømann, var i Australia, New Zealand og i Amerika der han døde etter ei ulukke i skogen (BSVD s. 331).

Nils Kornelius (21.11.1869-25.7.1950). Nils segla i utanriksfart og var i Amerika 1906-1908. Han flytta til Ellinggarden, gift der (BSVD s. 331 og 328).

EB M&R DigArk: 8.6.1894 reiste Nils Kornelius Steffensen Lillebø, 25 år, f. 1869, ugift, sjømann,  frå Volden med American Line.

NYPL 1894: Nils Steffensen 24 år, sjømann, frå Norge skal til Chicago. Han reiste på tredje klasse (steerage passanger) med SS ”Paris” frå Southhampton, framme i New York 23.6.1894.

21. juni 1900 reiste Nils Korn. Steffensen, 30 år, gift, sjømann, frå Volda, med American Line til New York. Merknad: Udvand. tillad. Billett: Her. (EÅ DigArk).

PhiladelphiaPassList 1900: Nils C. Steffensen, 30 år, gift, sjømann, frå Ålesund, skal til New York, reiste frå Liverpool med ”SS Belgenland” 27.6.1900 til Philadelphia 10.7.1900.

EÅDigArk: 22. mars 1906 reiste Nils Steffensen, f. 1869, gift sjømann frå Volda med Cunard til Portland, Oregon. Udv. till. Billett: Nei. Medreisande: Broren, Sivert Steffensen. Også frå Volda: Ole Elias Johansen Strand til Washington. Sjå også medreisande under Ole Johanss. Drabløs, Hansgarden, Ytre Dravlaus.

NYPL 1906: Nils C. Steffensen, 32 år, gift, sjømann, frå Valden reiste frå med SS ”Lucania” frå Liverpool 31. mars 1906, framme i New York 7. april 1906. Han skal til Portland, Oregon, Adresse Port Mission House, Han har billett heilt fram og har betalt billetten sjølv. Han har tidlegare vore i USA, i Boston Mass. 1900-1905. Medreisande til Portland: Broren Sivert Steffensen. Om bord i ”Lucania” var også Peder J. K. Reite, Ole J. Drabløs, Oli M. O. Drabløs og Peder Engeseth. Dei hadde andre reisemål.

Sivert Olai Steffenss. Lillebø (6.1.1873-27.7.1925), busett på Bakken – Bakketun [I dag Bogen på folkemunne] gift der. Stykket vart fråskilt Steffagarden 1923 (BSVD s.331 og 333).

NYPL 1906: Severt O. Steffensen, 32 år, gift, sjømann, frå Volda reiste med ”Lucania” i lag med broren Nils til Portland, Oregon. Sjå opplysingar ovf. Han har tidlegare vore i USA, i San Fransisco , Cal. 1902-1905

Paul Steffenss. (22.12.1882-12.8.1964),  gift og busett Skjervheim Vanylven (BSVD s. 331 og BV 1-432).

 24. februar 1904 reiste Paul S. Lillebø, 20 år, ugift, arbeidar, frå Volda med White Star Line til California. Merknad: Rodeseddel Medb. 100.00. Billett: nei. Medreisande Knud K. Drabløs[reite] 20 år.

Paul har sannsynlegvis også vore i Seattle, då Lars Anderss. Lillebø frå Petrinaplassen skulle besøke han der (sjå nedanfor).

Rasmus Elias Lillebø (28.7.1895-?) reiste til Amerika (BSVD s. 331).

24. april 1911 reiste Rasmus Elias Rasmussen Lillebø, f. 1895, ugift, gardsarbeidar med White Star Line til Seattle, USA. Rodeseddel. Billett: Nei. Medreisande Sjur Johansen Velsvik. (EÅ DigArk).

NYPL 1911: Rasmus Elias Rasmussen Lillebø, 16 år, ugift, arbeidar, frå Volda (far: Rasmus Lillebø, Volden Norway) reiste med SS ”Celtic” frå Liverpool 29. april 1911, framme i New York 8. mai 1911. Han skal treffe ven, Mr. S. Nielsen [Kan dette vere gamleonkel Paul Severin Nilson ?] 810 Spnice Stud [?], Seattle. Han har betalt billett for reisa heilt fram. Han har ikkje vore i USA tidlegare. Han reiste saman med Sjur Gustaf Johnsen Velsvik frå Sjurgarden Velsvika.

