Blog Image

Utvandringa frå Volda

Voldautvandring på nett

Utvandringa frå Volda er truleg noko som opptek mange, både i vår eiga kommune og ute i den store verda. Dette er nettstaden som vil vere ein kanal for interesserte. Målet er å samle opplysingar om dei som drog ut. Legg gjerne inn ein kommentar eller skriv e-post til: perolereite@voldautvandring.com

Norsk utvandring til Sør-Afrika

Til Sør-Afrika Posted on Wed, March 02, 2016 10:47:55

Boka Norsk utvandring til Sør-Afrika kan bestillast ved å sende e-post til perolereite@voldautvandring.com
Pris: 300,- kr. + evt. fraktomkostingar (145,- kr. innenlands. Opptil 3 bøker)

Dette er oversiktsverket over den norske utvandringa til Sør-Afrika. Det er ei omfattande og særs spennande historie.
Visste du at det kom nordmenn til Sør-Afrika allereie på 1600-talet og at dei var med på å kolonisere Kapplandet? Har du høyrt om Hans Schreuder som kurerte kong Mpande og gjorde det mogeleg for nordmenn å etablere seg i Zululand? Eller kva med Debora-ekspedisjonen som ville skipe ein norsk koloni på nokre øyar nord for Madagaskar? I boka Norsk utvandring til Sør-Afrika får du møte dei og mange fleire. Her er historia om Marburgsettlementet ved Port Shepstone som vart stifta i 1882. Her får du lese om norske eventyrarar på jakt etter gull og diamantar i Kimberley og Johannesburg. Ei oversikt over norske deltakarar i boerkrigen høyrer også med i dette bokverket. Nordmenn kjempa på begge sider i denne krigen. Her er dessutan eit eige kapittel om korleis nordmenn dreiv kvalfangst ut for Durban, om familien Thesen sin suksess i kystbyen Knysna, og om norsk-afrikanarar sin innsats i verdskrigane. Boka høver for alle som er interesseret i utvandrarhistorie, sjøfartshistorie, krigshistorie, misjonshistorie og historie generelt og har ei mengde fotografi som aldri tidlegare er publisert.

Medieomtale:

Jarle Simensen, professor UiO i intervju med NRK P2: Boka er meget grundig, men også festlig framstilt.

Illustrert Vitenskap Historie: Boken er det hittil mest omfattende verket om norsk utvandring til Sør-Afrika.

Militær Historie: En svært interessant bok…….med mange gode bilder og spennende fakta

Slekt og Data DIS Norge: Slektsforskere med slekt blant utvandrere vil finne mye interessant stoff.

Sunnmørsposten: Det er eit imponerande kjeldemateriale Reite har vore igjennom, og det er ein bauta over den norske utvandringa til Sør-Afrika han her har reist.

Møre-Nytt: Praktbok om nordmenn i Sør-Afrika……fyldig, rikt illustrert og fin grafikk.

Norsk utvandring til Sør-Afrika, 276 sider, “A4”-format, innbunde med stive permar.



Bilete

Generelt Posted on Sun, May 03, 2015 22:12:55

Eit bilete seier meir enn tusen ord heitest det. Me er no godt i gang med skanning av bilder som har med utvandring å gjere. Gjer vel å kontakte oss om du har noko! Leit på mørkeloft og i bortgøymte krinkelkrokar! Kanskje du har gløymde skattar som fortener å sjå dagens lys. Me vil svært gjerne låne gamle bilder og ordne digitalisering. Du kan etter ynskje få ein kopi. Nedanfor ser du eit fotografi som er utlånt av Oddvar Ulvestad. Det syner fem brør frå Krikane som utvandra til USA.



Norskamerikaneren av Martin Ulvestad

Til USA Posted on Thu, April 02, 2015 09:22:15

Martin Ulvestad si siste bok kom ut i Seattle i 1930. Dette er ei samling med historier om nybyggartilhøva for nordmenn i USA. Men her er også eit kapittel om norske settlementer i i Canada. Elles inneheld sogeboka mellom anna vikingesaga, statistikk og biografiske opplysingar

“Stor Arv det er for Mannen av godt folk vara fødd” står det på bokomslaget. Ulvestad la ned eit stort arbeid med å kartlegge det norske folket i Amerika. For arbeidet sitt fekk han St. Olavs Orden. Forfattaren er nok ein av dei største personlegdomar som Volda har fostra, men dessverre alt for lite akta. Det er på tide å lyfte han opp og gje han meir fortent merksemd. For arbeidet som var lagt ned hadde Ulvestad lite igjen. I føreordet til boka avsluttar han: “Verst er dog det, at jeg nu er udslidt, hvorfor jeg ikke er istand til at klare verken de økonomiske Vanskeligheder eller noget andet.” Meir om Martin Ulvestad i tidlegare innlegg på bloggen.



Alfabetisk oversyn

Generelt Posted on Wed, April 01, 2015 20:54:54

Johann Folkestad har oppretta ein artikkel på lokahistoriewiki med eit alfabetisk oversyn over utvandrarar frå Volda. Artikkelen heiter Utvandring frå Volda:

http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Utvandring_fr%C3%A5_Volda

Eit flott tiltak og eit viktig arbeid som me ser fram til å fylgje med på vidare. Folkestad kan også presentere fleire avisartiklar om emnet. Nedanfor ser me eit døme på eit slikt stykke som har stått i Møre.



