Blog Image

Utvandringa frå Volda

Voldautvandring på nett

Utvandringa frå Volda er truleg noko som opptek mange, både i vår eiga kommune og ute i den store verda. Dette er nettstaden som vil vere ein kanal for interesserte. Målet er å samle opplysingar om dei som drog ut. Legg gjerne inn ein kommentar eller skriv e-post til: perolereite@voldautvandring.com

Martin Ulvestad

Frå Ulvestadbygda Posted on Tue, November 23, 2010 21:43:57

Få frå Volda la igjen så markante spor etter seg i Amerika som Martin Ulvestad, eller Ole Johannes Martinus Ulvestad som han vart døypt her heime. Det kjem meir stoff etterkvart om denne kartleggaren av nordmenn i USA tidleg på 1900 talet



Utvandrarsoge for Volda

Generelt Posted on Tue, November 23, 2010 18:08:38

Dessverre har ikkje våre folk sett spor etter seg i dei store nasjonale bokverka om utvandringa til Amerika. Verken i Det løfterike landet av Odd S Lovoll eller Farvel Norge av Sverre Mørkhagen er Volda nemnt med eit einaste ord. Lokalt har temaet vore omtala både i Busetnadsoga, Voldaminne, Minne frå Dalsfjord osb. Men spørsmåla er likevel mange: Kven var det som emigrerte? Kvifor drog dei? Til kva land og landsdelar drog dei? Korleis har denne utvandringa sett spor etter seg ute og heime? I kva tidsperiode var denne utvandringa størst? Korleis utarta ho seg i forhold til resten av landet? Kor monge emigrerte her frå? Kor mange frå kvart bygdelag? Kor mange i forhold til nabokommunane? For å finne svar på dette og meir til så krevst det eit nybrotsarbeid. Ein må søkje å finne mest mogeleg informasjon om kvar enkelt som drog ut. Gjennom samanlikning og statistikk kan ein då skaffe seg eit betre oversyn. Me må likevel ikkje gløyme at bak slike statistiske svar så finst det einskildmenneske som har spennande historier å fortelje oss. Difor bør det i ei utvandrarsoge vere romsleg med plass til biografiar over dei som deltok.

For å få til dette er me avhengig av hjelp. Er du ein av dei som vil melde deg på som bidragsytar? Gjer vel og leit i gamle album, sigarøskjer og kakeboksar, i hyller og skap, på mørkeloft og bortgøymde krokar. Redaksjonen vil særleg vere på jakt etter gamle brev, postkort, fotografi og andre dokument som har med utvandring å gjere.

Kva med gjenlevande utvandrarar eller slekt og vener av desse? Det finst sikkert dei, som etter minne, kan fortelje litt av kvart. Har du ei god historie eller vil tipse oss? Gjer vel å ta kontakt! Slik kan dette ende opp med ei spennande og grundig utvandrarsoge for Volda.

Hugs dessutan at voldingar ikkje berre utvandra til Amerika. Dei drog til Sør-Afrika og sikkert også til andre verdsdelar.



Jakob Ellingson

Frå Dravlausbygda Posted on Tue, November 23, 2010 13:18:07

Eg byrjar denne bloggen med å vise eit postkort som er skrive av Jakob Ellingson Lillebø (1885-1908). Jakob var frå Ellinggarden, Lisjebøen, Dravlausbygda, Dalsfjorden

Postkortet er datert 17. mai 1907 og sendt til systera Anna Sofie Jakobine Lillebø. Slike dokument kan fortelje oss ein heil del. Er det fleire som har slike kort eller brev liggande?