Sverre Johannes Ramussen Lillebø (24.11.1899-14.6.1976). Sverre var i Amerika 1923-1947 (BSVD s. 331).

EÅDigArk: 11.8.1923 reiste Sverre Johannes Rasmussen Lillebø f. 1899, ugift, gardbrukar, frå Volda til Canada.

Declaration of Passanger to Canada, 1923: Sverre R. Lillebø, 24 år, farmar frå Volda, reiste med SS “Andania” 26 aug. 1923. Han skal til Canada for å tene til livets opphald. Han har ikkje vore i Canada tidlegare. Han har betalt billetten sjølv. Han har tenkt å ophalde se  i Canada permanent. Han skal trefffe Mr. Olaf Thomsen, box 46, Kanuskasing, Ont. Næraste pårørande i Norge: Mr. Rasmus Lillebø, faren, Løvik Søndmør. Underteikna: Sverre Lillebø og booking agent: …? Musæus. Stempling av immigrasjonsmyndigheitene i Quebec er utydeleg. Men det ser ut som det skal vere 4. sep. 1923.

Olaug Margit Ananiasd. f. Myren (15.10.1903-19.2.1979) vart gift med Sverre Lillebø 15.9.1932. Ho reiste med han til Canada i 1932. Dei var busett ved Pagwa River. Dei fekk borna Jean f. 14.8.1933 og Aasta, f. 20.6.1935. Olaug og borna reiste heim igjen til Norge, med ”Bergensfjord” og kunne feire jula i 1936 i Steffagarden. Sverre vart verande i Canada og kom ikkje heim før i 1947. Det tredje barnet deira, Reidun, vart fødd 30.4.1937. (Intervju med Jean g. Tødenes, februar 2011)

NYPL 1932: Sverre Lillebø, 32 år, gift, jernbane-formann f. Volda, reiste med ”Bergensfjord” frå Oslo 23. sept. 1932, framme i New York 3. oktober 1932. Han skal treffe ven A. Pettersen i Cochram, Ontario. Kona Olaug 28 år er med han på reisa. Dei er i transitt til Pagwa, Ontario. Sverre har papir på canadisk statsborgarskap Ottawa 11. juni 1931. Næraste pårørande i Norge: Rasmus Lillebø, Løvik, Sunnmøre. Sverre har betalt for reisa heilt fram.

SKDiVDigArk: Jernbanearbeidar Sverre Johannes Lillebø og kone Olaug Myren. Utflytt til Kanada 18.9.1932

Boreder Crossings from USA to Canada 1932: Olaug Lillebø, 28 år kryssa grensa ved Lacolle Junction, Quebec, 5. oktober 1932. Ho skal til Pagwa River, til husbonden Sverre Reite.

Aasta Elisabeth Lillebø 20.6.1935 gift 1973 med David Hoult frå England, skilde. Aasta flytte til Toronto, Canada.

Solstad, Lisjebøen

Sivert Jakobss.Raudøy (5.4.1903-10.5.1958),frå Ørsta, var busett og gift her med Kanutte Oluffa Rasmusd. Lillebø, frå Steffagarden. Sivert var i handelsflåten under 2. verdskrigen. Han busette seg i Canada etter krigen.

Califonia Passenger and Crew List 1939: Sivert Raudøy, 36 år, motormann, var mannskap på MS “Scebeli” som gjekk frå Sandefjord og kom til San Fransisco 28. August 1939. Sivert kom om bord 1.8.1939. Han har vore til sjøss i 6 år. Han var 1,73 høg og 74 kilo.

Plassen – Pe-teigen – Pettå

Elias Andreas (20.5.1877-?), reiste til Amerika (BSVD s. 335).

EÅ DigArk:14. mars 1901, reiste Elias Drabløs, 24 år, ugift, arbeidar, frå Volda med Allan Line, til Canada. Fripass. Billett: Her. Det er noko usikkert om dette er mannen herifrå, men alderen stemme. Broren Knut hadde etternamnet Knut Drabløs Lillebø.