Mange til Sør-Afrika

Frå Dalsbygda Posted on Fri, December 05, 2014 20:34:06

Frå Dalsbygda er det registrert totalt 45 personar som utvandra. Av desse var det 10 som drog til Natal i Sør-Afrika. Det vi seie at 22,2 % av dei utvandra drog dit. Dette er eit døme på kor viktig dette reisemålet var for enkelte bygder. Fort Williams- området i Ontario, Canada er også eit område som peikar seg ut med 9 registreringar. Flest registreringar har emigrantane frå Dalsbygda i Minnesota med 16 treff.

Dei to kvinnene fremst er Ragnhild til høgre og Martha til venstre, opphavleg frå Øvstegarden, Lillebø, Dalsbygda, men utvandra til Sør-Afrika i 1882. Begge etterlot seg ei talrik ætt. Ragnhild fekk mellom anna 3 tvillingpar. Martha var stedottera til Ragnhild.



Då 10 menn forlot Dalsfjorden

Frå Dravlausbygda Posted on Mon, December 01, 2014 22:24:40

Frå Sivert Reite og Gunhild Nordvik Reite har me fått kopi av eit brev som har kome til rette på Instereitane. Det omhandlar den tårevåte avskjeden då 10 menn frå Dalsfjorden sette kursen mot Amerika. Brevet er ført i pennen av Rasmus, (1860-1947) brukar av Instereitane, som i brev til dottera Elina, fortel, om korleis det var då sonen Sivert og dei andre skulle reise til Amerika. Kvelden før var det samling på skulestova i Dravlausbygda. “Saa skulde først de som skulde reise sette sig til Bordet og beværtes …… og siden de andre og de skulde betale etter som de vilde. Det var en alvorlig kvælsstund for det blir alvorligt naar man skjilles med sine kjære og kanske ikke mer sees i dette liv….. Fredagskvelden gikk de om bord i Møringen paa Løvik der var saa meget folk at jeg tror ikke der har vært saa meget før.”

Brevet er ikkje datert, men ser me i Emigrantar over Ålesund på Digitalarkivet så ser me at i mars 1910 er det fleire dalsfjordingar som er registrerte i lag med Sivert Elias Ananias R. Reite 12. mars 1910: Hans Johan Eliassen Lyngnæs, Samund Hansen Lyngnæs, Peder (Per) Johannes L. Løvik, Ingvald Olai Olsen Drabløs, Knut Sigvald Andreas S. Drabløs Lillebø, Knut Bertinus Sigvald Ø. Hjelle, Torbjørn Olai Eliassen Skrubbenæs, Anders Martinus S. Torvik og Knut Andreas Rasmussen Nødvig. Dessutan er Lars Olai Sivertsen Koppen registrert 31. mars og Erik Danielsen Aasebø 7. mars.

“Saa bad vi da farvel og naar vi reiste fra kaien da stod der alle disse, de var i alt 10 tenk – og svingede med sine tørkleder og vi ligeledes til dem — O at vi maatte samles igjen !”

I brevet kjem det også fram at broren til Sivert; Johannes, allereie er etablert i Amerika “vi fikk penger og brev fra Johannes fredag, han lever væl”.

Det var avskjedsmarkering i skulestova, kvelden før dei drog. Midt på bildet ser me denne fyrste skulen i Dravlausbygda, som låg nede ved Gardaelva.



Martin Ulvestad vender heim

Frå Ulvestadbygda Posted on Sun, November 30, 2014 21:47:43

Det har lukkast redaksjonen å få tak i Nordmændene i Amerika. Dette var hovudverket til Martin Ulvestad (1865-1942). Verket består av 2 band på til saman over 1500 sider og er eit resultat av det arbeidet Ulvestad la ned med å registrere nordmenn i Amerika. Eller sagt som han sjølv formulerte det: “Nordmændene i Amerika. Deres Historie og Rekord. Bidrag til og Bindeled mellom Norges Historie og Nord Amerikas – De Forenede Staters i særdeleshed”. Band 1 kom ut i 1907. Band 2 i 1913. Viss det er nokon som vil ta ein titt på verket, så kan underteikna kontaktast. Av andre utgjevingar har me også i hende: Engelsk-Dansk-Norsk Ordbok 1895 og Norge i Amerika 1901. Det vert jobba med å bringe heim i fleire av den utvandra ulvestadbygdingens bøker.



Amerikabrev

Generelt Posted on Fri, November 28, 2014 22:27:11

Brev frå Amerika var stor stas for familien heime. Men brev heimanfrå var like viktig for utvandrarane. Korrespondansen mellom emigrantane og famillie og vener betydde mykje i ei tid då det verken fanst telefon eller internett og ei reise mellom kontinenta tok over ei veke.
Ikkje minst er slike brev av stor historisk verdi for å forstå tida dei levde i. Nok ein gong har redaksjonen motteke ei rekke brev. Det er Solveig Tømmerbakk som har lånt ut ein del brev ho har arva. Bestemora, Gunhild Reite, brevveksla ofte med brørne sine; Knut, Peder og Ole Reite. Dei var både i California og British Columbia. Slike brev gjev utvandrarane ei stemme. Det er nesten som me kan høyre dei får nytt liv.



« PreviousNext »