Elias Sivertsen budde her under folketeljinga i 1900. Han hadde yrkestittel: Veiarbeidar og fiskarson (1900-telling Volda DigArk).

SK VV Utflytte 1901: Elias Andreas Sivertsen Dravlaus-Lillebø utflytt 20.2.1901.

Slektstre Ancestry owner TaraMcrae: Elias Andreas Sivertsen f. 20.5.1877 Drabløslillebø i Volda, d. 6.6.1960 Victoria, British Columbia, Canada. Gift 14.2.1920 med Rose Annie Stonebanks. Opplysingar om foreldra til Elias stemmer med vår mann.

Gurine Pernille, (23.6.1883-?), reiste til Amerika (BSVD s. 335).

EBDigArk: 1.5.1906 reiste Gurine Pernille Sivertsdtr Lillebø, f. 1883, 23 år, ugift syerske, frå Volda til New Denver BC Canada for bedre fremtidsutsikter. Nytt yrke: tjeneste

Ho var busett i Revelstoke då broren Knut reiste for å besøke henne. Sjå nedanfor.

Slekstre Ancestry Tara McCrae: Gurine Pernelle Sivertsen f. 23.7.1883 Drabløslillebø, Volda, d. 20.4.1954 i Kamloops, BC, Canada. Ho vart gift med Alexander McCrae 25.9.1909 i Revelstoke, BC, Canada (1877-1963). I fylgje slektstredet fekk dei 10 born der 4 døtre framleis skal vere i live, men  ikkje namngjevne (januar 2012). Namn på dei døde: Baby McCrae (1910-1910), William Sivert McCrae (1911-1993), Ruth Johanna McCrae (1913-1983), Alexander McCrae Jr. (1914-2002), Donald McCrae (1916-1944. Han fall (KIA) under 2. verdskrigen over Frankrike. Han var RCAF Commander of Lanchaster Bomber. Det er bilde av han og mora  i Douglas Street, Revelstoke), Sarah Louise McCrae (1920-2011).

Knut Sigurd Andreas (15.8.1890-?), reiste til Amerika (BSVD s. 335).

12. mars 1910 reiste Knut Sigvald Andreas S. Drabløs Lillebø, f. 1890, ugift, gardsdreng med White Star til Canada. Rodeseddel. Billett: Penge. Det var ei rekkje dalsfjordingar som reiste denne datoen. Sjå under: Ingvald Olai Olsen på Nygjerde, Indre Dravlaus, men Knut er den einaste av dei som skal til Canada (EÅ DigArk).

NYPL 1910: Knut Sigvald A. S. Libbr, 19 år og 4 mnd., reiste med SS ”Laurentic” frå Liverpool 19. mars 1910, framme i New York 28. mars 1910. Han skal til systera Gina Sivertsen i Revelstoke British Columbia. Han har betalt billetten sjølv heilt fram.  Næraste pårørande: Faren Sivert Lillebo, Dalsfjorden, Volden.

Folketeljing 1910 (DigArk): Knud Sivertsen f. 15.08.1890, ugift, Matros om bord  S/S paa Flodfart. Bostatus: f [flytta?]

Slektstre Ancestry.com TaraMcCrae: Knut Sigvald Andreas Sivertsen f. 15.8.1890, d. 17.2.1959 i Vancouver; British Columbia. Han budde i Revelstoke B.C. , Canada i 1911. Då var han arbeidar på sagbruk. Gift 30.4.1927med Margaret Jemima Mary Baxter (1903-1933). Han har  sannsynlegvis vore gift tidlegare med Ivy Maud Bassette.

Norvald Sigurd Rødseth f. 8.10.1903. Ikkje nemnt i BSVDalsfjord. Men i Dalsfjord Bygda Gard og Ætt står det. Rasmina Sivertsotter frå Plassen var gift med Øystein Nikolaisson Rødset. Kona og borna budde her ei tid medan mannen var i Amerika. Øystein for til Amerika i 1905. Det vil vel vere feil å rekne Øystein som utvandra frå Dalsfjord i og med at det ikkje er dokumentert at han har budd her sjølv om det kan tenkjast at han har gjort det. Han skulle iallfal til Revelstoke då han drog over 30.3.1905, årsak mangel på beskjæftigelse. Det var i Revelstoke svogeren og svigerinna Knud Sigvald og Gurine budde.

Emigrantar over Trondheim: Norvald Sigurd Øistens. Rødseth f. 1903 ugift jordbruksarbeidar, bustad Volda, reiste 11.9.1923 med jernbane til Kr.a, linje Skandin. Billett: Prepaid. Utv. Att Volda lensm. 21.9-24.

BSVØyra-Volda sentrum Bd. 4a: Norvald Sigurd Rødseth f. 8.10.1903, d. ?, reiste til Amerika, gift med Marie frå Nederland, busett Canada.

Anc.: Norvald Rødseth d. 11.9.1954 Vancouver.

Emil Holmberg Lewe: Oppgåve VVS Historisk person Norvald Rødseth.

Bugen – Petrinaplassen, Lisjebøen

Lars Peder Anderss. Lillebø (19.12.1887-2.5.1963) fødd på Lyngneset, gift og busett her i Bugen. Lars var i Amerika ei tid (BSVD s. 336)

EÅDigArk: 18.3.1909 reiste Lars Peder Andersen Lyngnæs [han var fødd på Lyngneset, mora var der ifrå] f. 1887, ugift, fiskar frå Volda med Hvite til Wash. USA. Rodesetel Billett: nei. Medresiande frå Volda: Johannes Andreas Rasmussen f. 1890 med Hvite. Matias Johannes Olsen Velsvik, Rasmus Kristoffer S. Koppen, Per Gustav Ottosen Velsvik skulle til New York med Hvite linje. Knut Olai Andreas Lieskar f. 1875 med Allan Line til Wash.. Ellers reiste også Knut Knutsen, , Johan Britanus Johnsen, Per Mathias Danielsen Strømme og Knut Martinus P. Løndal[Øvste Løndalen, Folkestad] med Allan line til Washington. Lina M.Høidal med Allan til Canada. Den 19. mars reiste Martinus Høidal og kona Petrine Høidal med Allan til Washington.

NYPL 1909: Lars Peder Andersen Lillebo, 21 år, singel, reiste frå Liverpool med SS ”Celtic” 26. mars 1909, framme i New York 4. april 1909. Han skal treffe venen Paul S. Lillebo, Ellis Hotel 5th Ave., Seattle. Han har betalt billett sjølv heilt fram. Næraste pårørande i Noreg: Faren Anders Lillebø, Volda. Medreisande Johannes Andreas Reite frå Ytste Reite.

Løvikneset – Gamleneset, Løvika

Person nemnt under Nedste-Hellane, Dalsbygda : Ole Knutss. Hjelle (1855-1953) var i Amerika frå 1884-1888. Gift 1888 og busett her (BSVD s. 337 og 555)

Knut Bertinus Sigvald Hjelle (4.8.1889-29.11.1972), son til Ole Knutss. Hjelle, var i Amerika i 7 år. Han flytte til Larsgarden, Løvika og vart gift der (BSVD s. 337 og 340)

12. mars 1910 reiste Knut Britanus [Bertinus?]Sigvald  Ø. [O?]Hjelle, f. 1889, ugift, gardsdreng med Hvide til Idaho, USA.. Rodeseddel. Billett: Nei. Ei rekkje med dalsfjordingar reiste denne datoen. Sjå under Ingvald Drabløs på Nygjerde Indre Drabløs (EÅ DigArk).

NYPL 1910: Knut Bertinus S. O. Hjelle, 20 år, singel, arbeidar, reiste med SS ”Laurentic” , frå Liverpool 19. mars 1910, framme i New York 28. mars 1910. Han skal treffe venen Sigurd Aksnessæther, H[?]ouse 4, Blackfoot, Idaho. Han har sjølv betalt for billetten heilt fram. Næraste pårørande i Norge: Faren Ole Hjelle.

Larsgarden, Løvika

Peder Johannes (Per) L. Løvik (15.10.1890-6.7.1913) (s. 340 BSVD).

Han er nemnt i Emigrantar over Ålesund (DigArk) 12. mars 1910 i lag med ei rekkje dalsfjordingar. Peder (Per) Johannes L. Lavik f. 1890, ugift gardsarbeidar frå Volda med Hvide til California USA Sjå elles under Ingvald Drabløs på Nygjerde, Indre Drabløs. Peder Johannes døde av tuberkulose 6.7.1913 (SK Volda Dig Ark).

I fylgje boka Lyngnes, Løvik og Lillebø av Petter Løvik s. 16: Bilde av Peder L. Løvik, Hans E. Lyngnes og Samund H. Lyngnes. Bildet er teke i Amerika kring 1910.

NYPL 1910, AC image 78-79: Peder Johannes Lovik Larsen, 19 år singel, reiste med SS Laurentic frå Liverpool 19. mars 1910, framme i New York 27. mars 1910. Han står på passasjerlista saman med Hans Lyngnes frå Eliasgarden, Lyngneset. Dei skal treffe venen Chas Reite i 322, 1st Stree, Eureka, California. Dei har betalt reisa sjølve. Ei rekkje andre dalsfjordingar reiste også med denne båten (AC NYPL 1910 Laurentic image 88). Sjå under Ingvald Drabløs, Nygjerde, Indre Drabløs.

Person nemnt under Løvikneset: Knut Bertinus Sigvald Olsson Hjelle. Sjå ovanfor.

Pettergarden, Løvika

Rasmus Løvik (31.8.1897-5.10.1949), sjømann, arbeidde i Fyrvesenet, gift på Midtreitane og tok over garden  der 1923, reiste så til Amerika 1924, busett Vancouver B.C. (BSVD s. 321 og 343).

EÅDigArk: 19.1.1924 reiste Rasmus Pettersen Løvig, f. 1897, gift, gardsarbeidar, frå Volda til Canada. Billett:Penge. Medreisande: Jakob Torvald Lauritsen Drabløs, Nils Martinus Larsen Sæthre, Ole Elias Lauritz Jakobsen Tilset.

Declaration of Passanger to Canada: Rasmus Løvik, 26 år, gift, gardsarbeidar, reiste til Canada for å søke arbeid, innan farming. Seglingsdato: 26. januar 1924 med SS ”Doric”, framme i Halifax, Nova Scotia, februar 1924. Han har tenkt å opphalde seg permanent i landet. Han har 25 $. Han har betalt reisa sjølv. Han skal treffe Ole Eliassen i Port Alberni, Vancouver Island, B.C.  Underteikna Rasmus Løvik og Harald Moa (Booking Agent).

Nymark, Løvika

Person nemnt under Ytstereitane: Ole Kornelius Knutson Reite (25.1893-3.1.1939) (BSVD s. 345).

Eliasgarden, Lyngneset

Hans Johan Elias. Lyngnes frå Sjuregarden, Straume (28.1.1890-10.8.1927). Hans var ei tid i Amerika (BSVD s. 348). Han kom heim, dreiv garden og var m.a. kommunekasserar i Dalsfjord

Han var ein bolk i Amerika (DS s. 148)

12. mars 1910 reiste Hans Johan Eliassen Lyngnæs f. 1890, ugift, frå Volda, utan stilling, med White Star til California. Rodesedddel. Billett: Nei. Han reiste saman med ei rekkje andre dalsfjordingar, Sjå under Ingvald Drabløs under Nygjerde, Indre Drabløs. (EÅ DigArk).

NYPL 1910: Hans Johan Eliassen Lyngnes, 20 år, singel, arbeidar reiste med SS ”Laurentic frå Liverpool 19. mars 1910, framme i New York 27. mars 1910. Nærste pårørande i Norge: faren Elias Lyngnæs. Hans Johan står på passasjerlista saman med Peder Johannes Løvik (AC NYPL image 78-79). Dei har betalt reisa sjølve. Dei skal treffe venen Chas. Reite i 322 1st Street, Eureka, California.  Ei rekkje andre dalsfjordingar reiste med same båten. Sjå same passasjerliste AC image 88.

I fylgje LLL PL s. 16: Bilde av Peder L. Løvik, Hans E. Lyngnes og Samund H. Lyngnes i Amerika kring 1910.

Hansgarden, Lyngneset

Daniel Olai [Pedersen] (3.9.1868-?), reiste til Amerika (BSVD s.351)

5. mars 1891 reiste Daniel Petersen Lyngnæs, 22 år, ugift, heimstad: Volden, stenarbeider, med Cunard Linien, til Minesota, billett: her. Medreisande var Ole Peter Rasmussen Feden (EÅ DigArk).

Samtale med Paul O. Tomasgard, Draumen om Amerika s. 184: Daniel Pederson frå Noreg d. før 1900 gift med Jensine Eliasd. frå Lødøen utv. 1888 som slo seg ned i Moorhead, Minnesota. Ho hadde barnet Oline fødd utanfor ekteskap. Men også dottera Annie f. 1894 og sonen Rasmus f. 1895. Kanskje var dei Daniel sine.

Ancestry: US Evangelical Lutheran Curch of Amerika: Trinity Lutheran Church, Moorhead Minnesota. Annie Martha Pederson i lag med Daniel Pederson og Jensine Pederson. Også 2 dokument med Rasmus Elias Pederson i lag med Daniel og Jensine i same kyrkje.

Ole Andreas [Pedersen] (4.5.1873-1916), reiste til Amerika, var sjømann og drukna i St. Brien, Frankrike (BSVD s.351). Døde i Frankrike 1917 (DS)

Johan Severin Hanss. Lyngnes (11.10.1904-20.5.1944), dreiv garden, gifte seg og budde her nokre år, reiste sidan til Amerika (BSVD s. 351).

23. februar 1927 reiste Johan Sivert Hanssen Lyngnes, f. 1899 [?] gift, fiskar frå Dalsfjord med reisemål Canada. Billett: Nei. Medreisande: Ole Andreas Hansen Brune (EÅ DigArk).

Canadian Passangers List 1865-1935: Johan S. Lyngnes, 22 år, gift, fiskar, frå Volda, reiste frå Bergen med SS ”Stavangerfjord” 26. februar 1927, framme i Halifax 5. Mars 1927. Han har betalt billetten sjølv. Næraste pårørande I Norge: kona, Solveig Lyngnes Løvik pr. Ålesund. Han skal treffe venen Peder Reite i Prince Rupert B.C. Pass utskrive i Ålesund 23. februar

Medreisande frå Volda: Ole A.H. Brune som også skal til Peder Reite, Lakeport, Queen Charlotte Isl. B.C. Ein annan frå Volda på båten var Halvor Gjerde 23 år

BC Death Index: John Hanson Lyngnes d. 20. Mai 1944 i North Vancouver.

Samund Hanss. Lyngnes (17.1.1889-10.12.1991). Samund var ei tid i Amerika, seinare arbeidde han i Hamnevesenet og dreiv garden her (BSVD s.351-352).

12. mars 1910 reiste Samund Hansen Lyngnæs, f. 1889, ugift, steinarbeidar, frå Volda med ”Hvide” til California, USA. Medreisande: 9 personar. Sjå under Ingvald Olai Olsen Drabløs, Nygjerde, Indre Drabløs.

PL LLL s. 17: Bilde av Samund H. Lyngnes, Hans E. Lyngnes og Peder L. Løvik i Amerika, kring 1910.

NYPL 1910: Samund Hansen Lyngnas, 21 år og 2 mnd., singel, arbeidar, frå Dalsfjorden, reiste med SS ”Laurentic” frå Liverpool 19. mars 1910, framme i New York 27. mars 1910. Han har billett til San Fransisco. Han skal til cousin Ole Johnson i 322 [?] 1st Street, Eureka California. Han er 5 fot, 11.5 tome. Næraste pårørande i Norge: Faren, Hans Lyngnes, Dalsfjorden. Det var ei rekkje personar frå Dalsfjorden som reiste med denne båten.

Lyngstad, Lyngneset

Rasmus Andreas Larss. (8.3.1873-11.12.1936) gift. Han var i Amerika ei tid, kjøpte sidan Hauane, Dravlauslisjebøen i 1912, (BSVD s.326 og 352).

13. april 1893 reiste Rasmus Lyngnæs, 22 år, ugift, tenestegut, frå Volda med Allan linjen til Minnesota. Billett: Her. Medreisande Ananias Drabløs og Daniel Larsen Næs (EÅ DigArk).

Sjå Leiv Sverre Lillebø: Lyngstadfolket og Hauefolket i nær fortid.

Nedskrive av Per Ole Reite



Då 10 menn forlot Dalsfjorden

Frå Dravlausbygda Posted on Mon, December 01, 2014 22:24:40

Frå Sivert Reite og Gunhild Nordvik Reite har me fått kopi av eit brev som har kome til rette på Instereitane. Det omhandlar den tårevåte avskjeden då 10 menn frå Dalsfjorden sette kursen mot Amerika. Brevet er ført i pennen av Rasmus, (1860-1947) brukar av Instereitane, som i brev til dottera Elina, fortel, om korleis det var då sonen Sivert og dei andre skulle reise til Amerika. Kvelden før var det samling på skulestova i Dravlausbygda. “Saa skulde først de som skulde reise sette sig til Bordet og beværtes …… og siden de andre og de skulde betale etter som de vilde. Det var en alvorlig kvælsstund for det blir alvorligt naar man skjilles med sine kjære og kanske ikke mer sees i dette liv….. Fredagskvelden gikk de om bord i Møringen paa Løvik der var saa meget folk at jeg tror ikke der har vært saa meget før.”

Brevet er ikkje datert, men ser me i Emigrantar over Ålesund på Digitalarkivet så ser me at i mars 1910 er det fleire dalsfjordingar som er registrerte i lag med Sivert Elias Ananias R. Reite 12. mars 1910: Hans Johan Eliassen Lyngnæs, Samund Hansen Lyngnæs, Peder (Per) Johannes L. Løvik, Ingvald Olai Olsen Drabløs, Knut Sigvald Andreas S. Drabløs Lillebø, Knut Bertinus Sigvald Ø. Hjelle, Torbjørn Olai Eliassen Skrubbenæs, Anders Martinus S. Torvik og Knut Andreas Rasmussen Nødvig. Dessutan er Lars Olai Sivertsen Koppen registrert 31. mars og Erik Danielsen Aasebø 7. mars.

“Saa bad vi da farvel og naar vi reiste fra kaien da stod der alle disse, de var i alt 10 tenk – og svingede med sine tørkleder og vi ligeledes til dem — O at vi maatte samles igjen !”

I brevet kjem det også fram at broren til Sivert; Johannes, allereie er etablert i Amerika “vi fikk penger og brev fra Johannes fredag, han lever væl”.

Det var avskjedsmarkering i skulestova, kvelden før dei drog. Midt på bildet ser me denne fyrste skulen i Dravlausbygda, som låg nede ved Gardaelva.



Til Canada

Frå Dravlausbygda Posted on Sun, March 31, 2013 11:10:24

Canada var eit viktig utreisemål for dalsfjordingane. Brødrene Alf og Sverre Reite frå Ellingegarden på Dravlaus-Lisjebøen drog til Canada i 1949. Det var fleire frå Lisjebøen som hadde utvandra hit dei siste femti åra. Ein av dei var deira eigen far, Peder Reite, som hadde pendla over havet fleire gonger. Sist han drog bort var i 1948. Han hadde kjøpt ein liten eigendom ved Port Albion på Vancouver Island som han kalla” farmen ved Laken”. Alf og Sverre hadde slik eit kontaktpunkt for vidare utfolding i sitt nye heimland. Sjølv om Alf flytte tilbake til Noreg og busette seg i Ulsteinvik så hadde han størsteparten av sitt yrkesaktive liv i Amerika. Sverre vart verande i Canada og busette seg i Vancouver der han stifta familie. Bildet av Alf og Sverre nedanfor er teke i Vancouver



Jakob Ellingson

Frå Dravlausbygda Posted on Tue, November 23, 2010 13:18:07

Eg byrjar denne bloggen med å vise eit postkort som er skrive av Jakob Ellingson Lillebø (1885-1908). Jakob var frå Ellinggarden, Lisjebøen, Dravlausbygda, Dalsfjorden

Postkortet er datert 17. mai 1907 og sendt til systera Anna Sofie Jakobine Lillebø. Slike dokument kan fortelje oss ein heil del. Er det fleire som har slike kort eller brev liggande?